Svein Stølen overtok rektorkjeda frå Ole Petter Ottersen

I åtte år har Ole Petter Ottersen bore rektorkjeda til Universitetet i Oslo. I går kveld overlét han den til etterfylgjaren sin. Svein Stølen under den høgtidelege rektorinnsetjinga i Universitetets aula.

GRATULASJONAR: UiO-rektor Ole Petter Ottersen gratulerer etterfylgjaren sin, Svein Stølen etter å ha overtatt rektorkjeda.

Foto: Martin Toft

Universitetets aula var fylt opp av folk som ville heidra komande rektor Svein Stølen og avtrappande rektor Ole Petter Ottersen under rektorinnsetjinga i går kveld. Både fylkesmann Valborg Svarstad Haugland og Oslo-ordførar Marianne Borgen var mellom dei som ville høyra Ole Petter Ottersens siste tale i Universitetets aula som UiO-rektor, og Svein Stølens første tale som komande UiO-rektor.

Les:  Svein Stølen vant rektorvalget

– Eit opnare universitet

Ole Petter Ottersen brukte høvet til å trekkja fram dei endringane han meinte Universitetet i Oslo har vore gjennom dei åtte åra han har vore rektor.

SISTE PROSESJON: UiO-rektor Ole Petter Ottersen gjer seg klar til å leia sin siste prosesjon som UiO-rektor.(Foto: Martin Toft)

– Det har blitt eit opnare universitet. Me har invitert til opne førelesingar både etter terroren i Noreg 22. juli 2011 og etter det som skjedde i Paris i 2015. UiO har fylgt tradisjonen frå vår første rektor Waldemar Christopher Brøgger som meinte at utdanning er viktig for eit lite land og det sikraste vernet mot armear og andre farar. Universitetet skal danna fortroppen med kunnskap og realisme mot ekstremisme, sa Ole Petter Ottersen.
 

– UiO må få meir pengar frå staten

Han peika også på at UiO står på ei liste over dei mest innovative universiteta i Europa.

– Og for 17 prosent av pengane som går til sentra for framifrå utdanning i Noreg, har me levert halvparten av alle dei norske sentra. Samtidig er UiO det universitetet som har fått minst vekst i løyvingar frå staten. No må staten gi meir pengar til Universitetet i Oslo, som leverer forsking av høg kvalitet, konstaterte han.

Ottersen var svært nøgd med at høgare offentleg utdanning framleis er gratis i Noreg.

– Dessverre ser me i mange land at studentar må begynna å betala studiepengar. Dermed blir studentane kundar i staden for å bli ein del av den akademiske fellesskapen. Det er berre slik utdanninga kan ha høg kvalitet, understreka han.

– Kan verna fleire forfylgde akademikarar

Den avtrappande UiO-rektoren kom også inn på den akademiske fridomen og på ytringsfridomen.

– Mange klarer enno ikkje å forstå at det å tillata ei ytring ikkje er det same som å dela synspunktet i ytringa. Universitetet skal vera ein stad der ytringar me er heilt ueinige i, skal koma fram i lyset. Og me skal samtidig kjempa for den akademiske fridomen i andre land.

– Noko av det eg er mest stolt av i mi tid som rektor, er at me har firedobla løyvingane til Scholars at Risk. Det gjer det mogleg for UiO å verna endå fleire akademikarar enn før, som ikkje kan praktisera den akademiske fridomen i heimlanda sine. Seinast i går møtte eg ein medisinsk forskar frå Tyrkia som kan halda fram med forskinga si ved UiO. På den måten kan me senda eit signal til heimlandet hans, om at dei ikkje klarer å hindra han å forska, sjølv om han ikkje får gjera det i Tyrkia, sa Ole Petter Ottersen, før han roste både familie, tidlegare og noverande prorektorar og viserektorar og heile staben i Lucy Smiths hus.

– Først og fremst vil eg takka familien min som i åtte år har akseptert at eg har ein storfamilie på 30 000 personar på Universitetet i Oslo. Eg takkar dei for at eg har fått vera rektor med hud og hår, sa Ole Petter Ottersen til kraftig applaus frå salen.  

Gav rektorkjeda til Svein Stølen

Så forlét han talarstolen og gjekk vidare bortover podiet før han stansa rett framfor flygelet. – Då ber eg Svein Stølen om å koma fram for å få overrekt rektorkjeda, sa han. Svein Stølen kom lydig fram, og Ole Petter Ottersen tok av seg rektorkjeda og la den over skuldrene til Svein Stølen. Ottersen las opp innsetjingsorda på latin, før dei gav kvarandre eit varmt handtrykk.

KJEDEOVERREKKING: Ole Petter Ottersen tar av seg rektorkjeda og legg den over skuldrene til Svein Stølen. (Foto: Martin Toft)

Denne delen av seremonien blei runda av med at Den norske Studentersangerforening og Kvindelige Studenters Sangforening saman framførte Sangerhilsen av Edvard Grieg.

 – Ein kunnskapsbank med sikker avkasting

Etter denne kunstpausen, slapp Svein Stølen til med sin første tale som komande UiO-rektor.  

– Universitetet i Oslo vernar om enorme verdiar for samfunnet. Det kan me vera stolte av. For UiO er ein kunnskapsbank med sikker avkasting. Ja, eg vil påstå at den har større verdiar enn Oljefondet. For tenk på alle dei me utdannar her. Tannlegar, legar, økonomar og arkeologar. Nokre av dei som studerer her blir statsministrar, generalsekretær i NATO eller kunnskapsminister.

– Som førelesar har eg sett ferske studentar koma til UiO med stjerner i augo. Målet mitt er at dei også skal forlata universitetet med stjerner i augo når dei har avslutta utdanninga si. Derfor må studentane integrerast endå meir i forskinga enn i dag. Nye teknologiar og ei verd i sterk endring har bruk for ein ny generasjon studentar med kreativitet og kritisk sans. Me må byggja universitetet på ei berekraftig plattform, akkurat som då mine forfedrar  i Jostedalen i Sogn og Fjordane, heile tida var opptekne av at dei skulle overlevera småbruket sitt i betre stand til etterkomarane sine enn det var i, då dei overtok det, fortalde han.

– Må løysa klimaproblema i fellesskap

Han hadde også lagt merke til at UiO tar viktige grep for bli meir berekraftig.

– UiO har sett alle investeringane sine inn i verdas største fossilfrie fond. Eitt fagmiljø løyser ikkje alle problem. Det er viktig at EUs rammeprogram for forsking også vil ta omsyn til Paris-avtalen om klima. Innanfor klima har me mange felles utfordringar som må løysast i fellesskap. Nettopp difor valde med slagordet «Samspel» under rektorvalkampen. For oss er det viktig at UiO kjem seg ut i samfunnet, men også at samfunnet kjem til universitetet. Då tenkjer eg mellom anna på bedrifter og selskap, sa Stølen.

 – Må ha fornybar hjernekraft

Og han trudde det var mogleg å kunna lykkast med å få til eit endå betre universitet. – Me må ha fornybar hjernekraft og samlingsplassar på universitetsområda både for tilsette og studentar. Unge forskarar må få både olbogerom og handlingsrom. Akademisk fridom er svært viktig, og den hindrar oss ikkje i å utvikla bruksretta forsking til nytte for samfunnet, sjølv om me ofte tenkjer i eit perspektiv på ti eller 20 år, trekte han fram.

Og til slutt kom han også med honnør til avtrappande rektor Ole Petter Ottersen.

–  Du har vore ein rektor som aldri har gått trøytt av å snakka om akademisk fridom. Du sette ned den internasjonale ekspertgruppa (SAB), som me vil få stor nytte av. Du fortener stor respekt for det du har gjort, sa Stølen, før han gjekk over til å takka og presentera sitt eige rektorteam, komande prorektor Gro Bjørnerud Mo og dei komande viserektorane Åse Gornitzka og Per Morten Sandset.  

– Det er ei stor ære for oss å leia Noregs eldste universitet. Fellesskapet UiO har mykje å seia for oss. Derfor takkar eg for tilliten de har gitt til meg og teamet mitt, sa Svein Stølen. Også han fekk stor og hjarteleg applaus frå publikum i Aulaen.

Etter at både Universitetets symfoniorkester saman med kora og forsamlinga hadde sunge «Gaudeámus igitur», leidde Svein Stølen for første gong prosesjonen av valde og administrative universitetsleiarar ut av Aulaen. Dei marsjerte ut til tonane frå Purpose av Richard Nordraak, spelt av Universitetets symfoniorkester.

Etterpå var det middag for inviterte gjester på Continental.

 FØRSTE GONG: Svein Stølen leier for første gong prosesjonen av valde og administrative universitetsleiarar ut av Aulaen. (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: Rektorvalget 2017, Universitetspolitikk, Seremoniar Av Martin Toft
Publisert 23. juni 2017 02:14 - Sist endra 23. juni 2017 02:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere