Rektoratet møtte administrasjonen

Rektor Svein Stølen og viserektorane Åse Gornitzka og Per Morten Sandset møtte dei tilsette i sentraladministrasjonen i formiddag. – Det pålagde effektiviseringskuttet frå regjeringa er urettferdig, meinte Svein Stølen.

MØTTE LOS-TILSETTE:  Rektoratet møtte dei tilsette i LOS, UiO: Leiinga og støtteeiningar i formiddag. Frå venstre rektor Svein Stølen, viserektor Per Morten Sandset og viserektor Åse Gornitzka.

Foto: Martin Toft

Over 300 personar var samla i auditorium 1 i Georg Sverdrups hus då rektoratet med rektor Svein Stølen i brodden presenterte seg for dei som arbeider i Sentraladministrasjonen, i dag under namnet  UiO: Leiinga og støtteeiningar (LOS). Bortsett frå prorektor Gro Bjørnerud Mo, var heile rektoratet på plass.

Rektor Svein Stølen var opptatt av å visa kva rektoratet hadde vore med på så langt, sidan dei inntok makta sine korridorar i Lucy Smiths hus den 1. august.

– Akkurat no har me vore opptekne av å visa oss fram, smilte Svein Stølen.  Så viste han fram bilete av møtet med samfunnstoppane og møtet med Oslo kommune.

– Noregs beste universitet

– Universitetet i Oslo er Noregs beste universitet, og sjølv om mange reagerte negativt då forgjengaren min Ole Petter Ottersen sa det, er det sanninga. Me er også med i alliansen av europeiske forskingsuniversitet The Guild, som det einaste norske universitetet, understreka han.

Konkretiserer prioriteringar i februar

Han bad dei som var til stades om å sjå fram til møtet i universitetsstyret i februar. – Då vil me konkretisera tiltak og prioriteringar. Me skal satsa på eit fellesskap for utdanning, forskingskvalitet og UiOs samspel med samfunnet. Dessutan skal me han ein heilskapleg personalpolitikk, lova han.  

– Opptekne av samfunnet rundt oss

Stølen viste også til fleire avisoppslag der han har lagt fram ynske om kva som bør skje med NRK-tomta, dersom NRK flyttar frå Marienlyst.

– Det speglar av interessa vår for universitetsbyen Oslo. For oss er det viktig at Blindern ikkje blir omkransa berre av bustader. Me vil ha studentbustader, kafear og andre aktivitetar. Ein grunn til at det er heller få bedrifter i nærleiken av Forskingsparken, kan vera at det ikkje er noko særleg liv der etter klokka 16.00. Så sjølv om me jobbar på eigne vegner, er me også opptekne av samfunnet rundt oss, sa Svein Stølen.

Han peika på at dei også var i gang med å utforma ein politikk for rekruttering av studentar og tilsette. UiO-rektoren lyfta også opp planane for eit framtidig vikingtidsmuseum på Bygdøy.

Stilte kritisk spørsmål

Då det blei høve til å stilla spørsmål frå salen, greip stadnamnsgranskar Frode Korslund høvet til å stilla eit målretta, kritisk spørsmål til rektoratet:

– De vil gjerne ta vare på vikingskipa, men de ynskjer ikkje forsking på språket deira, norske stadnamn eller å ha ordboksamlingar her. Dei vil de heller senda til Universitetet i Bergen. Kvifor? spurde han.

Svein Stølen meinte han ikkje kunne svara på det. – Det er eit spørsmål du må stilla til dekanen på Det humanistiske fakultetet, understreka han.

Vil verna undervisninga og forskinga

Stølen tykte elles det var leitt at det framleis er mange som har mellombelse stillingar på UiO.

– Me må gå saman og finna eit felles verdigrunnlag som me kan byggja på. Effektiviseringskuttet som regjeringa har pålagt alle institusjonane og som er likt for alle, er ikkje rettferdig. Me må først og fremst verna undervisninga og forskinga, meinte Svein Stølen.

LYTTAR: Dei tilsette i sentraladministrasjonen lyttar til bodskapen frå rektoratet. (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: Arbeidsforhold. Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. okt. 2017 17:12 - Sist endra 10. okt. 2017 17:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere