Ber UiO slå tilbake mot marknadsmakta til tidsskriftforlaga

Universitetet i Oslo bør jobba for at det etter kvart ikkje betalar for abonnement til vitskaplege tidsskrift, men i staden brukar pengane til å finansiera publisering i ope tilgjengelege tidsskrift. Det er tilrådinga i ein rapport ei lokal ekspertgruppe har laga på oppdrag for rektoratet.

OPEN TILGANG: – Håpet er at me gjennom «flipping» av modellen, altså ved å gå over frå å betala abonnement til å finansiera publisering, skal tvinga dei store forlaga til å innføra open tilgang for alle dei elektroniske tidsskrifta sine, seier Håvard Kolle Riis, som er leiar for Digitale tenester ved Universitetsbiblioteket.

Foto: Ola Sæther

Universitetsbiblioteket ved UiO betalte til saman 142 millionar kroner i abonnement på vitskaplege tidsskrift i åra 2014 og 2015. Alle dei store tidsskriftforlaga hadde til saman ei

Fakta om vitskapleg publisering ved UiO:

• Det blei publisert 11 191 vitskaplege artiklar i abonnementstidsskrift og 2086 (16 % av total) i Gull Open Access-tidsskrift i perioden 2013–2015

• 12 % av alle vitskaplege tidsskriftartiklar publiserte i perioden 2013–2015 er tilgjengelege i DUO vitenarkiv. Omtrent halvparten av desse artiklane er publiserte i Open Access-tidsskrift

• Artiklar publiserte i Open Access-tidsskrift blei i perioden 2013–15 i gjennomsnitt sitert mindre enn artiklar i tradisjonelle abonnementstidsskrift

• Publiseringsfondet støtta 425 vitskaplege artiklar og 16 bokutgjevingar til ein total kostnad på 8,3 millionar i perioden 2014–2016

• Mykje tyder på at det blei brukt lite midlar til publiseringsstøtte på einingane i perioden 2014–2016

• Sentralt på UiO er det brukt 860 000,- på Open Access-avtalar, -medlemskap og -støtteordningar i perioden 2014–2016.

• FRITT-tenesta har hatt stor vekst i perioden 2013–2016 og har i dag 16 tidsskrift i porteføljen

• Kostnaden for abonnementstidsskrift var på 142 millionar kroner i perioden 2013–2015

• Abonnementstidsskrift har hatt ei gjennomsnittleg årleg og kumulativ prisstiging på høvesvis 8,7 % og 28 % i perioden 2014–2016

• Det blei lasta ned 9,7 millionar fulltekstartiklar i perioden 2013–2015

(Kjelde: Open Access Kartlegging og analyse, UB, UiO, 2017)

inntekt på 76 milliardar kroner i 2015. Dei utgir til saman mellom 1,5 og 2 millionar vitskaplege artiklar i året. Det gir ein kostnad på 50 000 kroner for kvar artikkel. I eit tidsskrift med open tilgang ville kvar artikkel ha kosta 20 000 kroner.

Det syner tal frå rapporten UiO:Open Access. Kartlegging og analyse. Den var ferdig i mars og tilrådingane i rapporten kjem truleg opp i universitetsstyret til hausten. Rapporten er laga av Stine Marie Barsjø og Håvard Kolle Riis frå Universitetsbiblioteket og Herman Strøm frå Avdeling for fagstøtte ved UiO.  

Fekk seks månader lang frist

Prosjektleiar er Håvard Kolle Riis, som også er leiar for Digitale tenester ved Universitetsbiblioteket.  

– Hovudmålet vårt er å få fleire av forskarane ved UiO til å publisera i ope tilgjengeleg vitskaplege tidsskrift. Fram til no har forskarar ved UiO i liten grad publisert i opne tidsskrift og heller få forskarar har lasta artiklane sine frå Cristin og over på DUO vitenarkiv. Til no har det verken vore gulrot eller pisk for å få det til, fortel Håvard Kolle Riis.  

No skjerpar både  Forskingsrådet og EU sine krav om at alle forskingsartiklar som spring ut av prosjekt som Forskingsrådet har støtta, skal vera opne og tilgjengelege straks etter publisering og arkiverast i opne, digitale arkiv. – I mai gav dei oss ein seks månader lang frist til å klara det, og me er i dialog med Forskingsrådet om korleis dette skal gjennomførast i praksis, opplyser  Kolle Riis.

– Klarer ikkje å tilby alle tidsskrift

Det siste året har abonnementsprisen på dei vitskaplege tidsskrifta skote i vêret. Nokre av dei har auka prisen med 8,7 prosent. Samtidig hadde tidsskriftforlaget Elsevier  med morselskapet RELX Group eit overskot på 18 milliardar kroner i 2016.

– Dei stadig aukande kostnadene i abonnementsprisen gjer at Universitetsbiblioteket ikkje lenger klarer å tilby alle dei vitskaplege tidsskrifta som forskarane spør etter. Det er grunnen til at me føreslår for UiO at det pressar på for å få forandra finansieringa. Det vil innebera at publiseringspotten vår kan brukast til å finansiera publiseringa av ein vitskapleg artikkel i eit ope tilgjengeleg, vitskapleg tidsskrift, i staden for å bruka pengane på å abonnera på dei mest prestisjetunge tidsskrifta. Målet vårt er sjølvsagt å tvinga dei store forlaga til også å koma med tilbod om ope tilgjengelege tidsskrift på nett så fort som mogleg, vedgår Håvard Kolle Riis.

– Det vil seia at me vil gå frå målet om Grøn open tilgang til Gull open tilgang, legg han til.

Naudsynt med internasjonalt samarbeid

Både i Tyskland og Nederland har universiteta gått saman for å forhandla med dei store tidsskriftsforlaga om betre vilkår, og også om få publisert fleire vitskaplege artiklar i opne tilgjengelege kanalar, straks dei er fagfellevurderte og endeleg godkjende.

– Det er difor naudsynt for norske universitet og høgskular å samarbeida med kvarandre, men også med andre institusjonar i og utanfor Norden for å snu den publiseringsmodellen som eksisterer i dag, og som gir dei store forlaga svært stor marknadsmakt, meiner Håvard Kolle Riis.  

I Tyskland har 70 universitet gått saman om å forhandla fram ein avtale med dei store forlaga. Det har resultert i at forlaget Elsevier førebels har brote forhandlingane. I Nederland har dei vore endå tidlegare ute med slike forhandlingar. Der har dei også fått regjeringa med på laget og dei har klart å få til ein avtale om open tilgang til vitskaplege artiklar.

– Det er sjølvsagt viktig at me har desse forlaga, men det er ikkje behov for at dei skal tena så mykje pengar på offentleg finansiert forsking, meiner Håvard Kolle Riis.  

– Hastar

Alle EU-finansierte forskingsprosjekt skal vera ope tilgjengelege for alle i opne tidsskrift i 2020. I Nederland er kravet at alle vitskaplege artiklar skal vera opne for alle innan 2024.

– Det vil seia at det hastar å få gjort noko med situasjonen i Noreg, seier Kolle Riis. Han viser til kor liten del av dei vitskaplege artiklane til norske forskarar som blir publiserte i ope tilgjengelege tidsskrift. Mellom 2013 og 2015 blei det publisert 13 277 vitskaplege artiklar ved UiO. Berre 1383 av dei er ope tilgjengelege i DUO vitenarkiv, opplyser han. Rundt 12 prosent av dei 13 277 artiklane er publiserte i ope tilgjengelege tidsskrift.

Universitetsbiblioteket har også ansvaret for eit publiseringsfond som har ein pott på tre millionar kroner i året. Det gir støtte både til finansiering av vitskaplege artiklar og til bokutgjevingar. Frå 2013 til 2016 blei det delt ut 8,6 millionar kroner frå publiseringsfondet.

Vil tvinga forlaga til å innføra open tilgang

– Håpet er at me gjennom «flipping» av modellen, altså ved å gå over frå å betala abonnement til å finansiera publisering, skal tvinga dei

store forlaga til å innføra open tilgang for alle dei elektroniske tidsskrifta sine. Offentleg finansiert forsking skal alle kunna få tak i opplysningar om, anten det gjeld fagpersonar som vil oppdatera seg eller andre som vil vita meir om aktuell forsking. Det blir også lettare for forskingsinstitusjonar å gjera forsking utført av eigne forskarar, meir synleg, understrekar han.

Ei undersøking som blei utført av ekspertgruppa, viser at vitskaplege artiklar som blei publiserte i dei tradisjonelle vitskaplege tidsskrifta, hadde høgare grad av sitering enn dei som blei publiserte i ope tilgjengelege tidsskrift. – Grunnen kan sjølvsagt vera at forskarane prioriterer å publisera dei beste arbeida sine i dei mest prestisjetunge, vitskaplege tidsskrifta, trur Håvard Kolle Riis.

Tilrår Gull open tilgang

Han håpar at tilrådingane i rapporten kan bli handsama av universitetsstyret i løpet av hausten. – Rektor Ole Petter Ottersen har gått klart inn for at UiO må gå over til Gull open tilgang. Det er også tilrådinga vår. Samtidig ber me UiO om å evaluera politikken for open tilgang som blei vedtatt i 2011. Og så vil me be UiO om å vurdera om publiseringsfondet eventuelt skal halda fram eller førast vidare i ei endra form.

Den 22. august legg regjeringa fram dei nasjonale retningslinjene for open tilgang til vitskapelege artiklar på eit seminar ved Universitetet i Oslo.

Fakta om dei store tidsskriftsforlaga:

Elsevier, eigd av morselskapet RELX Group, 18 milliardar i overskot i 2016

Gir ut mellom anna Cell og The Lancet. Selskapet er amerikansk/nederlandsk/britisk

Wiley, amerikansk forlag for både vitskaplege tidsskrift og for skule og utdanning, 17 milliardar kroner i overskot i 2016

Gir ut 1500 fagfellevurderte tidsskrift og 1500 boktitlar i året både i elektronisk og i trykt utgåve. Morselskapet held til i USA.

Springer Nature, tysk tidsskriftforlag. Hadde eit overskot på 5,1 milliardar kroner i 2015.

I 2015 fusjonerte Springer med Macmillan Science and Education. Dermed overtok det også eit av verdas mest prestisjetunge tidsskrift Nature.  Gir ut 2900 tidsskrift og  har gitt ut 200 000 boktitlar

Taylor & Francis Group, britisk selskap som hadde eit overskot på 5 milliardar kroner i 2015

Gir ut 2500 vitskaplege tidsskrift og 5000 nye bøker i året. Blant tidsskrifta er Ibsen Studies, The Sociological Quarterly og Medical Anthropology

Forlaget er ein del av konsernet Informa PlC.

Tilleggsopplysning:

Tidsskriftet Science er eigd av American Association for the Advancement of Science ein organisasjon med vitskapsfolk frå heile verda som medlemar. Organisasjonen blir driven på eit ikkje-kommersielt grunnlag.

(Kjelder: Wikipedia, Elsevier, SpringerNature,Wiley ,Taylor & Francis Group, American Association for the Advancement of Science)

 

Emneord: Forskningsformidling, Publisering, Forskning, Universitetsbiblioteket Av Martin Toft
Publisert 4. juli 2017 15:39 - Sist endra 4. juli 2017 15:57

Kommitteens kondenserte konklusjon i første setning av denne ellers gode og informative artikkel er feil. There is no such thing as a free lunch. Vitenskapelig publisering koster penger, ikke bare forskning. Og publisering ikke er ferdig med forfatterens siste klikk i Word. For pengene betalte til forlag får vi gjort et videre arbeid på manuskriptet med:

  1. Typografisk kompetanse for en feilfri tekst med høy standard som utelukker de fleste misforståelser under selve lesing. Det er særdeles viktig med naturfag hvor typografi takler matematikk, kjemi og fysikk alene eller kombinert, i både tekst, symboler og tabeller, kjemiformler, skjemaer, tegninger, grafer, likninger, matriser samt systemer av disse. Mange forfattere ikke er fortrolige med alle gode typografi-reglene som må opprettholdes gjennom alle artikler i et gitt tidsskrift.
  2. Kompetanse i både fag og viktige aktørene i gitt fagfelt for å organisere en god fagfellevurdering.
  3. Pålitelig, velorganisert, søkbar, langvarig og annerkjent vebdeponering av publiserte artikkler som strekker seg alle år til tidsskriftets historiske opprinnelse, forgjengere inkludert.
  4. Vitenskapelig renomme et slikt tidsskrift med lang tradisjon nødvendivgvis har både faglig og ved personell involvert.

Det er slike virkelige forlag vi bør betale for publisering Open Access. Ikke hos noe lav-kvalitets Open Access «tidskriftene» som dukket opp nylig for å fange penger fra en villedet del av forskere. Noen av disse tidsskriftene blir kalt “predatory journals”, og for en god grunn avdekket gjennom testpubliseringene. Jeg vil ikke ha mine artikler i slike Open Access tidsskrifter. Et annet sted i denne netavisen nevner jeg 32000 kr jeg betalte for Open Access i Angewandte Chemie. Nå er jeg i ferd med noe liknende for en artikkel fra 2006 ved Journal of Solid State Chemistry. UiO bør sikte mot en langsom overgang til en ny modell hvor tradisjonsrike forlag tilbyr Open Access for en mer rimelig penge samt at de får noen penge for en fortsatt institusjonnell tilgang til historiske arkivene sine som de har en gang for alltid skannet og deretter «bare» opprettholder og bygger opp datalagringsutstyret med rask tilkobling og gode søkemuligheter, samt en 100 % pålitelig backup. Så vi forskere bør kreve sammen med Ole Brumm, «Ja takk. Begge deler».

Pavel Karen - 18. aug. 2017 09:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere