Tyrkisk menneskerettsprisvinnar må i retten i januar

Rettssaka mot den tyrkiske jussprofessoren Ishtar Gözaydin er utsett til 12. januar 2018. I august blei ho tildelt UiOs menneskerettspris.

MÅ I RETTEN: Tyrkiske Ishtar Gõzaydin blei tildelt UiOs menneskerettspris i august. I januar må ho i retten i Istanbul, skulda for å ha støtta ein væpna terrororganisasjon.

Foto: Ola Sæther

Det er Ishtar Gözaydin som sjølv opplyser at rettssaka mot henne vil starta den 12. januar neste år. Ho fekk vita dette av retten i Istanbul i går. Gözaydin er skulda for å ha støtta ein væpna terrororganisasjon. Ho risikerer å få ein dom på 15 år i fengsel.

Har utreiseforbod

I fjor haust blei ho også fråtatt passet, og utreiseforbodet står framleis ved lag, opplyser Ishtar Gözaydin. I desember i fjor blei ho arrestert og ho sat 94 dagar i varetekt i eit fengsel i Izmir.  Det var også ved Gediz University i Izmir ho var leiar for Sosiologisk institutt, då ho fekk sparken etter kuppforsøket 15. juli i fjor. Grunnen var at ho hadde sendt vidare ei Twitter-melding som  mellom anna protesterte mot forslaget om gjeninnføring av dødsstraff i Tyrkia.

Les også: Gjekk imot innføring av dødsstraff - mista jobben

Tildelt UiOs menneskerettspris

Den 17. august kunne Uniforum melda at Ishtar Gözaydin var tildelt UiOs menneskerettspris for 2017. Ho blei tildelt prisen for å ha kjempa for menneskerettane til akademikarar i Tyrkia og andre land gjennom fleire tiår. Saman med forfattaren Orhan Pamuk og litteraturprofessor Murat Belge starta ho Turkish Helsinki Citizens’ Assembly, som no er kjent under namnet Citizens’ Assembly. Priskomiteen viser til at Ishtar Gözaydin har markert seg som ein viktig forsvarar av menneskerettane, og som ein viktig representant for forfylgde akademikarar, ikkje berre i Tyrkia, men også i fleire andre land.

Les også: Tyrkiske Ishtar Gözaydin får UiOs menneskerettspris: Kan få 15 år i fengsel

Uvisst om ho kan koma til Oslo

Universitetet i Oslos menneskerettspris skal delast ut til Ishtar Gözaydin den 13. november i Gamle festsal i Urbygningen. Sidan ho enno ikkje har fått passet sitt tilbake, er det framleis uvisst om ho sjølv kan koma til Oslo for å ta imot prisen. I det offisielle invitasjonsbrevet frå rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe uttrykkjer dei håp om at ho og ein reisefelle kan koma til Oslo og at dei får få dekt alle kostnader med reise og opphald av Universitetet i Oslo.

 

Emneord: Menneskerettar, Tyrkia, Akademisk frihet, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 13. sep. 2017 11:31 - Sist endra 13. sep. 2017 11:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere