Vil vera studentprest for alle, uavhengig av tru

– Det er møtet med enkeltstudenten og den refleksjonen det gir rom for, eg likar best med denne jobben. Det seier Inger Anne Naterstad som i 25 år har vore studentprest ved UiO.

RESPEKT: – Å møta studentar med respekt som truande og som kritisk tenkjande i trygg og open refleksjon, er eit mål i arbeidet mitt, heilt uavhengig av truvedkjenning eller ikkje, seier Inger Anne Naterstad. I år har ho arbeidd som studentprest ved UiO i 25 år.

Foto: Ola Sæther

Uniforum møter Inger Anne Naterstad i gangen utanfor kapellet og mosallaen i Frederikke-bygningen på Blindern. Heile tida går fleire muslimske studentar ut og inn av mosallaen medan nokre få andre går inn og ut av kapellet.

– Då eg begynte som studentprest for 25 år sidan, var det heller få studentar med minoritetsbakgrunn. No hender det ganske ofte at studentar som tilhøyrer andre trussamfunn, også tar kontakt for ein fortruleg samtale, eller om praktisk tilretteleing for deira tru.

– Viktig at alle kan gå til det same muslimske bønnerommet

– Ville det ikkje då vore naturleg om det også var ein studentimam på Universitetet i Oslo?

 – Eg får ofte det spørsmålet og eg spør alltid dei muslimske studentane om det, men dei synest det er heilt i orden at det ikkje er nokon eigen imam her. Dei fryktar at det då ville ha kome ein imam frå ei bestemt retning innanfor islam, og at muslimar frå andre retningar ikkje ville ha følt seg like velkomne. Dei muslimske studentane er ikkje ein minoritet, men mange, som møtest her til bøn, side om side. Nettopp difor takkar desse studentane for at det er ein mosalla/eit muslimsk bønerom her, som alle kan gå til, seier Inger Anne Naterstad.

– Dei muslimske studentane har same behov for omsorg som andre studentar, men i muslimsk tradisjon høyrer den fortrulege samtalen ikkje på same måte heime hos imamen som den kan gjera hos presten i kristen samanheng.

Av og til kjem det også studentar frå andre trussamfunn for å høyra om det finst noko tilbod for dei ved UiO. – Då viser eg dei til dei studentforeiningane som er opptekne av livssyn, til dømes buddhistar, jødar eller katolikkar, eller til større trusfellesskap andre stader i byen, legg ho til.

Liten skilnad mellom studentar før og no

Med unntak av oppdrag som vikarprest på Grønland, Nordstrand og på Bygdøy, har Inger Anne Naterstad vore studentprest heile yrkeskarrieren sin. Og gjennom dei 25 åra ho har vore studentprest ved UiO, har ho registrert liten skilnad på det som utfordrar studentane.

– Nokre finn møtet mellom gammal tru og ny kunnskap vanskeleg, det kan óg handla om nye røynsler og rett og slett det å stå på eigne bein åleine for første gong. Kjærast, rus, etiske utfordringar, nederlag, einsemd. Presten er utanfor, er vaksen, har teieplikt og tid, skriv ikkje rapport frå samtalane og skal ikkje evaluera nokon innsats i akademia. Nokre studentar treng anna hjelp enn det vi kan gi, då er samarbeidet med SiO Helse og SiO Rådgiving heilt vesentleg, fortel ho.

– Større rom for å stå fram med ei religiøs tru

Ein viktig ting synest ho likevel har endra seg sidan 1992.

– KRLE-faget har gjort at mange studentar veit meir om andre si og si eiga tru enn det som var tilfellet før, konstaterer ho. Det er blitt større rom for å stå fram med ei religiøs tru, og det er større aksept for at praksis som bøner, meditasjon og møtestader for truande er viktige ressursar i studiedagen for nokre studentar.

– Ville helst vera ein samtalepartnar

Inger Anne Naterstad tenkte aldri på å bli den som skulle dra i gang aktivitetar for studentane.

– Nei, eg ville heile tida helst vera ein samtalepartnar som studentar kunne gå til når dei hadde og har behov for det og gjerne delta på arrangement som studentane sjølve står bak. På den måten kan eg delta i arbeidet med å skapa godt læringsmiljø, fortel ho.

Studentane finn meg i det offentlege rommet, på universitetet som aktør, som liturg og predikant i Slottskapellet eller i Kulturkirken Jakob, og dei finn meg i det vesle rommet på Blindern der dei fortrulege samtalane kan finna stad.

– Det er ein samanheng mellom desse romma – det store og det vesle, eg ber den samanhengen og alt eg lærer av studentane frå det eine til det andre, seier ho.

Ei kongeleg gåve

Naterstad trekkjer også inn historia bak det faste tilbodet studentpresten har kvar sundag.

– At me får ha gudstenester i Slottskapellet for studentar kvar sundag i studiesemesteret, er ei meir enn 100 år gammal gåve frå kongefamilien. Den fyller me med frivillige studentar, ny og gamal musikk, bøner for verda og for studentane i byen vår, seier ho.

Dei studentane som ynskjer det, kan også bruka kapellet i Frederikke-bygningen, det er ope kvar dag. – Nokre kjem hit for å tenna eit lys, be ei bøn, skriva ned ein tanke, eller berre for å sitja i fred. Dette kapellet har romma mykje tru, tvil, sorg og glede, her er studentar døypte, eller dei har døypt ungane sine, fleire har også gifta seg her. UiO har gitt rommet ein estetikk som gir det respekt, synest ho.

Studentpresten er tilsett av Den norske kyrkja, medan Universitetet i Oslo finansierer drifta. Ho er saman med Aina Marie Svendsen studentprest på UiO. I tillegg er ho leiar for studentpresten på Høgskolen i Oslo og Akershus og studentpresten på Handelshøyskolen BI i Nydalen.

Må ta seg av medstudentar til studentar som døyr

Kvart år døyr mellom fem og ti studentar.

– UiO har gode rutinar for å ta vare på medstudentane som vert ramma. Dei skal få ordentleg informasjon, om kva som har skjedd og om kva slike meldingar kan skapa. Me studentprestar er mellom fleire som kan ta vare på studentane om dei kjenner seg utsette, åleine og uroa når dei vert råka. Me er også ein ressurs for tilsette som jo er aller nærast det som har råka deira studentar. Mange av dei unge er ikkje førebudde på at andre unge kan døy.

– Då Kenya blei råka av ein massakre på 100 studentar i Garissa tok kenyanske studentar kontakt, inviterte oss med, og organiserte ei sørgjestund i kapellet der dei tende lys, bad og song salmar. Slike samlingar har me òg hatt for andre studentgrupper som vert råka av terror eller dramatiske hendingar i heimlandet.

UTANFOR PRESTEKONTORET:  På eit hjørne av Frederikkebygningen har studentprest Inger Anne Naterstad kontoret sitt. – Studentane finn meg som liturg og predikant i Slottskapellet eller i Kulturkirken Jakob, og dei finn meg i det vesle rommet på Blindern der dei fortrulege samtalane kan finna stad. (Foto: Ola Sæther)

– Kva er den største opplevinga di av å vera studentprest på UiO?

– Opplevinga av den tilliten som studentane gir oss. Samtidig har eg stor respekt for lærestader som tar studentane si religiøse overtyding på alvor. Eg likar å vera med i den konkrete samtalen med studentar der dei er, og det samsvarar også med kyrkjesynet mitt. I byrjinga av jobben min som studentprest gav møta med kristne homofile eit sterkt kall til å bli kyrkjepolitikar. No er det kyrkja si rolle som majoritet i eit landskap av mange ulike truande og ikkje-truande, som utfordrar.

– Får du ofte innspel om at stillinga som studentprest bør leggjast ned?

– Nei, det handlar ikkje så ofte om nedlegging, meir idéen om nøytralisering, ved å setja leiarar frå andre trusretningar også her. Eg vil gjerne ha kollegaer av anna tru, og gjerne saman med oss på campus, men så langt er dette eit ynskje som ikkje kjem frå studentar. Det er viktig at trua til studentane blir tatt på alvor. Mange studentar er ofte kritiske til sitt eige trussamfunn, anten dei er kristne, muslimar eller hinduar. Å møta studentar med respekt som truande og som kritisk tenkjande i trygg og open refleksjon, er eit mål i arbeidet mitt, heilt uavhengig av truvedkjenning eller ikkje. Det er studentane som kjem med tema for samtalane våre, seier Inger Anne Naterstad.

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker, Læringsmiljø Av Martin Toft
Publisert 14. aug. 2017 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere