UiO-rektor vil styrkja forskingssamarbeidet med Kina

40 forskarar frå Kina og 100 frå resten av verda er no samla i Oslo for å diskutera kjønn, alder og generasjon i ei tid med forandring både  i Kina og i Norden. Konferansen blei opna av UiO-rektor Svein Stølen i går.

MEIR SAMARBEID: Rektor Svein Stølen vil gjerne styrkja forskingssamarbeidet med Kina. Det gav han uttrykk for då han opna ein nordisk-kinesisk forskingskonferanse på UiO i går.

Foto: Martin Toft

140 deltakarar frå store delar av verda har kome til Oslo for å  delta på den 6. konferansen i regi av det kinesisk-nordiske nettverket for kjønnsforsking. 

 – UiO er ivrige etter å styrkja sambandet med Kina, og derfor skal me også senda ein delegasjon til Kina til våren, fortalde rektor Svein Stølen då han opna konferansen

Stort oppmøte av kinesiske forskarar

Heile 40 av forskarane kjem frå forskingsinstitusjonar i Kina.

– Truleg har aldri så mange forskarar frå Kina vore samla på same konferanse ved UiO tidlegare, trudde koordinator Harriet Bjerrum Nielsen. Fram til onsdag skal deltakarane høyra på foredrag om kjønnforsking både i Kina og i dei nordiske landa. Dei vil ha samlingar både i Vilhelm Bjerknes hus på Blindern og i lokala til Det juridiske fakultetet i sentrum. 

– Universitetet i Oslo er fast bestemt på å styrkja banda med Kina. Derfor er me ivrige etter å utvikla samarbeidsforholdet vårt vidare, sa rektor Svein Stølen i opningstalen sin. Han gav honnør til eldsjelene av det kinesisk-nordiske nettverket som for sjette gong har klart å få i stand ein forskingskonferanse. 

– Eg vil ynskja dykk hjarteleg velkomne til Universitetet i Oslo og til Oslo. Og eg håpar de får mange kulturelle opplevingar og at de også får inn ein god del akademisk påfyll, sa rektor Svein Stølen. 

– Forskarsamarbeidet har halde fram

Chen Yinzhang, som er generalsekretær for Fudan Development Institute ved Fudan University i Kina tok også ordet. Han kom inn på det fleire år lange kalde forholdet mellom Noreg og Kina.

–Trass i at forholdet mellom dei to landa ikkje har vore det aller beste i denne tida, har likevel forskarsamarbeidet halde fram, nesten som før, slo han fast.

– Kina har masse å læra om kjønn og likestilling i dei nordiske landa, meinte han.

Etterpå heldt Harriet Bjerrum-Nielsen eit foredrag om likskapar og ulikskapar  når det gjeld kjønn i Kina og dei nordiske landa.

– Innbyggjarane i desse landa har i alle fall ein ting til felles. Mange av dei fylgjer med på den norske TV-serien «Skam». Ungdommar i Kina og ungdommar i Noreg er ganske forskjellige, men no held ungdommar i begge land på med å sjå den same serien, konstaterte Bjerrum Nielsen. 

I dag held konferansen fram i sentrum før den blir formelt avslutta førstkomande onsdag.

 

 

KJØNN I KINA OG NORDEN: Forskarar både frå Kina, dei nordiske landa, Japan, Tyrkia, USA og Mexico med fleire, er til stades på den 6. konferansen som det kinesisk-nordiske nettverket for kjønnsforsking arrangerer ved Universitetet i Oslo denne veka. (Foto: Martin Toft)

 

 

Emneord: Kina, Likestilling, Senter for tverrfaglig kjønnsforskning Av Martin Toft
Publisert 28. aug. 2017 15:39 - Sist endra 31. aug. 2017 09:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere