Etter åtte år som rektor ved Universitetet i Oslo, begynner Ole Petter Ottersen denne veka som rektor ved Karolinska Institutet i Stockholm. No skal han leia arbeidet med å gjenoppretta omdømmet til Karolinska etter Macchiarini-skandalen.
I år hadde UiO søkerrekord med 18450 førstevalgssøkere og 4 % økning fra i fjor. 11 198 får tilbud om studieplass. Det viser tall fra Samordna opptak som ble kunngjort i dag.
– Det eitt år lange feltarbeidet mitt på Mauritius frå 1986-87 har prega retninga mi som forskar. Det ser eg no, seier Thomas Hylland Eriksen (55), professoren i sosialantropologi som er tildelt UiOs forskingspris for 2017.
Universitetet i Oslo bør jobba for at det etter kvart ikkje betalar for abonnement til vitskaplege tidsskrift, men i staden brukar pengane til å finansiera publisering i ope tilgjengelege tidsskrift. Det er tilrådinga i ein rapport ei lokal ekspertgruppe har laga på oppdrag for rektoratet.
– Det menneskelege mangfaldet er ikkje noko me skal frykta, men gleda oss over, slik som me gjer i dag. Det seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen etter å ha gått i Pride-paraden i Oslo laurdag 1. juli.