- Opphalda på Mauritius påverka forskarlivet mitt

– Det eitt år lange feltarbeidet mitt på Mauritius frå 1986-87 har prega retninga mi som forskar. Det ser eg no, seier Thomas Hylland Eriksen (55), professoren i sosialantropologi som er tildelt UiOs forskingspris for 2017.

OVERVELDA: - Eg blei overvelda og overraska då eg fekk vita at eg hadde blitt tildelt UiOs forskingspris. Eg viisste ikkje ein gong at eg var nominert, seier professor I sosialantropologi, Thomas Hylland Eriksen.

Foto: Ola Sæther

Thomas Hylland Eriksen møter Uniforum på SV-fakultetet. Der har han vore professor i sosialantropologi sidan han var 33 år gammal, og der begynte han som student i 1981. Han ber på ei brun skinnveske og har på seg ei skyggehue med reklame for University of Mauritius. Det var nettopp på Mauritius han starta den akademiske karrieren sin med å gjera feltarbeid til hovudoppgåva i sosialantropologi. 

– Det er kanskje på tide å gjenoppliva interessa for det landet. Eg har nettopp vore på ein konferanse på University of Mauritius. Den handla om dei første 50 åra med sjølvstende, eit jubileum som dei skal markera neste år. Ein kollega og eg skal gi ut ei bok om korleis utviklinga i Mauritius vil gå dei komande 50 åra. Det er det sjølvsagt ingen som veit. Då vil me bruka fleire vitskaplege artiklar frå denne konferansen. Kva skal Mauritius satsa på? Ei slik lita øy som er prega av den er integrert inn i detglobale systemet, slik det alltid har vore som sukkerplantasjekoloni. Korleis skal dei posisjonera seg? Då fekk eg veldig lyst til å gjera noko meir forsking på dette, seier Thomas Hylland Eriksen . 

No er han 50 prosent sjukmeldt.  

– Så lenge eg var på Mauritius, gløymde eg heilt å vera sjuk. 

Det er ingen tvil om at Mauritius er eit favoritttema for han, og at det kanskje ikkje var heilt tilfeldig at han drog akkurat dit på feltarbeid då han skulle ta hovudfag i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo for 31 år sidan.

– Det er ein stad med masse kompleksitet, så det er eit spennande laboratorium for å driva med samfunnsforsking, rett og slett. Også på den tida var eg interesserert i etnisitet og nasjonalisme. Mauritius er eit multietnisk samfunn med folkegrupper som kjem frå omtrent alle verdsdelar. Og korleis klarer dei å balansera ein etnisk identitet med ein felles nasjonal identitet? Det er eit problem sjølvsagt, men dei har nokre løysingar der nede som andre kanskje har noko å læra av. 

– Noreg også? 

– Ja, eg skreiv ein kronikk i Aftenposten på slutten av 1980-talet som heitte «Hva kan vi lære av Mauritius»? Eg fekk sjølvsagt ingen reaksjonar på den, for det var før Facebook, så det kom inga utskjelling som til dømes «Fy faen for en dust». Det var veldig godt å kunna skriva kronikkar den gongen, fordi me då kunne sleppa unna den gørra på Facebook. Kronikken handla nettopp om korleis det er mogleg å finna balansen mellom det vesle og det store, det intime og det overordna. På Mauritius er dei flinke til å laga kompromiss. Dei har berre hatt koalisjonsregjeringar, og alle har vore i koalisjon med alle, så det er små forhold.

Og Hylland vender stadig tilbake til Mauritius. Han var på feltarbeid der både I 1991-92 og I 1999. Seinare har han vore pa fleire kortare turar til øya som har fungert som eit laboratorium for forskinga hans.

NYTT: - Det gøyaste er kvar gong eg oppdagar noko nytt, seier Thomas Hylland Eriksen. ( Foto: Ola Sæther)

Etter å ha fått formidlingsprisar frå UiO, både i 2000 og i 2010 saman med Elisabeth Eide for prosjektet Kulturelle kompleksitetar i Noreg (CULCOM), er Hylland Eriksen glad for at universitetsstyret no har gitt han UiOs forskingspris for 2017. 

– For å seia det rett ut, var eg både overraska og overvelda og audmjuk og takksam. Eg visste ikkje ein gong at eg var nominert. Det finst så mange flinke forskarar på dette universitetet, og det er så mange som kunne fått den prisen. Derfor er eg lykkeleg over å vera den heldige som fekk den i år. Det fortel meg at det finst nokon der ute som ikkje berre har notert seg det eg har drive med innanfor lærebøker, formidling og i den offentlege samtalen, men faktisk også har lagt merke til det eg har publisert internasjonalt, og det eg har drive med, ikkje berre som formidlar, men også som forskar.

– Kva har du likt best å gjera som forskar i sosialantropologi? 

– Det gøyaste er kvar gong eg oppdagar noko nytt. Som alle forskarar blir eg heile tida overraska. Når me finn ting, som me trudde ikkje var der, er det noko av det mest morosame. Og når ein er antropolog og gjer feltarbeid, så skjer jo det heile tida. For du reiser ut i felten med nokre idear om korleis ting er, og så viser det seg at det er annleis.

– Kva har vore det mest overraskande for deg?

– Eg blir overraska kvar gong, for eg er ganske naiv av meg. Men for å gå tilbake til det første feltarbeidet. Då hadde eg eigentleg tenkt å gjera noko heilt anna enn det eg enda opp med å gjera på Mauritius. Eg hadde tenkt å gjera ein etnografisk studie av kreolane, den etniske gruppa som er av afrikansk avstamming. Den var ikkje blitt skildra i litteraturen før, for dei hadde låg status for dei var ei uredd, blanda folkegruppe som var komne over som slavar frå Afrika. Men likevel enda eg opp med å skriva om etnisitet for det var det som stod i hovudet på alle eg møtte. Alt som skjedde, blei tolka ut frå etnisitet. «Grunnen til at eg er så fattig, er fordi hinduane er i regjering, grunnen til at me har berre eitt mål jord å dyrka sukkerroer på, er fordi det er dei kvite som eig all jorda».

– Det måtte eg finna ut av, saman med kvifor det var så fredeleg. Når det var så ekstrem interesse for gruppeidentitet, eg er muslim, du er katolikk og han er katolikk, korleis klarte dei likevel å halda fred med kvarandre og ha eit så levande demokrati med full ytringsfridom. Og det har dei hatt heile tida. Det er noko av det mest imponerande med Mauritius, fortel han.

Men Thomas Hylland Eriksen vil gjerne trekkja fram det aller siste feltarbeidet han har halda på med også. 

– Det var i Australia. Då tenkte eg at eg skulle studera ambivalens i ein liten industriby, som er marinert i fossilt brennstoff, altså av gass og kol. Det er svære mengder av gass og kol, og den har ei av verdas største kolhamner. Alle jobbar i industrien og får helseplager og astma. Derfor trudde eg at eg ville finna meir ambivalens, sidan denne staden ligg rett ved «Great Barrier Reef». Korleis er det med miljø og kol? Kan me ha begge delar?Då må me velja. Det viste seg at det faktisk var lite ambivalens. For det eg oppdaga i staden for, var at det dei store kampane står om, er forholdet mellom ulike tilnærmingar til kunnskap, altså kvar får du kunnskapen frå, korleis tolkar du den, kven trur du på og kven stolar du på? fortel han, før han held fram.

– Til meg sa dei: Eg stolar på forsking, men ikkje på forskarane. Dei meinte at vitskapsfolk stort sett var kjøpte og betalte av ressursindustrien. Derfor blei resultatet at eg skreiv ei bok om konflikten mellom ulike kunnskapsregime, noko som har vist seg å bli endå meir aktuelt etter at Donald Trump blei vald, og som er ein president som lyg så det renn av han.

– Korleis er forholdet mellom den forskinga du har gjort på Mauritius og Alnaprosjektet som du gjorde i Grorudalen i Oslo. Er det ein samanheng? 

–Ja, det er det. Då eg kom tilbake til Noreg frå Mauritius i 1987 for å skriva ferdig hovudoppgåva mi, så viste det seg at det eitt år lange opphaldet har prega livet mitt. Det ser eg no. Det var ikkje berre formativt, slik at eg kunne seia noko morosamt om etniske identitetar og hybriditet, og nasjonale identitetar, men det gav meg også ei orientering og ei retning på andre område. Når det galdt forholdet til mangfald, respekt og toleranse. Kunsten å leva saman i komplekse samfunn. Det kan henda at når det kjem til stykket, så toler ikkje folk trynet på kvarandre, men dei klarer å leva saman likevel. Og korleis klarar dei det? Det har påverka ting eg har gjort om etnisitetseinare, også i Noreg. Det er klart at me kan læra noko av Mauritius, men det vil ikkje seia at me skal imitera dei.

Hylland Eriksen har deltatt i debatten om innvandring og integrering i Noreg i over 20 år. Han synest noko er annleis no.

– Det er interessant å sjå korleis tidsånda har forandra seg. Eg har drive med forsking og formidling og har vore aktivist i Antirasisistisk senter på 1990-talet, i 30 år. I dag blir du møtt med meir mistru og fiendskap enn den gongen.

– Korleis synest du at integreringa har gått i Noreg? 

– Me har heile tida visst om at det ville bli ein del problem. Det er berre tøv at forskarar ikkje har vore klar over det. I 1990 skreiv eg den vesle populærvitskaplege boka: «Veien til et mer eksotisk Norge». I den boka blir alle problema ramsa opp; omvendt rasisme, problem knytte til islam. Tendensen til samanfall mellom klasse og identitet, som er ganske farleg, var også eit tema. Det vil seia at du får ein underklasse som har ein annan etnisk klasse enn majoriteten. Det er oppskrifta på misnøye og i siste instans opptøyar, som i land som USA. Det kunne ha gått mykje dårlegare. Viss du ser på deltaking i arbeidslivet, utdanning, forholdet mellom første og andre generasjon, er det veldig mykje positivt, synest han.

– Det eg ikkje såg for meg på 1990-talet, var at veksten i innvandrarbefolkninga skulle gå så raskt, frå 200 000 i 1995 til 800 000 no. Den største veksten er av folk frå dei nye EU-landa, og dei er usynlege fordi dei er like kvite som deg og meg. Og dei er katolikkar. Då må me ha ein kontinuerleg strategi for å handtera dei som nyleg har kome. Det andre som me ikkje såg, var den auka religiøse begeistringa blant ein del muslimar.

– Det siste forskingsprosjektet ditt var Overheating». Kva var dei viktigaste funna? 

– Det mest positive med globaliseringa er at me kan få ein global kommunikasjon mellom folk. Samtidig er det globale problem knytte til både ulikskap og klima, som me må handtera i fellesskap. Det aller mest negative er at lokalsamfunn blir overkjørte og at det oppstår skalakonflikt mellom den lokale røyndomen som du og eg lever i og som er med på å forma liva våre. På den andre sida kan det vera storskalaprosjekt med gruver eller regjeringar som har bestemt seg for å å utvida kolhamna for å tena meir pengar. I Australia, der eg jobba, der kunne du seia det du ville, du blei invitert til å vera med på høyring og kome med ei høyringsfråsegn med detaljerte skildringar av det som vil skje med dyrelivet viss hamneområda blir mudra opp. Dei takkar veldig pent for innspela, og så gjer dei akkurat det dei hadde tenkt å gjera uansett. Du får ei kjensle av at du har full ytringsfridom, men ingen påverknad. Storskalaprosjekt, som me set i samband med globalisering, kjører over små samfunn.

FINT: - Eg har hatt det fint her, heilt sidan eg kom hit som student for 36 år sidan, seier Thomas Hylland Eriksen. (Foto: Ola Sæther)

 

Sosialantropologiprofessoren vedgår at det har hendt at han kunne ha vore frista til å forska ved eit anna universitetet enn ved UiO. 

- Under andre omstende hadde eg sikkert dratt til ein annan stad, men det er familie og slike omsyn som spelar inn, og det har halde meg her. Eg angrar ikkje på det, for ein kan eigentleg vera der ein vil, også på UiO, som er eit stort universitet, men litt perifert samanlikna med Harvard og Cambridge. Då må du jobba litt ekstra, reisa litt meir, og ta litt fleire initiativ, men då er du samtidig eit fullverdig medlem av det internasjonale forskarfellesskapet. Det er ein positiv eigenskap ved kommunikasjon i dag. Geografisk avstand har mindre å seia enn før. Og så er det jo klart at me gjer mykje rett ved dette universitetet, utan at eg kan seia kva det er. Eg har hatt det fint her, heilt sidan eg kom hit for 36 år sidan, smiler han.

Emneord: UiOs priser, Forskning, Sosialantropologi Av Martin Toft
Publisert 6. juli 2017 10:50 - Sist endra 6. juli 2017 22:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere