Svein Stølen: – Akademia må vera den kritiske stemma

– I dag blir ytringsfridomen og den kritiske stemma til akademikarar sette på som forstyrrande, eit trugsmål mot makta, mot sosial kontroll eller mot religiøse tradisjonar. Situasjonen i Tyrkia er eit trist døme på det, sa rektor Svein Stølen då han talte under Universitetet i Oslos årsfest i Aulaen i ettermiddag.

AKADEMISK PROSESJON: Rektor Svein Stølen leier den akademiske prosesjonen under opninga av UiOs årsfest i Aulaen 1. september.

Foto: Ola Sæther

UiO-rektor Svein Stølen peika på korleis det veke etter veke kjem nyhende om korleis livet blir vanskelegare og farlegare for tyrkiske akademikarar og studentar. Men han trekte også inn det han tykte var ei urovekkjande utvikling i det største og mektigaste landet i Vesten.

– Under press

 – I USA ser me at røyster som kritiserer dagens administrasjon opplever at dei får avgrensa tilgang til ressursar. Det er ei trist utvikling i eit land som tradisjonelt har hatt eit av verdast høgaste nivå av tillit til vitskaplege resultat. Tidlegare akademiske leiarar har brukt USA som eit godt døme på korleis tillit til politikarar kan vera låg, samtidig som tillit til forsking frå det same landet, kan vera høg. Det har blitt brukt til å visa korleis me er avhengige av det strenge skiljet mellom politisk makt og akademia. No ser det ut til at denne stolte akademiske tradisjonen er under press. I staden ser kunnskap ut til å bli framstilt som eit mogleg trugsmål. Kjensler styrer politikk. Stunt i sosiale media blir styringssignal, sa Svein Stølen.

– Ei tydeleg motkraft

Han meinte at det var akademia si oppgåve å gjera noko med dette.

– Det er plikta til akademia å kjempa mot denne utviklinga. Det er vårt ansvar å vera den kritiske stemma som sikrar at politikk er resultat av innsikt og kunnskap. Styringssignal må vera rasjonelle og grunnlagde på fakta. Derfor må me som lever i ei verd der faktabasert handling aldri har vore viktigare for å sikra den framtidige generasjonen tryggleik og velstand, stå saman som ei tydeleg motkraft, understreka Svein Stølen, som meinte at det også var mogleg å få til.

 

– Må vera opne for verda utanfor

– For å bli høyrde og for å utgjera ein skilnad, må me vera opne for verda utanfor oss. Side om side med dykk vil eg kjempa for å sikra at alt er ope både på vårt universitet og på andre. For innsikt og utvikling av kunnskap er isolasjon dødeleg medan samarbeid er livgjevande. Me må skapa ei betre verd gjennom kunnskap, - og aller helst – gjennom å vera vennlege, tolerante og ha tillit. Dette er dydar som ein berekraftig samfunnsorden må bli bygt på. Universitetet i Oslo må føra an saman med andre akademiske institusjonar når det kjempar for ei endå betre framtid, lova UiO-rektor-Svein Stølen.

Les heile talen til UiO-rektor Svein Stølen på engelsk

Delte ut æresdoktorat og prisar

Etter talen blei 16 professorar frå heile verda utnemnde til æresdoktorar ved Universitetet i Oslo med rektor Svein Stølen som seremonimeister. Dei fire vinnarane av UiOs prisar kom også fram på podiet for å få det synlege provet på prisane sine. Først ute var forskingsprisvinnar Thomas Hylland Eriksen, fylgd av formidlingsprisvinnar Bernt Aardal, utdanningsprisvinnar Erik Juriks og innovasjonsprisvinnar Unni Olsbye. Heilt til slutt blei vinnarane av Kongens gullmedalje ropte opp og stilte opp i ei rekkje på podiet.

Seremonien blei fint ramma inn av Universitetets symfoniorkester og Kvindelige Studenters Sangforening. Og midt i mellom var det tangomusikk framført av gruppa El Muro, sett saman av musikarar frå både Noreg og Argentina.

Då seremonien var over, drog dei som kunne på mottaking med tapas og god drikke i Domus Bibliotheca.

MINEFØRELESINGAR: Forskingsprisvinnar Thomas Hylland Eriksen får blomar  frå prorektor Gro Bjørnerud Mo etter å ha halde miniførelesinga si på Blindern, medan formidlingsprisvinnar Bern Aardal ventar på å sleppa til med sitt føredrag. (Foto: Ola Sæther)

 

 

Emneord: Årsfesten, Universitetspolitikk, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 1. sep. 2017 18:25 - Sist endra 1. sep. 2017 18:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere