UiO-kollegaer markerte Per Fugellis dødsfall

– Per var både kollega og lærar og medarbeidar, samtidig som han var venn med alle desse. Det sa instituttleiar Nina K. Vøllestad, då ho i dag leidde eit minnesamvær på arbeidsplassen til Per Fugelli, Institutt for helse og samfunn, UiO.

EIT LYS FOR PER FUGELLI: Kollegaene ved Institutt for helse og samfunn, UiO heldt i formiddag ei minnestund for professor i sosialmedisin, Per Fugelli.

Foto: Ola Sæther

I går døydde Per Fugelli, 73 år gammal. Sidan 1992 var han professor i sosialmedisin ved Universitetet i Oslo. I formiddag heldt kollegaene hans på Institutt for helse og samfunn ved Det medisinske fakultetet på UiO, eit minnesamvær for han i kantina i Fredrik Holsts hus. Det blei leidd av instituttleiar  Nina K. Vøllestad, 

– Per Fugelli hadde ei personifisert stemme. Alle har eit forhold til han her og alle kan eit sitat av han. Han trefte som ingen andre, nerven i samfunnet. Eg vil seia at han er universitetssamfunnets mest kjente person, sa ho.  Nina mintest han også for hans mange andre gode eigenskapar. 

– Han var uredd og svært tydeleg. Sjølv om eg ikkje var den som kjente han best, kom han ofte bort til meg på kontoret for å fortelja ei historie til meg eller for å lesa opp eit dikt. For mange var han ein rollemodell. Studentane var glade i han, ... ja, han var ei rockestjerne etter at han hadde deltatt i fjernsynsprogrammet Trygdekontoret, konstaterte ho.

– Ein annan dimensjon verdiar

Etter hennar meining var dei verdiane Per Fugelli hadde trekt fram i det siste innlegget sitt i Aftenposten 6. august, det som kan kallast verkelege verdiar. 

– Desse verdiane var rettferd, tillit, å tilhøyra noko og fridom. Samanlikna med den nylege debatten om norske verdiar, er dette ein annan dimensjon. Han var opptatt av instituttet sitt ve og vel, slo ho fast.

– Elska av minst halve Noreg

Også professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk lærte Per Fugelli å kjenna. Han skildra han på denne måten: 

– Per var ein narraktig folkefiende elska av minst halve Noreg og respektert av svært mange fleire. Som narren hadde han mot og frimod nok til med poetiske og provoserande ord å synleggjera tabua i samfunnet vårt.

Minneseremoni

Familien til Per Fugelli har tatt kontakt med både media og kollegaer og gjort det klart at det ikkje blir noko offisiell gravferd. Derimot vil det bli ein minneseremoni om to til tre månader, opplyste nestleiar Jan Frich ved Institutt for helse og samfunn på Det medisinske fakultetet under minnesamværet  i formiddag. 

 • Les meir i Uniforum: Per Fugelli er død

                                    Fleire hundre ville ha resept på Per Fugellis livsvisdom

Emneord: Medisin, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 14. sep. 2017 17:14 - Sist endra 14. sep. 2017 17:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere