Nemko-bygningen må jamnast med jorda for å gi plass til klinikkbygg

– Nemko-bygningen må truleg rivast for å gi plass til nytt klinikkbygg for Det odontologiske fakultetet. Det stadfestar eigedomsdirektør John Skogen på UiO overfor Uniforum.

NYTTA FORKJØPSRETTEN: – Sidan staten har forkjøpsrett, kunne me gå inn og kjøpa bygningen for den same summen som det private selskapet hadde tilbydd, altså 306 millionar kroner. Dermed hadde me også ei tomt klar for eit nytt klinikkbygg for odontologi, fortel eigedomsdirektør John Skogen om korleis UiO fekk kloa i Nemko-bygningen.

Foto: Ola Sæther

I dag held Senter for tverrfagleg kjønnsforsking til i to etasjar av Nemko-bygningen. I andre delar av bygningen held forskingsgrupper frå Det humanistiske fakultetet og delar av Rettsmedisinsk institutt til. Dessutan har framleis ei stor gruppe Nemko-tilsette sin daglege arbeidsplass i bygningen. Og Uniforum-redaksjonen har også lokala sine i denne bygningen i Gaustadalleen 30. Før 2021 må alle finna seg ein annan stad å vera. Då begynner truleg arbeidet med å reisa eit nytt klinikkbygg for odontologi.

– Ved å riva Nemko-bygningen blir det ekstra plass på tomta. Den kan brukast til å byggja ein bygning som blir finansiert av leigeinntektene frå denne, seier eigedomsdirektør John Skogen.

          • Les også: Nemko-bygningen kan måtta vika plass for nytt klinikkbygg for OD

          • Les også: Kunnskapsdepartementet avgjer riving eller rehabilitering av Nemko-bygningen

Fakta om OD og nytt klinikkbygg:

OD er landets største fagmiljø for tannhelsefag med ca. 470 studentar og 450 tilsette. Fakultetet utdannar tannpleiarar, tannlegar, tannlege­spesialistar og forskarar.

Fakultetet gjennomfører 55 000 pasientkonsultasjonar kvart år som ein del av undervisning. OD står for størstedelen av norsk forsking på feltet. Når nytt klinikkbygg er ferdig kan det gjennomførast 75 000 konsultasjonar.

Det nye bygget vil samla tannhelsefagmiljøa i Oslo. Tannteknikar­utdanninga skal overførast frå Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) til UiO. I tillegg vil Tannhelse­tjenestens kompetansesenter Øst (TKØ) samlokaliserast med OD. Også «Ferdighetssenteret» skal flyttast frå Domus Medica tilbygg til det nye klinikkbygget.  I tillegg skal fakultetsadministrasjonen inn. Til saman vil fire klinikkar få plass. Bygget skal også husa eit tannteknisk laboratorium drive av eit privat firma. Nytt klinikkbygg vil truleg kosta mellom 1,5 milliardar og 2 milliardar kroner. (Kjelder: Det odontologiske fakultetet, Uniforum, Eigedomsavdelinga, UiO og Rom og funksjonsprogram for nytt klinikkbygg)

Tildelt 10 millionar

I framlegget til statsbudsjett for 2018 kom regjeringa med ei løyving på 10 millionar kroner til å laga eit forprosjekt for eit planlagt nybygg for klinikkane til Det odontologiske fakultetet. Pengane går til Statsbygg som skal bruka dei til mellom anna å organisera ein plan- og designkonkurranse.

– Dette er den aller første løyvinga til dette byggjeprosjektet. Slik har også andre store byggjeprosjekt ved UiO kome i gang, først med pengar til eit forprosjekt før dei etter kvart får ei startløyving som inneber at det blir gitt klarsignal for å setja i gang med å byggja. Det gjeld både for Vikingtidsmuseet på Bygdøy, Utstillingsveksthuset på Tøyen og for Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen, fortel eigedomsdirektør John Skogen.

     • Les også: Odontologi kan få nybygg i Gaustadbekkdalen

     • Les også: Vil ha nytt odontologibygg på Gaustad

Bygningen kan vera innflyttingsklar i 2025

Det tar likevel lang tid før dei første 10 millionar kronene no blir løyvde, og fram til det står eit nytt klinikkbygg på tomta til dagens Nemko-bygning. Først skal byggherren Statsbygg på vegner av Kunnskapsdepartementet lysa ut ein eigen plan- og designkonkurranse. Truleg vil det skje i løpet av våren 2018. Så vil Statsbygg i samarbeid med Det odontologiske fakultetet koma fram til korleis bygget skal brukast. Og når det er gjort, vil plan- og designskissa med rom- og funksjonsprogram bli send over til eit eksternt firma til ei såkalla KS 2-vurdering. Når den jobben er gjort, blir vurderinga deira av bygget send over til Finansdepartementet. Så går det vidare til regjeringa, som då vil avgjera om det skal setjast av ei startløyving til prosjektet på framlegget til statsbudsjettet for 2021. Om det skjer, trur eigedomsdirektør John Skogen at byggjeprosjektet kan bli sett i gang i 2022 og klinikkbygget vera klart til innflytting i 2025.

Nytta forkjøpsretten for å få tomta

John Skogen er nøgd med at kongstanken då Universitetet i Oslo bestemte seg for å kjøpa Nemko-bygningen i 2015, no ser ut til å bli realisert. – Nemko var allereie i ferd med å selja tomta til eigedomsselskapet Asplan/Ramm. Sidan staten har forkjøpsrett, kunne me gå inn og kjøpa bygningen for den same summen som det private selskapet hadde tilbydd, altså 306 millionar kroner. Dermed hadde me også ei tomt klar for eit nytt klinikkbygg for odontologi, fortel John Skogen.

        • Les også: UiO kjøper Nemko-bygningene for 305 millioner kroner

Odontologi må dela hus med fleire

I dei opphavlege planane for det nye klinikkbygget var det berre fagmiljøa ved Det odontologiske fakultetet som skulle inn. Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har i møte med Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo, Tannteknikarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus, som blir overført til UiO, og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Øst, gjort det klart at det må bli rom for fleire. Alle desse aktørane skal derfor inn i det framtidige nybygget. Det skal også «Ferdighetssenteret» som blei etablert i Domus Medica tilbygg i 2012. Der vil dei også få selskap av Tannteknikarutdanninga, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Øst, Institutt for klinisk odontologi og fakultetsadministrasjonen. Institutt for oral biologi skal halda fram med å vera i Domus Odontologica på Gaustad. Det går fram av Rom- og funksjonsprogrammet for nytt klinikkbygg, som Uniforum har gått gjennom.

Fire klinikkar får plass

Bygningen skal husa fire klinikkar; ein vaksenklinikk, ein barneklinikk, ein spesialistklinikk og ein diagnostikk-klinikk. I dag blir det behandla 55 000 pasientar årleg på fakultetsklinikkane. I det nye klinikkbygget vil odontologi saman med Tannhelsetjenestens kompetansesenter Øst til saman behandla 75 000 pasientar årleg. Dei som skal ha sin daglege arbeidsplass i klinikkbygget, skal også nytta fleire funksjonar i det planlagde Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen. Der vil dei finna kantina dei skal til i lunsjpausen, samtidig som dei også skal ha felles læringssenter og spesialrom i samband med laboratoria. Det er også sett av areal for eit tannteknisk laboratorium til eit privat tannteknisk firma som etter ein tilbodsrunde får høve til å levera tanntekniske produkt til OD og TKØ. Det vil også ha plikt til å delta i undervisninga, går det fram av eit brev universitetsdirektøren har sendt til Kunnskapsdepartementet.

Samla nettoareal for bygget er no 11 541 kvadratmeter, medan bruttoarealet vil vera på 21 200 kvadratmeter.

MÅ TRULEG RIVAST: Nemko-bygningen i Gaustadalleen 30 må truleg rivast for å gi plass til nytt klinikkbygg for odontologi. Om alt går etter planen, kan det stå klart i 2025. (Foto: Ola Sæther)

Vil kosta nærare to milliardar

Og dei som held til i Nemko-bygningen i dag, må altså gjera seg klare til å flytta rundt 2021.

– Men var det naudsynt å lata Tannhelsetjenestens kompetansesenter Øst, Tannteknikarutdanninga og eit privat tannteknisk firma også få plass i den framtidige klinikkbygningen?

– Ja, det var ein premiss frå regjeringa, så der var det ingenting å gå på, fortel eigedomsdirektør John Skogen. Det er assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen som leier hovudbrukargruppa for nytt klinikkbygg ved UiO.  

– Veit du kor mykje den nye klinikkbygningen vil kosta?

– Dei meir sikre kostnadskalkylane vil koma i rapporten Oppstart forprosjekt (OFP), som me håpar skal bli ferdig i løpet av året. Eg reknar med at byggjekostnadene, utanom tomt, utstyr og inventar, vil koma på mellom 1,5 milliardar og 2 milliardar kroner, opplyser John Skogen til Uniforum.

UTVIKLINGSIDÈ: Slik kan det nye klinikkbygget til Det odontologiske fakultetet sjå ut, når det er ferdig utbygt på tomta der Nemko-bygningen i dag står i Gaustadalleen 30. (Illustrasjon: Statsbygg/Lerche arkitekter AS)

 

Her kan du sjå fleire vinklar av utviklingsidéen for det nye klinikkbygget 

 

 

 

Emneord: Odontologi, Universitetspolitikk, Bygninger, byggeprosjekter Av Martin Toft
Publisert 31. okt. 2017 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere