Tyrkiske Erkan Saka: – Eg lever i større frykt i år enn i fjor

 – Eg hadde endå større angst for å mista jobben rett etter kuppforsøket i juli i fjor enn det eg har i dag. Samtidig er eg meir forsiktig med kva eg seier offentleg, seier Erkan Saka, som er førsteamanuensis ved marknadsføringsstudiet ved Istanbul Bilgi University.

IKKJE SÅ AKTIV: – Eg må vedgå at eg ikkje er så aktiv på sosiale media som eg brukte å vera. No legg eg ut meir blomsterteikningar, kattar og andre morosame symbol der enn politiske synspunkt, seier Erkan Saka. Han er førsteamanuensis på marknadsføringsstudiet ved det private Istanbul Bilgi University.

Foto: Ola Sæther

 

 

ISTANBUL: For eitt år sidan var Uniforum i Tyrkia for å finna ut korleis akademikarar hadde det etter kuppforsøket den 15.juli og represaliane mot dei som hadde sett namnet sitt

Tidslinje for situasjonen for akademikarar i Tyrkia:

11. januar 2016: Academics for Peace publiserer kravet om stans i krigshandlingane i dei kurdiske områda og at partane startar fredsforhandlingar.

Februar 2016:  Dei første akademikarane får sparken eller blir arresterte for å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace.

15. juli 2016: Kuppforsøk mot president Recip Tayyip Erdogan. Mange hundre soldatar og sivile blir drepne.

16. juli 2016: Presidenten startar arrestasjonar av akademikarar, juristar og andre som han skuldar for å sympatisera med Fethullah Gülen .

23. juli 2016: 15 universitet som skal vera finansierte av Gülen-rørsla blir stengde av styresmaktene. 

17 000 tilsette innanfor høgare utdanning mista jobbane sine fram til september 2016. 

2017: Over 100 000 akademikarar, juristar, journalistar og byråkratar har mista jobbane sine. 

April: Folkerøysting om Erdogans forslag til grunnlovsendringar. 51,41 prosent av folket stemmer ja.

6. juni: styreleiar for Amnesty Tyrkia,Taner Kiliç blir arrestert.

5. juli: generalsekretær for Amnesty Tyrkia, Idil Eser blir arrestert og sikta for å tilhøyra ein væpna terroristorganisasjon.

(Kjelder: Human Rights Watch, Amnesty International, International Commision of Jurists og Uniforum)

på underskriftsaksjonen til Academics for Peace. Dei kravde ein stans i krigshandlingane mellom regjeringa og kurdisk gerilja i Sør-Tyrkia.  

For kort tid sidan drog Uniforum tilbake til Istanbul for å høyra om situasjonen var blitt verre eller betre enn den var for eitt år sidan. Ein av dei me snakka med den gongen var  jussprofessor og sosiolog, Ishtar Göyazidin. Nokre månader etter at me snakka me henne i fjor, blei ho arrestert og sett i fengsel i 94 dagar utan lov og dom. No er ho tildelt Universitetet i Oslos menneskerettspris, samtidig som ho sit og ventar på at rettssaka mot henne skal koma opp den 12. september.  Tiltalen går ut på at ho er med i ei væpna terroristgruppe og ho risikerer ein dom på 15 år i fengsel.  

Les meir i Uniforum: Tyrkiske Isthar Gözaydin får UiOs menneskerettspris: Kan få 15 års fengsel

I ein annan stad i byen ligg private Istanbul Bilgi University. Der arbeider Erkan Saka som førsteamanuensis på marknadsføringsstudiet.  I fjor snakka han ope og uredd om regjeringa til Recip Tayyip Erdogan og kuppforsøket den 15. juli og innføringa av unntakstilstanden.  Han frykta at han ville mista jobben når som helst, og hadde begynt å skriva forskingsartiklar på engelsk for å gjera det lettare å få jobb ved eit universitet i utlandet. Nøyaktig eitt år seinare er han framleis i den same stillinga ved det same universitetet. 

– Kanskje ikkje viktig nok

– Den gongen hadde eg fått eit trugsmål retta direkte mot meg. Det gjekk ut på at eg skulle vera tilhengjar av den religiøse leiaren Fetullah Gülen. Difor tok eg meg ein tur til Italia  som turist saman med broren og systera mi. Då var det nokon som sette ut ryktet om at eg hadde rømt frå landet. Difor ringde mange meg for å høyra om det var rett. Andre fortalde meg at det var blitt oppretta ei sak mot meg.  Men ingenting skjedde. Kanskje eg ikkje er viktig nok, eller kanskje det er fordi eg ikkje har signert underskriftsaksjonen til «Academics for Peace». Det er ikkje fordi eg ikkje vil, men det dokumentet som sirkulerte rundt, nådde aldri meg, seier han. 

Så då han kom tilbake frå Italia, hadde situasjonen på ein måte normalisert seg.

 – Men eg må vedgå at eg ikkje er så aktiv på sosiale media som eg brukte å vera. No legg eg ut meir blomsterteikningar, kattar og andre morosame symbol der enn politiske synspunkt, sjølv om eg held fram med å leggja ut ting som dokumenterer det politiske livet  i Tyrkia, fortel han.  

Utslitne Erdogan-tilhengjarar

Etter Erkans oppfatning  er situasjonen litt mindre spent no enn den brukte å vera.  

– Mange tusen personar er under ein eller annan type juridisk prosess.  Unntakstilstanden held likevel fram. Men på markeringa av eittårsdagen for kuppforsøket, noterte eg meg at entusiasmen hos tilhengjarane av regjeringspartiet AKP, ikkje er det same som tidlegare. Dei såg ut som om dei var litt utslitne. Og om me ser kva som skjedde under folkerøystinga om grunnlovsendringane i april, så vann president Erdogan berre med ein ørliten margin. Ja, det er mange som trur at han eigentleg tapte folkerøystinga, men at regjeringa klarte å fiksa litt på resultatet. Eit teikn på det er at i  sju av dei åtte største byane i Tyrkia, stemte fleirtalet nei til Erdogans forslag til grunnlovsendringar. Likevel har regjeringa stor støtte frå det sivile samfunnet. Så det vil nok halda fram slik ei stund til, trur han. 

– Men regjeringa har aldri prøvd å leggja hendene på deg? 

– Nei, ikkje på meg personleg. Men universitetet eg jobbar på, har opplevd eit ganske hardt press frå styresmaktene. Tyrkia har fått eit eige råd for høgare utdanning. Dei trugar med at private universitet kan bli selde. Og det er også nokre regjeringsvennlege selskap som har kome med bod. Men eigaren vår, Laureate, synest boda har vore for låge, og vil ikkje selja universitetet. Det har hovudkvarter i USA. Akkurat no held me difor fram som før ved dette private universitetet, konstaterer han. 

Strengare inngangskontroll på universiteta

Det einaste Uniforums utsende registrerer, er at det er vanskelegare for besøkjande å koma inn på universitetet. Me må gi opp namnet på personen me skal besøkja og skriva opp namna våre hos vaktane ved inngangen til universitetet. Dit kjem Erkan Saka og hentar oss. Han synest det er ein heilt korrekt observasjon.  

–  Det blir grunngitt med den vanskelege tryggingssituasjonen i Tyrkia,  på grunn av bombeattentat og andre aksjonar, og sånn sett kan strengare kontroll ved inngangen til universiteta forsvarast. Men det har blitt strengare enn det som var meininga. Så på det området kan de sjå ei endring frå i fjor, stadfestar han.

Mindre kontroll med tilsette ved private universitet

Erkan Saka meiner at det langt på veg kan vera lettare å vera akademikar ved eit privat universitet enn ved eit statleg universitet akkurat no.

– Dei tilsette ved statlege universitet har ein annan type pass enn oss, og dei blir utsette for ein strengare kontroll enn oss. Så om dei vil til utlandet, må dei få ei godkjenning frå universitetsleiinga. Det er ikkje naudsynt for tilsette ved det private universitetet som eg jobbar for. Kanskje me ikkje er viktige nok. Uansett så er det ein stor fordel for oss. Med unntak av tida etter kuppforsøket, då det blei innført eit utreiseforbud på tre månader, er det relativt lett å dra utanlands for oss, som ikkje er statstilsette. 

IKKJE SKREMT: – Ingen ville blitt skremt, om dei arresterte meg. Eg er ingen nasjonalt kjent person, og det lever eg godt med,  seier Erkan Saka, som er førsteamanuensis ved marknadsføringsstudiet ved Istanbul Bilgi University (Foto: Ola Sæther)

Og Erkan Saka har også nytta seg av den sjansen.

– For kort tid sidan var eg i Madrid på ein konferanse om faktasjekking. Det er nettopp det området eg held på med innanfor sosiale media. Då nytta eg meg av høvet til å besøkja andre spanske byar også, sidan eg aldri har vore der før. Dessutan såg folk godt ut, og eg følte meg langt meir avslappa enn det eg gjer her, seier han og smiler. 

Drøymer om å studera i utlandet

Når det gjeld situasjonen til studentane ved tyrkiske universitet, så meiner Erkan at dei også har fått eit litt meir avslappende og rolegare studieforhold enn det som var tilfellet rett etter kuppforsøket i fjor. 

– Likevel drøymer dei fleste sekulære studentane om å dra ut for å studera ved eit utanlandsk universitet. Grunnen til det er at universiteta gradvis blir påverka til å bli meir islamiserte eller meir konservative, kall det det du vil. Den siste parlamentsdebatten handla om at det ikkje lenger ville bli obligatorisk for alle å gifta seg borgarleg. No vil imamane i moskeeane få vigselsrett også. For fem år sidan ville ikkje det vore mogleg, for det går heilt imot den sekulære statsordninga. Den endringa fekk regjeringa til ved å seia at også imamane er statstilsette, forklarar han.  

Etter hans meining har truande muslimar det lettare no, i alle fall så lenge dei støttar president Erdogan.

– Om dei derimot tilhøyrer den religiøse organisasjonen til Erdogans hovudfiende, Fetullah Gülen, tar ikkje regjeringa omsyn til om dei er menn eller kvinner med hijab. Då blir dei arresterte på open gate. Før ville det ha blitt ein skandale, men ikkje no lenger, slår han fast.  

– Nasjonalistar har kuppa Erdogans parti

Sjølv meiner han at Erdogans parti er mindre religiøst og meir nasjonalistisk enn det var.  

– Eg trur AKP er blitt kapra av nasjonalistar. Erdogan er også meir ein nasjonalist enn ein forkjempar for ein religiøs stat.  Dette viser seg spesielt i politikken overfor kurdarane. Brått har alt som handlar om kurdarar blitt eit nasjonalt problem. Eit teikn på det er at ministeren for indre tryggleik, er ein general med bakgrunn frå politiske rørsler lengst ute på den ekstreme høgresida. Han har igjen kontakt med ein som er ein endå større ekstremist, ja ein tidlegare fascist som står bak utanomrettslege drap på politiske motstandarar. Tidlegare var han politisjef i dei kurdiske områda. Så no er ministeren for indre tryggleik, hans mann, faktisk. Det viser at dei er meir nasjonalistar enn islamistar, fortel han.  

Drøymer seg tilbake til Det osmanske riket

Derfor finst det også teikn på at dei drøymer seg tilbake til Det osmanske riket. 

– I heile Tyrkia har dei hengt opp plakatar med Erdogan med pil og bue og med årstallet 1071. Det var det første slaget tyrkarane vann over Det bysantiske riket. No er kuppforsøket den 15. juli fjor, i ferd med å få ei liknande symbolsk meining, peikar han på. Det blei også nyleg kjent at Darwins evolusjonsteori skal ut av pensum i grunnskulen i Tyrkia. – Dei grunngjev det med at det berre er ein teori. Det som er endå verre er at dei legg inn meir tekstar om jihad i skulebøkene. Trøysta mi er at Tyrkia er eit slags kapitalistisk forbrukarsamfunn. Derfor vil ikkje studentane bry seg om innhaldet i desse bøkene. Då eg var skuleelev og student, fekk me overdosar av Atatürk i skulebøkene, men eg blei aldri ein Atatürk-tilhengjar, sjølv om eg no beundrar Atatürk meir enn nokon gong før for det han gjorde med dette landet.

– Meir forsiktig

– Du seier ting ganske ope til oss no, men er du forsiktigare med kva du seier i dag enn for eitt år sidan?

– Ja, spesielt når eg brukar sosiale media. Då legg eg meiningane mine innanfor ei spesiell ramme utan å seia ting direkte. Grunnen til at eg ikkje har blitt arrestert, kan vera at eg berre er kjent innanfor universitetsmiljøet. Når dei bestemmer seg for å arrestera nokon, vil dei heller gjera det med personar som er viktigare og meir kjende enn det eg er. Dei ville heilt sikkert hatt nok prov mot meg til å sikta meg for noko. Ingen ville blitt skremt, om dei arresterte meg. Eg er ingen nasjonalt kjent person, og det lever eg godt med,  seier han. 

– Om me kjem tilbake om eitt år, vil du framleis vera her?

– Ja, anten her eller på eit forskingsopphald i utlandet. 

Organiserer frie universitet med oppsagte akademikarar

Dagen etter får Uniforum kontakt med ein akademikar som står nær protestaksjonen Academics for Peace.

Personen stadfestar at dei som har skrive under på kravet til Academics for Peace har fått merka fylgjene av det. Kravet om at både den tyrkiske hæren og den kurdiske geriljaen må innstilla krigshandlingane i Sør-Tyrkia, er betent for den tyrkiske regjeringa og presidenten. Over 300 av dei som har skrive under på kravet, er blitt arresterte eller har mista jobbane sine. Samtidig har over mange tusen universitetstilsette mista jobben av andre grunnar.  

– Mange av dei tilhøyrer venstresida, og kan absolutt ikkje skuldast for å vera tilhengjarar av Gülen-rørsla. Men Academics for Peace er framleis aktiv. No organiserer dei frie universitet med oppsagte akademikarar utanfor universiteta. Ei fagforeining har starta ein solidaritetsaksjon og samlar inn pengar, slik at førelesarane får ei lita inntekt å overleva på, fortel kjelda vår. 

350 000 internflyktningar

Situasjonen i dei kurdiske områda i Tyrkia er likevel ikkje blitt betre i løpet av det siste året.

– No held den tyrkiske hæren på med å øydeleggja dei eldgamle bygningane bak bymuren i Diyarbakir Sur. Der har det budd folk i over 7000 år. Kamphandlingane i området har ført til at 350 000 kurdarar er flyktningar i eige land, seier kjelda vår, som vil vera anonym av tryggingsgrunnar. 

Denne akademikaren har ikkje særleg tru på at leiaren for Folkets republikanske parti, Kemal Kilicdarouglu skal endra den politiske situasjonen i Tyrkia. 

– Marsjen for rettferd frå Ankara til Istanbul, var eit svært godt initiativ. Det var også imponerande at han klarte å samla nærare 1,5 millionar personar på folkemøtet etter at han kom fram til Istanbul. Likevel har han tidlegare stemt saman med regjeringa for å ta ifrå den parlamentariske immuniteten til representantane for det kurdiskvennlege venstrepartiet HDP i nasjonalforsamlinga i Ankara,  peikar kjelda vår på. 

– Det var det som opna vegen for arrestasjonene og fengslinga av 12 av dei 13 representantane for det partiet, slår kjelda vår fast.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Tyrkia, Menneskerettar, Akademisk frihet Av Martin Toft og Ola Sæther (foto) i Istanbul
Publisert 4. sep. 2017 13:25 - Sist endra 4. sep. 2017 13:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere