Styrker rettstryggleiken til studentar som klagar på karakterar

– For å styrke rettstryggleiken til studentane, foreslår vi at universitet og høgskolar skal ta ein ekstra runde på karakteren som er gitt, i dei tilhøva kor ein student har fått ein vesentleg endra karakter etter å ha klaga, seier kunnskapsminister Henrik Asheim.

IKKJE GODE NOK: – Store forskjellar tyder på at rutinane til institusjonane rundt sensur, opplæring av sensorane og utarbeiding av gode sensorrettleiingar ikkje alltid er gode nok, seier Asheim. Kunnskapsdepartementet foreslår difor at utdanningsinstitusjonane skal vurdera karakteren ein gong til.

Foto: TV Høyre

Kunnskapsdepartementet sender i dag ut på høyring eit forslag til endringar i universitet- og høgskolelova. Mange av forslaga er ei oppfølging av Kvalitetsmeldinga. Ei av endringane gjeld saker der spriket mellom sensuren gitt første gong og etter klagebehandlinga er på minst to karakterar. 

– Det har vore fleire saker der studentar som har klaga på eksamenskarakteren har gått opp eller ned med to karakterar etter klagesensuren. Det er lite tillitvekkande for studentane. Så store forskjellar tyder på at rutinane til institusjonane rundt sensur, opplæring av sensorane og utarbeiding av gode sensorrettleiingar ikkje alltid er gode nok, seier Asheim i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

I slike tilfelle foreslår difor departementet at utdanningsinstitusjonane skal vurdere karakteren ein gong til. Det er høgskolen eller universitetet sjølv som skal fastsette korleis det skal skje. Det kan gjerast til dømes ved at nye fagpersonar vurderer dei to ulike karakterane og fastset kva karakter som er korrekt. Eit anna alternativ er at sensorane frå fyrste og andre sensurrunde set seg saman for å diskutere kva karakter som er korrekt. I ein slik runde kan universitetet eller høgskolen også fastsette at andre skal delta, til dømes fagansvarleg for den aktuelle eksamenen.

Krav om sensorrettleiing

Departementet foreslår i tillegg at systematisk bruk av sensorrettleiing skal vere eit krav for alle eksamenar. 

– Betre rettleiing av sensorar er noko studentane har ønskt seg lenge. Det skal sikre at sensorane legg dei same retningslinjene til grunn for karaktersettinga, og at vurderinga blir gjorde opp mot krava til utbyttet av læring i emna og på studieprogrammet. Dette skal hjelpe til med å redusere ulikskap i sensur mellom sensorar, seier Asheim.

Nøgd studentleiar

Leiaren for Norsk studentorganisasjon (NSO), Mats Johansen Beldo er svært nøgd med forslaget frå fungerande kunnskapsminister Henrik Asheim:

– Dette har NSO etterspurt i fleire år og me synest dette er eit flott tiltak som vil styrke studentane sine rettar, her fortener vikarierande statsråd Asheim skryt, seier Mats Johansen Beldo i ein kommentar. Han peikar på at endringa som regjeringa føreslår går ut på at klagesaker med stort sprik i karakterar skal vurderast ein gong til og set i tillegg krav om systematisk bruk av sensorrettleiingar på alle eksamenar.

– Kvart år ser me fleire tilfelle der det er store sprik mellom eksamenskarakter og karakteren etter ei klagesak på eksamen. Dette vil for mange skape stor uvisse både om resultat og kanskje om ein torer  å klage  på karakteren i utgangspunktet, meiner  Mats J. Beldo.

Andre forslag til endringar:

  • Spesielle opptakskrav

Departementet foreslår at universitet og høgskolar skal kunne stille strengare krav til opptak til nokre studium. Det gir høve til å gi studentane eit tydeleg signal om kva slags fagleg utgangspunkt dei må ha for å klare studiet. Ved å rekruttere studentar som er sterkare fagleg, vil truleg også fleire fullføre studia på normert tid.

  • Klage på gruppeeksamen

Høyringa inneheld eit forslag om individuell klagerett ved gruppeeksamen. Ei regulering i lova vil betre rettsvernet til studentane. Ei eventuell endring i karakter etter klage, vil berre få verknad for den som har klaga.

  • Skriftleg eller munnleg grunngiving for karakter

Lova blir foreslått endra slik at det er utdanningsinstitusjonen som har fullmakt til å fastsette om grunngiving for karakter blir gitt skriftleg eller munnleg. 

I tillegg blir det foreslått tre bestemmingar knytta til personvern.

Les brevet som er sendt på høyring her.

(Oppdatert 27.09. kl. 11:13)

Emneord: Studentsaker, Studentforhold
Publisert 26. sep. 2017 16:19 - Sist endra 27. sep. 2017 11:13

Dåligt försök att rädda en dålig och resurskrävande ordning. Om man skall ha flera sensorer (inklusive klagesensorer) måste hela poängen att de skall kunna komma fram till olikt resultat. I annat fall kunde ju den ursprunglige fagansvarigs avgörelse vara nog. I tillägg bör det ju påpekas att i de fall faganvarig ger en allt för tydlig sensorveiledning är resultatet detsamma som att bara ha en sensor, en ny bedömning blir då uppenbart inte oberoende.

joho@himolde.no - 27. sep. 2017 09:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere