Avtalane mellom UiO og Tsinghua University erdei første samarbeidsavtalane som han inngår som ny rektor ved UiO, og dei markerer også starten på ein styrkt satsing på Kina-samarbeidet.
Det skjedde ei viktig endring i forholdet mellom KIna og Noreg etter at statsminister Erna Solberg på vegner av regjeringa i april i år skreiv under ein avtale med den kinesiske regjeringa om å normalisera det politiske forholdet melom dei to landa. Då hadde forholdet vore på frysepunktet heilt sidan den norske nobelkomiteen delte ut fredsprisen til den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo i 2010.
– Ei supermakt i forsking
UiO-rektor Svein Stølen ser fram til samarbeidet med Kina. – Kina er ei supermakt i forsking, og no ligg forholda til rette for å vidareutvikla forskingssamarbeidet. landa er blitt normalisert igjen, UiO er den største aktøren i Kina av dei norske forskingsinstitusjonane, understreka han.
Vil senda delegasjon til Kina
Stølen viste også til at rektoratet hans no har sett i gang eit eige arbeid for å utvikla samarbeidet med Kina. – Håpet er at me skal få til fleire verkemiddel for å få det til. Planen er i også å få til ei delegasjonsreise til Kina i løpet av neste år, der me vil besøkja alle dei institusjonane som er viktige for oss. I dag er det forskingssamarbeid med Kina både i kjemi. fysikk, økonomi, statsvitskap og i medisin, summerte han opp.
I tillegg har også mange fag i humaniora eit utstrekt samarbeid om forsking med partnarar i Kina. Faktisk har alle dei åtte fakulteta ved UiO i større eller mindre grad ein samarbeidsavtale med forskingsinstitusjonar i Kina, får Uniforum opplyst hos administrasjonen ved Universitetet i Oslo.
– Ein milestolpe
Også visepresident Qui-Kun Xue ved Tsinghua University tykte dette var ein viktig avtale: – Den er ein milestolpe i samarbeidet mellom Kina og Noreg. Avtalen om studentutveksling vil få mykje å seia for framtidige generasjonar i Kina og i Noreg, var han overtydd om.
–Tsingua University er eit av dei viktigaste universiteta i Kina. Kvifor vil de samarbeida med Universitetet i Oslo?
– UiO er det beste universitetet i Noreg. Og innanfor solcelleforsking er det mellom dei aller beste. Kina vil gjerne samarbeida med eit slikt framifrå universitet, sa rektor Qui-Kun Xue ved Tsinghua University.
I løpet av besøket kjem delegasjonen frå Tsinghua University til å besøkja Mikro- og nanotekologilaboratoriet i Gaustadbekkdalen, og dei vil ha samtalar med dei UiO-forskarane som ligg lengst framme i forskinga på solcelleteknologi og materialvitskap. Dei skal også møta dekan Morten Dæhlen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere