- Me gler oss

I dag hadde Svein Stølen sin første dag som rektor ved Universitetet i Oslo. – Me gler oss, seier han og inkluderer både prorektor Gro Bjørnerud Mo og viserektorane Åse Gornitzka og Per Morten Sandset.

TOPPHELSING: Den første Svein Stølen helsa på den første dagen som UiO-rektor var universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Bak fylgjer prorektor Gro Bjørnerud Mo og viserektor Åse Gornitzka.

Foto: Ola Sæther

Første august 2017 var Svein Stølen første arbeidsdag som rektor ved Universitetet i Oslo.

– Me har brukt dagen mellom anna på å helsa på dei tilsette i administrasjonen i Lucy Smiths hus. Det hadde me sett av ein time til på morgonkvisten, og då hadde me fleire etasjar igjen, så derfor måtte me halda fram med helserunden litt seinare på dagen, fortel Svein Stølen  

til Uniforum.  Resten av dagen har gått med til møte.

– I løpet av kort tid skal me også ha møte med alle  dekanane og museumsdirektørane, tar han sikte på.  Svein Stølen og resten av leiinga har også møtt Studentparlamentets arbeidsutval..

– Ja, og så har me sendt blogghelsing til alle studentane ved UiO. Og snart får alle dei tilsette ulike helsingar frå oss, seier han. Når helseseremoniane er over, vil Svein Stølen og resten av rektoratet setja seg ned og laga ein plan.

– Det første me skal gjera er å laga ein universitetspolitikk plan for det første halvåret. Det vil me gjera i samarbeid med dei som deltar i desse prosessane. Me reknar med å bruka dei første 14 dagane for å få ein god tidsplan på plass fram mot styremøtet I februar. Der skal prioriteringane klargjerast og tiltaka vedtakast, seier Svein Stølen til Uniforum.

– Trur du det blir ein stor overgang for deg å gå frå å vera prodekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet til å  bli rektor for heile Universitetet i Oslo?

– Det er jo ein jobb der eg blir meir ein offentleg person enn det eg har vore til no. Det vil også bli langt større breidde i saker, og og større tempo enn før. Dessutan må eg også ha meiningar om langt fleire ting enn før, og ta opp fleire ulike problemstillingar. Men eg er godt førebudd både gjennom å ha eit godt team og ein god administrasjon rundt meg, understrekar Svein Stølen. Og så vil han gjerne leggja til: – Verdiskapinga skjer i universitetet sitt indre. Det er derfor Universitetet i Oslo er så godt som det er, fordi det er gode og dedikerte fagpersonar som jobbar her, slår han fast.  Den neste store hendinga som står på programmet for UiO-rektor Svein Stølen skjer den 14.august.

– Då er det velkomstseremonien for nye studentar. Det er stort. Og den gler me oss storleg til, seier Svein Stølen. 

HJARTELEG GJENSYN: Rektor Svein Stølen møter prorektor Gro Bjørnerud Mo og viserektor Åse Gornitzka utanfor Lucy Smiths hus. (Foto: Ola Sæther)
 

 

Emneord: Rektorvalget 2017, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. aug. 2017 16:29 - Sist endra 1. aug. 2017 16:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere