UiO halar inn på verdas beste universitet

Universitetet i Oslo klatrar opp fem plassar og hamnar som nummer 62 mellom verdas beste universitet på Shanghai-rankinga for 2017. I Norden er UiO på fjerdeplass.

GÅR OPPOVER: UiO går opp fem plassar samanlikna med i fjor på Shanghai-rangeringa for 2017. 

Foto: Helene Lindqvist

Med denne plasseringa er UiO klart føre dei andre norske universiteta. NTNU kjem nærast på ein plass mellom dei 101 og 150 beste. Universitetet i Bergen finn me først  blant dei som ligg ein plass mellom nummer 201 og 300.  

Københavns Universitet gjer det best

I Norden er det Københavns Universitet som gjer det best og tar ein sterk 30.-plass blant verdas beste universitet. Deretter fylgjer Karolinska instituttet som nummer 44, Universitetet i Helsinki som nummer 56, og altså UiO som nummer 62. UiO blir dermed nummer fire i Norden, og hamnar utanfor pallen i konkurransen mellom dei nordiske universiteta

Cambridge utfordrar toppuniversiteta Harvard og Stanford 

Verdsrangeringa er ikkje uventa toppa av Harvard-universitetet i USA, følgd av Stanford-universitetet og University of Cambridge på 3.-plass. Den hardeste konkurrenten Oxford University kjem inn som nummer sju på lista. 

Når det gjeld Europa, glir UiO inn som nummer 22. Den blir toppa av universiteta i Cambridge og Oxford, medan det sveitsiske universitetet Swiss Federal Technical University i Zürich tar tredjeplassen. Københavns Universitet blir nummer seks i Europa, etter fire britiske og eitt sveitsisk universitet. 

Legg vekt på talet på vinnarar av forskingsprisar

Denne universitetsrangeringa blir laga av forskarar ved Shanghai Jiao Tong Universitet i Kina. Metodologisk legg denne rangeringa stor vekt på talet på nobelprisvinnarar både blant dei vitskaplege tilsette og tidlegare studentar ved institusjonen. I tillegg legg rankgeringa stor vekt på  talet på vinnarar av Fields-medaljen i matematikk og talet på siteringar av forskarar frå det aktuelle universitetet i databasene  Science Citation Index - Expanded og Social Sciences Citation Index. Samtidig blir det også registrert kor mange artiklar forskarar frå institusjonen har publisert i vitskaplege tidsskrift som Science og Nature.

Verdas beste universitet på Shanghai-rangeringa

UiO-rektor Svein Stølen er svært glad for UiOs plassering på Shanghai-rangeringa. 

- UiO er som vanleg stabilt inne i blant dei hundre beste universiteta i verda – denne gongen nr. 62 i verda, nr. 22 i Europa og nr. 4 i Norden. Dette er hyggeleg og som rekna med. Shanghai gir oss ein peikepinn på at UiO er i verdsklasse, sjå også vår blogg som tydelegjer kva dette tyder for vårt internasjonale nettverk og samarbeid, seier Svein Stølen til Uniforum.

Les meir i rektorbloggen

(Oppdatert 19. august  kl. 16:47)

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 18. aug. 2017 23:28 - Sist endra 19. aug. 2017 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere