Klart for storsatsing på forsking av havområde i nord

Regjeringa foreslår  å auka løyvinga til «Arven etter Nansen» med 20 millionar kroner i statsbudsjettet for 2018. Det fører til at styresmaktene frå 2018 stiller med ein samla sum på 60 millionar kroner. - Dette er eit fantastisk nyhende, seier biologiprofessor Nils Chr. Stenseth til Uniforum. 

 

SATSAR PÅ HAVFORSKING: Regjeringa og ti forskingsinstitusjonar set saman i gang storsatsinga "Arven etter Nansen." Målet er å få ny kunnskap om økosystema i dei sentrale og nordlege delane av Barentshavet fram til Polhavet. Biletet er frå havområdet utanfor Svalbard. 

Foto: Yngve Vogt/Apollon

Når regjeringa går inn for å løyva 60 millionar kroner til forskningsprosjektet « Arven etter Nansen» i 2018, må dei andre forskingsinstitusjonane som er med i prosjektet gi den same summen. Til saman vil prosjektet kosta 800 millionar kroner. Planen er at forskinga skal gi forskarane ny kunnskap om havområda i det sentrale og nordlege  Barentshavet og fram til Polhavet. 

Skal fylla kunnskapshol

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved Universitet i Oslo er ein av initiativtakarane til prosjektet, og for han var det stort å oppleva at regjeringa no vil gi endå fleire millionar til «Arven etter Nansen».

– Dette er eit fantastisk god nyhende for forsking opp mot polarområda - og då spesielt effekten av klimaendringa sin effekt på den økologiske dynamikken i desse områda. Me har i dei siste tiåra sett store reduksjonar i havisen i Arktis.  Dette gjer områda stadig meir tilgjengelege for menneskeleg aktivitetar, som skipsfart, petroleumsverksemd og fiskeria.  Samtidig er dette dei havområda våre me har minst kunnskap om. Det er dette kunnskapsholet Arven etter Nansen-prosjektet skal fylla, seier Nils C. Stenseth. Han viser til at «Arven etter Nansen» er eit «landslag» der havforskarar frå ti norske forskinga- og undervisningsinstitusjonar går saman for å få fram kunnskapen som til for å forvalta dei nordlegaste havområda i Noreg på ein berekraftig måte. 

Positivt vurderte

– Prosjektet vil dra nytte av at Noreg har bygt eit nytt isgåande forskingsskip, Kronprins Haakon, som gjer at forskarane  kan utforska dei tidlegare utilgjengelege områda - i arven etter Nansen, Helland-Hansen og dei andre pionerane i norsk havforsking, seier Stenseth. 

Vil dette seia at det no vil få inn nok pengar til det samla budsjettet på 800 millionar kroner til den planlagde kartlegginga av havområda mellom Polhavet og  Barentshavet?

– Dette vil seia at me kan gjennomføra dei opphavlege planane - planar som er blitt svært positivt vurderte av to internasjonale vurderingspanel.

Forskingsinstitusjonane som er med i prosjektet er Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Havforskingsinstituttet, Meteorologisk institutt, Norsk Polarinstitutt, Norges teknisk-naturvitenskaplege universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Også Noregs forskingsråd, Akvaplan-niva og Nansensenteret deltar.

Seks år langt prosjekt

Arven etter Nansen-prosjektet er planlagt å halda på  i seks år. Institusjonane stiller sjølve  med finansiering som svarar til den finansieringa dei får frå styresmaktene over statsbudsjettet, det vil seia  minst 60 millionar kroner årleg, går det fram av ei melding frå Nærings- og fiskeridepartementet. 

Meir kunnskap

Fiskeriminister Per Sandberg peikar på at prosjektet kan gi meir kunnskap om økosystema i dette havområdet. 

– Me ser at økosystema er i endring og områda me snakkar om er dei områda som er merkar mest til klimaendringane. Dette vil vera viktige område for  næringsverksemd i framtida, og for å kunna forvalta dette forsvarleg må me skaffa kunnskapsgrunnlaget no, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).  

Etter statsråden si meining handlar det om å få etablert ei grunnleggjande forståing av korleis økosystema som ligg lenger nord enn der me opererer i dag, er sette saman og fungerer. – Me må skaffa oss eit større kunnskapsgrunnlag som me kan basert framtidas forsking, næringsutvikling og forvalting på, seier Per Sandberg i ei melding frå Nærings- og fiskeridepartementet. 

Emneord: Biologi, Forskningspolitikk, Forskningssamarbeid Av Martin Toft
Publisert 10. sep. 2017 17:04 - Sist endra 11. sep. 2017 09:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere