Det var nesten fullt i festivalteltet mellom Gaustadalleen og Forskningsveien, då startskotet gjekk for Cutting Edge-festivalen i dag. Ordførar Marianne Borgen hadde store forventingar om at nyskapingar i miljøet rundt Forskingsparken kunne vera med på å gjera verda til ein betre stad.
– Dei kan vera med på å stansa klimaendringane, og dei kan vera med på å få til ei betre fordeling av goda i verda. Og målet må vera at det også skal bli lettare å passa på at både menneskerettar og barnerettar blir respekterte, understreka Marianne Borgen.
Noregs største innovasjonsfestival
Ho håpa også at det kunne bli andre positive konsekvensar av arbeidet med nyskaping i Forskningsparken.
– I dag er det over 150 nystarta selskap her. Dei kan skapa nye arbeidsplassar i Oslo-regionen. Og dette skjer ikkje minst for at desse nyskapingsmiljøa samarbeider tett med Universitetet i Oslo, ein institusjon som heile Oslo er stolt av. Derfor er det flott at me saman kan arrangera Noregs største innovasjonsfestival, slo ho fast.
- Betre livsvilkår for alle
Og til slutt kom ho med ei oppfordring.
–Dette store puslespelet av nyskaping må skapa betre livsvilkår for alle. Derfor vil eg oppfordra alle som driv med dette til å ta dagens urettferdige fordeling av rikdom og dei pågåande klimaendringane med når de skal utvikla framtidas teknologiar og nye oppfinningar, sa ho. – Og så håpar eg alle investorar og nyskaparar som er her, nyttar seg av høvet til «matchmaking» her på Cutting Edge-festivalen, la ho til.
Statsminister Erna Solberg ynskte festivalen lykke til med femårsjubileet gjennom eit to minutt langt videoopptak.
I løpet av dagens festival vil det vera over 60 arrangement i og rundt Forskingsparken, opplyste festivalsjef Kremena Tosheva under opninga av festivalen. Den tar ikkje slutt før langt ut på kvelden i dag.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere