UiO best i Noreg i humanistiske fag

Universitetet i Oslo er best i Noreg i humanistiske fag. Det gir universitetet ein sjuandeplass i Norden og ein plass mellom 101 og 125 i verda.

TOPP 125:  UiO er mellom dei 100 og 125 beste universiteta i verda i humanistiske fag. Det syner ei rangering frå Times Higher Education. Biletet viser Det humanistiske fakultetet ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Det er Times Higher Education som har laga ei rangering over verdas beste universitet innanfor humanistiske fag. Lista er som vanleg dominert av amerikanske og britiske universitet, medan universitet utanfor den angloamerikanske verda hamnar eit stykke lenger nede på lista.

Helsinki best i Norden

I Norden er det Helsinki universitet som gjer det best med ein 57.-plass.  Deretter fylgjer Københavns Universitet, Århus Universitet, Lunds universitet,  Stockholms universitet og Uppsala universitet. Så kjem Universitetet i Oslo på ein sjuandeplass.  Av dei andre norske universiteta, finn me Universitetet i Bergen som nummer 157, medan Noregs arktiske universitet/UiT plasserer seg ein stad mellom nummer 201 og 250. Dermed slår verdas nordlegaste universitet NTNU, som endar på ein plass mellom 301 og 400.

USA og Storbritannia dominerer

På toppen av lista tronar Stanford University frå USA.  Dei to andre pallplassane blir inntatt av Massachusetts of Technology og Harvard University, også begge dei frå USA. På fjerdeplass kjem Oxford University, medan hovudrivalen University of Cambridge endar på femteplass, som den deler med University College London.  

I denne målinga er fylgjande fag vurderte: kunstfag, utøvande kunstartar, språk, historie, filosofi, teologi, arkitektur og arkeologi.

Kina markerer seg

For første gong er eit kinesisk universitet med blant dei 20 beste på ei rangering over universitet som gjer det best i humanistiske fag. Det gjeld Peking University som kjem på 17. plass. Tsingua University plasserer seg som nummer 50.

Redaktør Phil Baty i Times Higher Education meiner at det viser at universitet i Kina no også begynner å markera seg innanfor humanistiske fag, og ikkje berre innanfor naturvitskaplege og teknologiske fag, slik som har vore tilfellet fram til no. Han viser til at alle dei 400 universiteta som er med på rangeringa må vera godt nøgde.  

– Dei har alle vist framifrå resultat i undervisning, forsking, kunnskapsoverføring og internasjonalt omdøme, konstaterer Phil Baty i Times Higher Education.

Dette er lista over verdas beste universitet innanfor humanistiske fag.

 

Emneord: Internasjonalisering, Rangeringer Av Martin Toft
Publisert 18. sep. 2017 14:41 - Sist endra 18. sep. 2017 14:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere