Trur nasjonal Khrono kan bli ein talarstol for leiarane i akademia

Planane om å lata nettavisa Khrono bli eit nasjonalt meiningsberande organ for universitets- og høgskulesektoren vekkjer lita begeistring hos redaktørane i På Høyden og Universitetsavisa. Dei peikar på at avisa kan bli ein talarstol for leiarane.

NASJONAL: Nettavisa Khrono ved Høgskolen i Oslo og Akershus har ambisjonar om å bli nasjonal, riksdekkjande avis for heile universitetets- og høgskulesektoren. Det opplyste rektor Curt Rice (t.h).ved HiOA og ansvarleg redaktør Tove Lie på eit informasjonsmøte 22. juni. Styreleiar for Uniforum/Apollon, Fanny Duckert (t.v.) representerte UiO på møtet.

Foto: Ola Sæther

Sist torsdag kunne Uniforum melda at rektor Curt Rice ved Høgskolen i Oslo og Akershus og ansvarleg redaktør Tove Lie i Khrono inviterer alle høgskular og universitet til å bli

Dette er saka:

- Høgskolen i Oslo og Akershus inviterer alle universitet og høgskular til å bli medeigarar i nettavisa Khrono.

- Planen er at Khrono skal bli ei meiningsberande, riksdekkjande og nasjonal avis  for sektoren

- Rektor Curt Rice og Khrono-redaktør Tove Lie presenterte planane for sektoren 22. juni. 

- Planen kan bli realisert på slutten av 2017.

(Kjelder: Uniforum og Prospekt Khrono)

medeigarar i nettavisa Khrono. 

– Khrono skal bli ei nasjonal, meiningsberande avis for universitets- og høgskulesektoren. Me skal vera eit slags Vårt Land eller eit Dagens Næringsliv for sektoren, sa Tove Lie på informasjonsmøtet der planane for første gong blei presenterte offentleg.  

Les i Uniforum: Khrono kan bli nasjonal avis for universitet og høgskular

I dag har både Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og NTNU i Trondheim uavhengige nettaviser, som til dels samarbeider seg  imellom og til dels samarbeider med Khrono. Ansvarleg redaktør Dag Hellesund i På Høyden, nettavisa på Universitetet i Bergen har notert seg planane til Khrono om å bli ei nasjonal, riksdekkjande avis for sektoren.

– Meir behageleg

– Det er ofte meir behageleg for rektorar og universitetsdirektørar å ha eit organ som dekkjer nasjonale saker og debattar enn å ha aviser som ser kritisk på eigen institusjon.

Det trur Dag Hellesund kan vera ein viktig grunn til at planane til rektor Curt Rice om å lata Khrono bli ei nasjonal avis for sektoren, blir så godt mottekne av desse leiarane.

 – Det som er viktig med eit nasjonalt organ, er at det må halda fram med å driva kritisk journalistikk også lokalt, understrekar han.

– Store spenningar i sektoren

Hellesund ser likevel både fordelar og ulemper med planane til Khrono om å bli ei nasjonal, riksdekkjande avis.

– I dag har me eit godt samarbeid med Khrono når det gjeld stoffutveksling. Avisa har gjort det godt på utruleg kort tid. Men me må ha andre ting i tankane også. For me treng fleire enn eitt forum i sektoren til å dekkja det som skjer. Det er store spenningar i sektoren mellom høgskulen og dei nye universiteta på den eine sida og dei store, tradisjonelle universiteta på den andre sida. I Khrono blir det ofte fokusert mest på høgskulesida.  No diskuterer me fleire modellar med eigaren vår. Så skal me sjå kva eigaren vår vil, og kva dei vil gå for i framtida, seier han til Uniforum.

– Fungerer glimrande som live blogg for leiarane

På NTNU i Trondheim sit Tore Oksholen som ansvarleg redaktør i uavhengige Universitetsavisa. Også han har med stor interesse merka seg visjonane rektor Curt Rice og ansvarleg redaktør Tove Lie har for nettavisa Khrono.

– Dei som har nytte av det, er dei leiande aktørane i sektoren. Eg kan godt forstå at desse leiande aktørane på universiteta og høgskulane har glede av ein slik nasjonal talarstol. Både statsrådar, direktøren for Forskingsrådet og andre i sektoren fylgjer godt med på det som det blir skrive om i Khrono.  Khrono fungerer i dag glimrande som ein live blogg for leiarane innanfor sektoren, peikar Tore Oksholen på. Etter hans oppfatning vil det gå ut over dei tilsette og studentane.

– Men kva med dei som arbeider på universiteta eller dei som studerer der? Dei er opptekne av alt det som går føre seg på UiO, NTNU, UiB og andre universitet. Derfor bør rektorar og direktørar tenkja nøye gjennom og finna ut kva type avis dei som dei er leiarar for, skal ha.  Skal det vera ei bedriftsavis berre for dei tilsette eller skal det vera noko meir? Det er klart at dersom eit debattinnlegg frå ein tilsett får større gjennomslag ved å bli publisert i ei riksavis, vil den tilsette sjølvsagt velja å gjera det, trur han.

Oksholen meiner at i dette spørsmålet må dei leiande aktørane i sektoren tenkja vidare.

– Det er litt egoistisk dersom leiarar berre tenkjer på om det er mogleg for dei å bli høyrde. Dei må også tenkja på alle dei tilsette og studentane som også har rett til å bli høyrde og bør bli det, seier Tore Oksholen.

Alternativ riksdekning

Han har allereie tenkt gjennom ein alternativ plan.

– Eg meiner at det den beste løysinga er eit samarbeid om riksdekning på likt plan mellom avisene til dei største og viktigaste universiteta. Dermed får avisa riksdekning, medan dei som skriv debattinnlegg, får ein garanti for at deira debattinnlegg også blir publiserte hos dei andre samarbeidande avisene, seier Tore Oksholen til Uniforum.

– Finst media som dekkjer sektoren

Fanny Duckert, som er leiar for styret for Uniforum/Apollon, var også til stades på informasjonsmøtet, der HiOA-rektor Curt Rice inviterte andre institusjonar til å bli medeigarar i Khrono. Heller ikkje ho synte særleg stort engasjement for visjonane om å gjera Khrono til ei nasjonal avis for sektoren.

– På det møtet peika du på at Morgenbladet allereie eksisterte som eit debattorgan for sektoren. Kva meiner du med det?

– Eg stlller meg ein del spørsmål. For gong etter gong har eg gjennom mange år sett korleis mange blir veldig begeistra for nye idear og prosjekt. Derfor er det viktig å gjera eit godt forarbeid for å finna ut kva det vil kosta av ressursar i staden for å kasta seg hovudstups ut i eit slikt prosjekt. No må me finna ut kva organ som allereie finst. Morgenbladet er ei avis med sterk profil innanfor akademia gjennom debattar og saker. Dessutan så eksisterer Forskerforum, organet til Forskarforbundet, som eit fagblad som blir lese i heile sektoren. I tillegg har me forskning.no og Forskningspolitikk, utgitt av NIFU, som også dekkjer dette området. Så det viser at det ikkje stemmer, når det blir sagt at det ikkje finst nasjonale media som skriv om sektoren, seier ho.  

– Du var der som representant for Universitetet i Oslo. Kvifor blei du plukka ut?

– Eg blei spurt av assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen om å dra på møtet, fordi UiO akkurat no ikkje har nokon fast kommunikasjonsdirektør. Dessutan er me midt i overgangen mellom gammal og ny rektor.  

– Som leiar for styret for Uniforum og Apollon. Kva synest du om planane om lata Khrono bli ei nasjonal, riksdekkjande avis for sektoren?

– Dette er jo ein spennande idé, og det er absolutt verdt å greia det ut nærare, svarar Fanny Duckert.

(Red. merknad: Martin Toft er ansvarleg redaktør for Uniforum, den uavhengige nettavisa til Universitetet i Oslo)

 

-

 

Emneord: Universitetspolitikk, Media, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 26. juni 2017 12:11 - Sist endra 26. juni 2017 12:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere