Dei protesterte mot meiningane til filosofistjerna Peter Singer

Representantar for Noregs Handikapforbunds Ungdom protesterte i dag mot filosofen Peter Singer før han skulle halda ex.phil.-førelesing i Chateau Neuf. Inne sat 800 personar for å høyra på.

ROLEG PROTEST: Representantar for Noregs Handikapforbunds Ungdom protesterte mot meiningane til filosofen Peter Singer. I rullestolen sit Ida Hauge Dignes, medan Marie Eriksen står til venstre.  Bak står folk i kø for å koma inn på førelesinga.

Foto: Ola Sæther

Den australske filosofen Peter Singer er blitt omdiskutert og berømt for å ha uttrykt at det er like etisk rett å ta livet av eit svært funksjonshemma barn like

Dette er Peter Singer:

- fødd i Melbourne, Australia i 1946 av jødiske foreldre som hadde flykta frå nazismen i Austerrike

- studerte filosofi ved universitetet i Melbourne og universitetet i Oxford.

- blei professor i filosofi ved Monash-universitetet i Melbourne i 1977 til han blei tilsett som professor ved universitetet i Princeton, USA i 1999.

- gjennombrotsverket hans var Animal Liberation (1975). Det blir rekna som manifest for moderne dyrevernstenking og aktivisme.

- i filosofien forsvarar han i dag hedonistisk utilitarisme.

- synet hans på kva som utgjer ein person, er grunnlaget for synspunkta hans på dyreetikk, abort og eutanasi.

(Kjelde: Store Norske leksikon)

etter fødselen, som å ta

ein abort. Han har også sagt at mange funksjonshemma ikkje vil få eit fullverdig liv. Men han er også kjent for å forsvara dyra sine rettar og kritiserer den religiøse oppfatninga av at mennesket er skapt i Guds bilete og for å herska over dyra. I dag heldt han ex.phil.-førelesing i Chateau Neuf i regi av Institutt for filosofi, idéhistorie, kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) ved UiO.

– Han veit ikkje korleis det er å vera funksjonshemma

Det er synspunkta til Peter Singer om menneskeverdet for funksjonshemma som har gjort han kontroversiell både i USA, der han arbeider som filosofiprofessor ved Princeton University, og i andre land. 

Det var difor fire representantar for Noregs Handikapforbunds Ungdom hadde samla seg for å protestera mot meiningane til Peter Singer. Ein av dei var Marie Karlsen,  historiestudent ved Universitetet i Oslo.

– Eg har også tatt ex.phil. og har lese skriftene hans. Eg kan gjerne vera moralsk etikar og seia at han ikkje veit korleis det er å vera funksjonshemma, sidan han ikkje er det.  Alle har problem i livet sitt,  men om biologien ikkje er perfekt, så er ikkje det eit argument for at funksjonshemma ikkje kan ha eit verdig liv. Me lever i 2017, og det skulle ikkje vera naudsynt å forsvara dei funksjonshemma sin eksistens, sa ho.

– Nyttar oss av retten til å ytra oss imot meiningane hans

Marie Karlsen og dei andre demonstrantane ville likevel ikkje hindra han i å ytra meiningane sine.

– Nei, me kan ikkje nekta han å koma hit, sidan tekstane hans også står på ex.phil.-pensumet, meinte ho. Også nestleiar i Noregs Handikapforbunds Ungdom  i Oslo, Ida Hauge Dignes fylgde opp kritikken av Peter Singer.

– Det er fint at han får høve til å ytra seg, men me nyttar oss også av høvet til å ytra oss imot meiningane hans, sa Hauger Dignes, som er student i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

800 tilhøyrarar på ei ex.phil.-førelesing

Utanfor Chateau Neuf samla det seg til slutt nærare 800 personar som ville inn og høyra på Peter Singer. Rundt klokka 14.30 kom han ut på scena i Storsalen for å halda ei førelesing om dyra sine rettar. 

 

FILOSOFISTJERNE:  Filosofen Peter Singer har stjernestatus  hos mange i det filosofiske fagmiljøet.  Då han heldt ei gjesteførelesing i ex.phil.  i dag, kom 800 personar for å høyra på han. (Foto: Ola Sæther)

– For over 40 år sidan skreiv eg ei bok der eg spurde om dyra hadde same verdi som mennesket. Har det skjedd noko utvikling i dette spørsmålet sidan den gongen? Eg gissar at det vil svara nei på det spørsmålet, sa han retorisk.

Med 800 tilhøyrarar klarte han i alle fall å setja semesterrekord i kor mange som deltok på ei førelesing i ex.phil. på UiO. Heile føredraget hans blei også strøymt  på oppdrag frå Det humanistiske fakultetet ved UiO. 

 

 

 

 

Emneord: Filosofi, Studentsaker, Etikk Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2017 16:36 - Sist endra 27. okt. 2017 16:38

Denne filosofens posisjon bygger på en ekstrem egoisme som rammer mennesket i sitt dypeste vesen og fører det bort fra sin sivilisatoriske bestemmelse. Han definerer «personen» som en med» bevissthet, selvkontroll, bevissthet om fortid og nåtid» og lukket om sine egne «interesser».  Dermed er ikke nyfødde eller mentalt handikappede personer i egentlig forstand ifølge Singers definisjon.  

Vi leser at han er blitt «berømt for å ha uttrykt at det er like etisk rett å ta livet av eit svært funksjonshemma barn like etter fødsel som å ta ein abort». Det er et svært aggressivt angrep på alle personer med funksjonshemminger og jeg har lyst til å anmelde filosofisk institutt og UIO på grunn av at de står som arrangør.

Filosofen prøver å nøytralisere drapsforbudet ved å viske ut skillet mellom dyr og mennesker, og splitte mennesker på bakgrunn av sykdommer og/eller hemninger. Han prøver å fjerne menneskets evne til å kjenne medfølelse ved synet av sykdom, svakhet og lidelse.  

Peter Singer meninger rammer de mest sårbare sidene ved menneskelivet, begynnelsen og slutten. Det er en svært destruktiv kraft som UIO bidrar til å spre. Slik vil UIO forlede ungdommen både ved dette arrangementet, men også ved å sette «stjernefilosofen» på pensum på ex-phil. Det er svært alvorlig.

Det er i møte med vår begrensning, vår sårbarhet og vår svakhet, at menneskeligheten fødes. I denne medfølelse og i dette medansvar tar kulturen og sivilisasjonen form.

Lektor Heidi Thorp Stakset

heist@webid.uio.no - 27. okt. 2017 23:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere