Vedtok å bruka 256 millionar på bygg og forskingssatsing i 2018

UiO vil bruka 256 millionar til bygg og forskingssatsing i 2018. Og det skal også etablerast eit nytt senter for læring og utdanning på UV-fakultetet. Begge deler vedtok universitetsstyret i går.

SKAL RUSTAST OPP: Niels Henrik Abels hus på Blindern skal rustast opp for 65 millionar kroner i 2018. Det vedtok universitetsstyret. (Arkivfoto)

Foto: Francesco Saggio /UiO

Det skal også satsast 18 millionar kroner på UiO:Energi og frie forskingsprosjekt. Det er klart etter at universitetsstyret i går vedtok framlegget til budsjettfordeling for 2018.

Rustar opp gamle bygningar

I sakspapira går det fram at universitetsdirektør Gunn- Elin Aa. Bjørneboe føreslo at Niels Henrik Abels hus og Kristian Ottosens hus skal rustast opp for 65 millionar kvar neste år. Samtidig innstilte universitetsdirektøren på at Historisk museum får 50 millionar kroner. Dei andre store investeringane i areal blir i Det juridiske fakultetet med 20 millionar og millionar til utstillingar i W.A. Brøggers hus i Naturhistorisk museum på Tøyen.

Pengane kjem inn gjennom mellom anna disponering av 74 millionar kroner frå oppløyste fond. I tillegg vil 100 millionar bli frigjorde gjennom omdisponering av den årlege avsettinga til vedlikehald og investeringar. Dessutan blir det også gjort ei bruksendring ved å setja 46 millionar kroner i ubrukte midlar til byggjeprosjekt og arealdrift. Alle desse innstillingane blei vedtekne av Universitetsstyret i går.

Satsar på forsking og IT

Den største forskingssatsinga er ei investering på 18 millionar kroner til UiO: Energi og frie midlar til forsking. I tillegg blir det også føreslått ei investering på 5 millionar kroner i informasjonsteknologi for forsking og utdanning. erstreka at det er lagt opp til å skjerma fakultet og tilsvarande einingar så langt det er mogleg for ytte  rammekutt, utover kuttet i effektivisering som alle er pålagt. I hovudsak kjem dermed fordelinga i 2018 til å vera ei vidareføring av dei satsingane som allereie er sette i gang, heller enn å setja i gang nye, skriv universitetsdirektør Gunn- Elin Aa. Bjørneboe i budsjettframlegget.ar med 5,3 milliardar frå Kunnskapsdepartementet

For 2018 kalkulerer UiO med at løyvinga frå Kunnskapsdepartementet vil liggja på 5,3 milliardar kroner. I budsjettframlegget for 2018 er det likevel blitt til 5,4 milliardar. Det blir understreka at den endelege løyvinga frå Kunnskapsdepartementet først blir vedtatt som ein del av handsaminga av statsbudsjettet i desember 2017. Derfor er UiOs utrekna tal for framlegg til fordeling for 2018, grunnlagt på ei vidareføring av den nasjonale finansieringsmodellen som blir brukt i dag og på dei resultata som einingane fekk i 2016.

Den resultatbaserte inntekta frå Kunnskapsdepartementet vil vera på 32 prosent av løyvinga. I 2017 vil UiO få ein samla auke i den resultatbaserte inntekta på rundt 10 millionar kroner. Innanfor utdanning vil det til saman bli 22 millionar kroner, medan det truleg blir 12 millionar innanfor forsking.

Bomma med 30 millionar

Dette året fekk UiO til slutt 30 millionar kroner meir enn det universitetet hadde kalkulert med i budsjettfordelinga som blei formelt vedtatt i juni 2016. Desse pengane går inn i fordelinga av budsjettet for 2018, går det fram av budsjettdokumentet frå universitetsdirektøren.

Vedtok nytt senter for læring og utdanning

Eit samrøystes universitetsstyre vedtok også forslaget om å etablera eit Senter for læring og utdanning ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Etter planen skal  hovudoppgåva til sentret  å bidra i UiO sitt systematiske arbeid med utdanningskvalitet.

Innanfor ramma for 2017/2018 er det gitt ei tildeling på 5 millionar kroner til læringsmiljø som blir overførte til senteret, går det fram av sakspapira.

Etter planen skal dei tilsette i Seksjon for digitale media i læring (DML) ved USIT bli overførte til senteret (5 faste og 1 mellombels stilling. Overføring av 2 mellombelse stillingar som er knytte til prosjekt, bli vurderte hausten 2017. Tilsette ved Fagleg eining for universitetspedagogikk (FUP) vil framleis vera tilsette ved Institutt for pedagogikk, men den delen av stillinga deira som er knytt til universitetspedagogisk utdanning og konsultasjon skal koordinerast gjennom senteret.

Arbeidsressursar ved UB skal også inngå i senteret, utan at stillingsressursar blir flytta. Oppgåver som blir utførte ved Seksjon for forsknings- og formidlingsstøtte (FFS) kan flyttast til senteret, men om dette inneber flytting av stillingar til senteret skal avklarast nærmare.

Det er framleis ikkje avgjort kvar det nye senteret reint fysisk skal etablerast, og truleg vil det ikkje koma i gang før seint på hausten i 2017. Det er universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe som avgjer dette spørsmålet.

Les andre saker i Uniforum om møtet i Universitetsstyret 20. juni:

       • Thomas Hylland Eriksen fikk Forskningsprisen

       • UiO vil bruka 256 millionar til bygg og forskingssatsing

       • - Som å få Messi til Rosenborg

       • Legger ned urdu og oppretter årsenhet i samfunnsøkonomi

 

 

Emneord: nomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2017 21:28 - Sist endra 22. juni 2017 09:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere