Henrik Asheim held lovnaden om 50 millionar til livsvitskapsbygg

Regjeringa stadfestar budsjettlekkasjen frå kunnskapsministeren om at den løyver 50 millionar til livsvitskapsbygg på UiO. Det går fram av forslaget til statsbudsjett for 2018.

NØGD STATSRÅD: Fungerande kunnskapsminister Henrik Asheim er nøgd med at han klarte å halda lovnaden til Torbjørn Røe Isaksen, som han er vikar for, om å gi ei startløyving på 50 millionar kroner til nytt livsvitskapsbygg på Universitetet I Oslo.

Foto: Martin Toft

- Det er ein stor dag for Universitetet I Oslo. Ja, for heile forskings-Noreg, seier rektor Svein Stølen til Uniforum. Også fungerande kunnskapsminister Henrik Asheim er glad for at det blei plass til den løyvinga på Kunnskapsdepartementets budsjettforslag. - Men det skal kosta 6,8 milliardar, så det er langt fram, seier Asheim til Uniforum. 

I FULL FART: Finansminister Siv Jensen i full fart opp trappa til Stortingets vandrehall for å presentera forslaget til statsbudsjett for 2018. (Foto: Martin Toft)

Det er nok liten tvil om at det var den endelege stadfestinga av det nyhendet som gjorde at UiO-rektor Svein Stølen truleg var den som strålte mest i Stortingets vandrehall i dag.

– Eit godt budsjett

– Det er 50 millionar i første omgang, men det  blir faktisk 6,8 milliardar kroner til saman når livsvitskapsbygget skal stå ferdig i 2023/34. Derfor er eg sikker på at heile kunnskapssektoren kan gleda seg med Universitetet i Oslo i dag. Det er den store hovudmeldinga.  Om me går eitt steg vidare, så har ein også når det gjeld langtidsplanen frå Kunnskapsdepartementet si side i stor grad, så me bør anerkjenna at det er eit godt budsjett, sjølv om det reint realmessig er litt lågare enn i fjor, men likevel eit godt budsjett, seier Svein Stølen til Uniforum.

GODT BUDSJETT: – Me bør anerkjenna at det er eit godt budsjett, sjølv om det reint realmessig er litt lågare enn i fjor, seier UiO-rektor Svein Stølen.(Foto: Martin Toft)

Etterlyser oppfylging av Humaniora-meldinga

Det er likevel to manglar i budsjettet som rektor Svein Stølen gjerne hadde sett hadde vore på plass.

– Det viktigaste er det me no har spelt inn til langtidsplanen for forsking også, nemleg at Humaniora-meldinga må fylgjast opp. Me lever i ei verd der tillit er ei utfordring. Det ser me globalt i forholdet mellom makthavarar og innbyggjarar. Det er overraskande at regjeringa ikkje fokuserer meir på den delen. Sjølvsagt må dei gjerne putta humaniora inn i mogleggjerande teknologiar, men, ærleg talt, om me ikkje har eit stabilt samfunn, er det ikkje så interessant kva me gjer på teknologi- og næringslivssida. Difor må me jobba med utviklinga av samfunnet, og då er humaniora og samfunnsfag ekstremt viktig. Me saknar ei oppfylging av Humaniora-meldinga, understrekar Svein Stølen.

Han har likevel ikkje gitt opp håpet om at det blir ei auka satsing på dette området.  – Då ventar me at det kjem anten i revidert eller i budsjettforhandlingane eller til neste år då me kjører dette kraftig inn i samband med langtidsplanen for høgare utdanning og forsking, lovar han. 

Saknar meir pengar til vedlikehald

Det andre området han saknar ei større satsing på ,er vedlikehaldet av bygningane til universitets- og høgskulesektoren.

– Vedlikehaldsetterslepet er svært stort, og den summen som er sett av til det, er altfor liten. Og dei har ikkje noko godt svar på korleis dei skal hjelpa sektoren med å modernisera bygningane. Det er svært viktig om det skal bli kultur for kvalitet i stortingsmeldinga om studiekvalitet, slår Svein Stølen fast overfor Uniforum.

I tillegg til ei samla løyving på 50 millionar kroner til livsvitskapsbygget, blir det også løyvd pengar til andre byggjeprosjekt på Universitetet i Oslo.

Prosjekteringa av Vikingtidsmuseet får 15,5 millionar, medan prosjektering av nytt klinikkbygg for odontologi får 10 millionar kroner.

Lovar 600 millionar ekstra

I pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet går det fram at Regjeringa vil ha meir og betre forsking for å skapa framtidsretta jobbar. Den foreslår å auka løyvingane til oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning med 600 millionar kroner i 2018. Løyvingane til forsking og utvikling (FoU) aukar med om lag 300 millionar kroner og utgjer 1,04 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP).

Med forslaget til statsbudsjett for 2018 vil løyvingane til dei varsla opptrappingane og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen ha auka med totalt 2,9 milliardar kroner i perioden 2015–18. Realveksten i perioden 2013–18 har i snitt vore 3,0 prosent per år til forsking og utvikling (FoU), og løyvingane utgjer 1,04 prosent av BNP i 2018.

      • Les heile budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet.

Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, gir forslaget til statsbudsjett for 2018 godt skussmål.

– Det er ein reell vekst for forsking og universitets- og høgskulesektoren sett i lys av lønn og pris. Det er ei styrking av ordninga med senter for framifrå forsking og toppforsking. Dessutan er det ei styrking av infrastrukturprogrammet til Forskingsrådet. Det er godt nytt.  Men det som ikkje er så bra er at oppfylginga av Humaniora-meldinga glimrar med sitt fråvær. Det er til dømes ingenting på budsjettforslaget til ein fire år lang bachelor i språkfag, seier ein lettare vonbroten Dag Rune Olsen. 

MANGLAR OPPFYLGING: – Det som ikkje er så bra er at oppfylginga av Humaniora-meldinga glimrar med sitt fråvær, seier rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen. Her står han saman med dei to rådgjevarane Rune Indrøy (t.v.) og Ingar Myking. (Foto: Martin Toft)

Han ser likevel eit lite håp om at det kan bli meir til humaniora. – Forskingsrådet er budsjettvinnaren, og så får me sjå kva Forskingsrådet  legg opp til når dei skal laga ein ny pilar for humaniora og samfunnsvitskaplege fag.  No finst det mange parti på Stortinget som truleg har eit anna syn på det. Så eg håpar verkeleg at dei kjenner si besøkstid no. seier Dag Rune Olsen til Uniforum.   

Får ein reduksjon på 30 millionar

Administrerande direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet går ikkje med på at dei er budsjettvinnarane. 

– Det er nok  ei misforståing. Det har vore vesentlege tekniske flyttingar på statsbudsjettet for i år, og det handlar om at me samlar verksemdsbudsjettet vårt, det vil seia det som det kostar å driva Forskingsrådet som organisasjon, på ein post.  Dermed framstår det reint teknisk som ein vekst, men for organisasjonen vår, vil det faktisk seia ein reduksjon på 30 millionar kroner. Det er eit vesentleg kutt, som vil føra til tøffare effektiviseringstiltak i Forskingsrådet, varslar han. 

IKKJE NØGDE: – Totalt har det vore ein realnedgang i forsking frå 1,05 prosent til 1,04 av bruttonasjonalproduktet. Det kan me ikkje vera nøgde med, seier adm. direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet. (Foto: Martin Toft)

Røttingen er likevel mest opptatt av korleis det går med forskinga. – Eg synest det er positivt at regjeringa leverer på dei konkrete opptrappingsplanane i langtidsplanen, først og fremst på e-mobilisering og forskingsinfrastruktur. Men dei leverer ikkje på breidda i langtidsplanen. Me ser ikkje den same naudsynte veksten og satsinga på omstilling og ein betre offentleg sektor og forsking som skal leggja til rette for det. Dessutan har vekst knytt til fleire næringsområde, ikkje vore det me hadde håpa på. Totalt har det vore ein realnedgang i forsking frå 1,05 prosent til 1,04 av bruttonasjonalproduktet. Det kan me ikkje vera nøgde med, seier Røttingen til Uniforum. 

Fullfører opptrappinga i langtidsplanen

Pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet peikar på at i 2014 la regjeringa fram Noregs første langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Den stakar ut kursen fram mot 2024, og har konkrete planar for opptrapping på viktige område. Langtidsplanen har tydelege prioriteringar for kor veksten i offentlege løyvingar til forsking skal koma  i dei næraste åra.

Ifylgje pressemeldinga foreslår regjeringa at  ein del av dei 600 millionar kronene skal gå til å auka  løyvingane til forskingsinfrastruktur med 175 millionar kroner, og 79 millionar kroner til å stimulera til større deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Vidare vil regjeringa bruka om lag 350 millionar kroner til å styrkja dei seks langsiktige prioriteringane i langtidsplanen. Desse er «Hav», «Eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv», «Verdsleiande fagmiljø», «Mogleggjerande teknologiar», «Klima, miljø og miljøvennleg energi» og «Fornying i offentlig sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester», går det fram av pressemeldinga.

– Med dette budsjettet fullfører regjeringa planane om opptrapping i langtidsplanen. Sidan 2015 har det gitt oss 557 nye forskarstillingar, 400 millionar kroner til vitskapleg utstyr og 400 millionar kroner til større deltaking i forskingssamarbeidet i EU, seier fungerande kunnskapsminister Henrik Asheim i ei pressemelding. 

Fylgjer opp lovnaden til Torbjørn Røe Isaksen

Sidan 15. september har han vikariert for kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. No er han svært glad for forslaget til statsbudsjett for 2018 som han legg fram for kunnskapssektoren.

– Eg er veldig nøgd med dette budsjettforslaget. Dette er jo totalt eit strammare statsbudsjett, derfor er det positivt at utdanningssektoren, høgare utdanning og forsking opprettheld eit så høgt nivå som det gjer. Dette er eit budsjett som sikrar betre kvalitet og ikkje minst at me styrkjer både fagskulane og forsking, seier Henrik Asheim til Uniforum. 

Han held altså lovnaden som Torbjørn Røe Isaksen kom me før stortingsvalet om å setja av ei startløyving på 50 millionar kroner til nytt livsvitskapsbygg på UiO. Han trur at det ikkje blir vanskeleg å få gjennomslag for dette forslaget i Stortinget.

– Nei. Det er også eit ledd i den langtidsplanen me har at me skal få dette bygget på plass.  Kostnaden for heile bygget er på 6,8 milliardar kroner, så dette er ein start. Men eg trur dette er eit veldig godt nyhende også for Universitetet i Oslo, seier Henrik Asheim. 

Fleire universitetsrektorar etterlyser meir pengar til oppfylging av Humaniora-meldinga på forslaget til statsbudsjett for 2018. Henrik Asheim avdramatiserer det.    – Grunnen til at det ikkje er meir, skuldast måten budsjetta blir laga på. Først har me ein mars-konferanse der me spelar inn til budsjetta. Humaniora-meldinga blei vedtatt etter det. Dette er noko me skal ha med oss når me skal laga nye budsjett i fire år til. Så det har litt å gjera når meldinga blei vedtatt og når statsbudsjettet blei laga.

Avviser realnedgang for forsking

– Forskingsrådets direktør Jon Arne Røttingen meiner at løyvingane til forsking har gått ned fordi forsking i budsjettet er gått ned med 0,01 prosent i bruttonasjonalproduktet. Kva seier du til det?

– Det er eg heilt ueinig i. Grunnen til at den går ned, er at me har fått ferdig eit forskingsskip. I fjor blei det brukt 800 millionar kroner på å gjera skipet ferdig. No flyt det, og no skal det snart brukast til forsking.  For norsk forsking er det viktigare å ha eit skip som flyt og som driv forsking enn eit skip som er i tørrdokk, seier Asheim til Uniforum. 

– Opprettheld trykket på bygging av studentbustader

Når det gjeld kritikken frå Norsk studentorganisasjon for at regjeringa vil byggja 300 færre studentbustader enn det som står på statstbudsjettet for 2017, tar han ikkje den så tungt.

– Det me gjer i forslaget til statsbudsjett for 2018, er at me føreslår at det blir bygt 2200 nye studentbustader. Det talet er likt med det regjeringa kom med framlegg om i statsbudsjettet for 2017. I revidert blei det talet auka med 300, slik at det enda opp med at me skulle byggja 2500 studentbustader i 2017. For oss er det viktig at det blir halda oppe eit nivå og eit trykk på bygging av studentbustader på 2200 i året. I løpet av fire år har denne regjeringa bygt dobbelt så mange studentbustader som den førre regjeringa gjorde på åtte. Me held trykket oppe, og eg forstår godt at studentane vil ha endå fleire studentbustader, understrekar han.

Henrik Asheim har stor tru på at forslaget til statsbudsjett for kunnskapssektoren vil gå gjennom i Stortinget.

– Eg er sikker på at heile den delen av budsjettet vil få brei støtte av alle dei borgarlege partia i Stortinget, seier Asheim.

– Glad for satsing på yrkesfaglærarutdanninga

Rektor Curt Rice ved Høgskolen i Oslo og Akershus er glad for satsinga på yrkesfaglærarutdanninga i forslaget til statsbudsjett for 2018.

REALVEKST: – Me får ein realvekst på bortimot 3 prosent. Det heng saman med satsinga på yrkesfaglærarutdanninga. Derfor kan eg førebels seia meg nøgd, seier rektor Curt Rice ved Høgskolen i Oslo og Akershus. (Foto: Martin Toft)

– Eg synest regjeringa legg fram eit godt budsjett for sektoren og eit godt budsjett for Høgskolen i Oslo og Akershus. Me får ein realvekst på bortimot 3 prosent. Det heng saman med satsinga på yrkesfaglærarutdanninga. Dette er ei kjempeviktig satsing med tanke på at over halvparten av elevane i den vidaregåande skulen, vel yrkesfagleg linje. I tillegg får me fullfinansiering av ein del IKT-plassar. Derfor kan eg førebels seia meg nøgd, og så er sjølsagt svært spent på dei forhandlingane som skal gjennomførast med støttepartia og Stortinget, seier Curt Rice til Uniforum.

Også NTNU-rektor Gunnar Bovim er nøgd med budsjettforslaget.

- Regjeringa fullfører investeringane i vitskapleg utstyr, dei fylgjer opp i forhold til Horisont 2020. At dei fylgjer opp langtidsplanen er veldig viktig for landet, seier Gunnar Bovim ifylgje Universitetsavisa.

Også på vegner av eigen institusjon er rektoren tilfreds.

-Me får ein realauke i budsjettet vårt på om lag ein prosent, som tilseier at me får det me hadde håpa på. Me får studieplassar og pengar til campusprosjektet som me ynskte å få. Det er bra, slår Bovim fast.

– Ser ikkje tydelege ambisjonar

Ikkje heilt uventa er det ikkje så stor velvilje overfor budsjettforslaget til regjeringa frå opposisjonspartia på Stortinget. Stortingsrepresentant Martin Henriksen er fraksjonsleiar for Arbeidarpartiet i Utdannings- og forskingskomiteen.Han synest ikkje regjeringa har grunn til å vera stolt av forslaget til statsbudsjett for høgare utdanning og forsking for 2018.

– Det er vanskeleg å sjå nokre tydelege ambisjonar for høgare utdanning og forsking i dette budsjettet. Regjeringa sine lovnader frå valkampen må me nesten bruka lupe for å finna. Det er nesten ingen nye studieplassar, og det er ein liten nedgang i bygginga av studentbustader, men at det er ein realnedgang i forskingsinnsatsen, det meiner me signaliserer at denne regjeringa er i ferd med å ta eit kvileskjer på forskingssida, meiner han.  

– Det er klart at det ligg inne at forskingsskipet «Haakon Magnus» er eit avslutta prosjekt, men når ein tar ut eit sånt prosjekt, og det gjer at ein går frå pluss til minus på forskingsinnsatsen, så meiner eg at det ikkje signaliserer nokre auka visjonar, konstaterer han. 

GÅR UTOVER KVALITETEN: – Effektiviseringskuttet som er lagt på sektoren dei siste fem åra, har snart kome opp i nærare ein milliard kroner. Me må ta på alvor det folk frå sektoren sjølv seier om at det går utover kvaliteten på forsking og utdanning, seier stortingsrepresentant Martin Henriksen. Han er fraksjonsleiar for Arbeidarpartiet i Utdannings- og forskingskomiteen. (Foto: Martin Toft)

Tidlegare han universitetsrektorane kravd at regjeringa fjernar effektiviseringskuttet for universitet og høgskular.  Martin Henriksen peikar på at det framleis ligg inne i budsjettforslaget. 

– Effektiviseringskuttet som er lagt på sektoren dei siste fem åra, har snart kome opp i nærare ein milliard kroner. Me må ta på alvor det folk frå sektoren sjølv seier om at det går utover kvaliteten på forsking og utdanning.

– Trur du det er mogleg å endra det endelege budsjettforslaget før det skal vedtakast av Stortinget i desember?

– Me står klare til å søkja fleirtal for det me meiner er viktig. Det gjeld både å få fleire lærarar i grunnskulen, medan regjeringa legg opp til at talet på lærarar ikkje skal aukast. Dessutan gjeld det auka ambisjonar for forsking og høgare utdanning. Dersom Venstre og Kristeleg Folkeparti ynskjer å samarbeida med oss om det, står me klare. Vår erfaring med denne regjeringa er likevel  at det kan liggja nokre kutt godt gøymde i budsjettet.  Det skal me bruka dei neste dagane til å finna ut av, seier Martin Henriksen til Uniforum.

Misnøgde med innsatsen for studentbustader

Studentleiar Jens Lægreid og rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo er misnøgde med at regjeringa ikkje prioriterer studentbustader i statsbudsjettet.

–12 000 studentar stod utan bustad ved semesterstart 2017. Regjerings- og samarbeidspartia gjekk til val på å auka utbygginga av studentbustader, dette  blir ikkje innfridd i statsbudsjettet, slik det ligg føre, seier Jens Lægreid.

– Me er nøgde med at regjeringa held fram med opptrappinga til elleve månader lang studiestøtte, men vil jobba for at det endelege statsbudsjettet legg opp til at det blir bygt fleire studentbustader, seier Svein Stølen.

Vil ha katapultsenter

Også på Nærings- og fiskeridepartementet sitt forslag til budsjett for 2018, er det sett av pengar til forsking. 

Regjeringa foreslår i 2018 å løyva 100 millionar kroner til nye testsenter for næringslivet, såkalla katapultsenter. Her kan bedrifter og forskingsmiljø testa ut ideane sine og løysingar.

- Betre høve for testing kan hjeloa  fram nye industrielle suksessar og gi fleire bein å stå på for norsk økonomi, seier næringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.

Sentera vil vera ein slags "sløydsal for næringslivet", og er eitt av fleire tiltak for at Noreg skal være ein leiande industri- og teknologinasjon.

- Den teknologiske utviklinga skjer i ein rasande fart. Me foreslår derfor 30 millionar kroner til teknologiar som nanoteknologi, bioteknologi og IKT. Dei kan vise seg å bli så banebrytande at dei fører til store endringar i samfunnet, seier Mæland.

Vil realisera næringspotensialet i havet

Regjeringa vil styrkja Noreg sin profil som ein leiande havnasjon. Me vil ha meir kunnskap om nye marine artar og Arktis.

- I åra som kjem skal Noreg utvikla ny havbasert industri. I budsjettet foreslår vi derfor å løyva  pengar til å auka  den blå kunnskapen. Det skjer både ved å auka løyvinga til forsking, og ved å styrkja  forskingsmiljøa. Me har lagt fram ein havstrategi som skal bidra til å realisera næringspotensialet som ligg i havet, no følgjer me opp, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP) i ei pressemelding.

Regjeringa vil auka nnsatsen innanfor havbruksforsking og nye marine artar med 14 millionar kroner. Regjeringa foreslår også å løyve 11 millionar kroner til eit forskingstokt i Antarktis, setja av 5 millionar til eit senter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø, og løyva 10 millionar kroner til vidare utgreiing av samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet i eit nybygg i Bergen.

Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til Innovasjon Noreg med 10 millionar kroner for å styrkja Noreg sin profil som leiande havnasjon. Vidare foreslår regjeringa ei løyving på 30 millionar kroner til marine og maritime pilot- og demonstrasjonsprosjekt gjennom Innovasjon Noreg, står det i pressemeldinga frå Nærings- og fiskeridepartementet.

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 12. okt. 2017 11:49 - Sist endra 12. okt. 2017 17:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere