Regnveret stansa ikkje studentar på pubvandring

Studentparlamentet inviterte nye og gamle studentar på pubrunde på Blindern i går. Dei mest hardbarka studentane trassa regnveret og begynte kvelden i partyteltet på plenen utanfor Villa Eika.

TILFLUKT: Desse UV-studentane søkjer tilflukt for regnet i  eit lite partytelt.

Foto: Martin Toft

– Me vil gjerne helsa nye og gamle studentar velkomne til Blindern ved å halda alle studentpubane opne, seier Jens Lægreid, leiar for Studentparlamentet. Sjølv skulle han ikkje svinga ølseidelen. – Nei, eg skal vera dørvakt, så om noko skjer får Studentparlamentet ansvaret. Og dessutan er det ein fin måte å kunna handhelsa på nye studentar, sa Jens Lægreid til Uniforum. 

Ute på plenen framfor Villa Eika treffer Uniforum  Linn Dalevi frå Karlstad i Sverige og Maren Frigstad frå Kristiansand i eit lite partytelt. Begge er studentar ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. 

- Fin måte å bli kjent på

– Det er fint å gå frå pub til pub. Dette er første stopp, og snart går me vidare til ein pub innandørs, hutrar dei i regnet.  Dei er einige om ein ting. – Dette er ein fin måte å bli kjent med folk utanfor vårt eige fakultet, seier dei . Inne i partyteltet kjem alle frå UV-fakultetet og alle er jenter.  – Ja, på vår gruppe er det 105 studentar, berre 15 av dei er gutar, fortel Linn Dalevi ,før ho og Maren Frigstad og dei andre kullvenninnene drar vidare til neste pub.

Slo eit slag for studentpolitikken

Ute på plenen under open himmel står Susan Andora Biseth-Michelsen og Fam Karine Heer Aas og bryr seg ikkje om regndropane som fell ned frå himmelen.  Den førstnemnde er studie- og læringsansvarleg i Studentparlamentet, medan den sistnemnde er kommunikasjonssjef i Velferdstinget. 

GØY:  Formålet med pub-til-pub-runden er å visa studentar at studentpolitikk er gøy, seier Susan Andora Biseth-Michelsen i Studentparlamentet og Fam Karine Heer Aas i Velferdstinget. (Foto: Martin Toft)

– Det er viktig for oss å visa at me er ute blant studentane, og ikkje berre sit på møte i Villa Eika, seier Fam Karine Heer Aas. 

– Og så er det ein fin måte å fortelja alle studentane at studentpolitikk er gøy, seier Susan Biseth Michelsen.  Tidlegare har dei også vist at dei kan laga kos for studentane på anna vis. 

– Før helga laga med 1200 vaflar under Fadderveka på Universitetet i Oslo, fortel dei.

 

 

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2017 17:05 - Sist endra 22. aug. 2017 17:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere