Skal redda den digitale kunnskapsarven

Alle program som er publiserte av Kunnskapskanalen på NRK vert no digitaliserte og arkiverte i samarbeid med Nasjonalbiblioteket. Det opplyser Arild Boman i Kunnskapskanalen til Uniforum.

SYNLEG ROLLE: Arild Boman (t.v.), Arve Nordland og Lars Lomell håpar dei tilsette i UniMedia og Kunnskapskanalen får ei synleg rolle også etter at den kan ha blitt ein del av Senter for læring og utdanning ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet.

Foto: Ola Sæther

Nasjonalbiblioteket og NRK utviklar også eit nytt system for arkivering av alle program, og som samtidig gjer dei lettare tilgjengelege for publikum. Forskingsinstitusjonane som er

Fakta om Kunnskapskanalen:

Starta opp for 20 år sidan.

UniMedia ved Universitetet i Oslo er koordinator for Kunnskapskanalen, og også produsent av program. Det produserer også audiovisuelt materiale for TV, web og andre formål.

Kunnskapskanalen samarbeider med NRK om programsetting og sendeflater på NRK, og nettsida nrk.no/kunnskapskanalen. Dei fleste tv-sendingane går på laurdagar.

Dei tolv medlemsinstitusjonane produserer eigne program, og deler på sendeflata.

Kunnskapskanalen

(Kjelder: UiO, NRK)

medlemmer i Kunnskapskanalen starta nyleg drøftingar om korleis universiteta kan samarbeida og dra nytte av dette.

 – Dette er heilt i samsvar med Stortingets retningslinjer for digitalisering av den digitale kunnskapsarven, også på universitetet. Om ikkje noko blir gjort, risikerer me at den blir forvitra, åtvarar Arild Boman, som har vore med i Kunnskapskanalen sidan den starta opp for 20 år sidan. Først som dagleg leiar, no som prosjektleiar og førsteamanuensis emeritus.  

– Kan spara store ressursar

Han er viss på at alle universiteta og høgskulane vil ha store fordelar av eit nært samarbeid med Nasjonalbiblioteket i å ta vare på dei digitale kulturskattane. – Om dei engasjerer seg no, under utbygginga, kan dei spara store ressursar i utvikling og drift, i staden for om dei vil dra sine system opp dei same bakkane kvar for seg, meiner Arild Boman.

– UiO må ta vare på produksjonsmiljøet

Etter hans meining er det derfor viktig at dette skjer så fort som mogleg.

– Kunnskap går ikkje ut på dato, for kunnskap i digital form vil vera ein hovudfaktor i framtida til universiteta. Derfor må den ikkje berra lagast med god nok forskingsorientert kunnskap og innsikt. Den må også arkiverast og gjerast tilgjengeleg for alle. Nettopp difor er det viktig at satsinga til UiO på digital kunnskap og formidling må ta vare på og utnytta både produksjons- og formidlingserfaringane og kompetansen som er utvikla på universitetet. Det er spesielt viktig når det no skal skje ei ny organisering som får fylgjer for dette vesle fagmiljøet som har vore ein spydspiss i utviklinga av nasjonal digital formidling, og i internasjonale prosjekt, seier Arild Boman. Han tenkjer på forslaget om å lata eininga UniMedia bli ein del av det nye Senter for læring og utdanning som kan bli etablert ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Det blir endeleg bestemt i universitetsstyret 20. juni.

Les meir om forslaget til etablering av Senter for læring og utdanning

– Må visa at dei satsar på oss

– Kollegaen, produsent Arve Nordland tykkjer det er viktig at dei som arbeider i Kunnskapskanalen, også blir synlege i det nye senteret. – Det er viktig at fakultetsleiinga viser at dei vil satsa på oss og bruka oss også i framtida. UiO-rektor Ole Petter Ottersen har vore svært flink til å engasjera oss til å filma viktige konferansar og seminar på universitetet. Me håpar også Svein Stølen vil fylgja opp når han overtar som rektor i august, seier Arve Nordland.

– Forskingsrådet er med

Arild Boman peikar på at dei stadig får nye aktørar inn i Kunnskapskanalen. – No har også Forskingsrådet blitt med, og dermed er heile forskings-Noreg samla i Kunnskapskanalen. Forskingsrådet er opptatt av at forskingsprosjekta dei finansierer, blir dokumenterte og vidareformidla. Men me etterlyser likevel meir strategiske grep frå universitetsadministrasjonen som viser at UiO meiner alvor når det gjeld lovnaden om å satsa på å bli ein avansert, digital kunnskapsbase for samfunnet, seier Arild Boman.

Får støtte frå seksjonsleiar

Begge får støtte frå mannen som har redaktøransvaret for Kunnskapskanalen, Lars Lomell. Han er også leiar for Seksjon for forskings- og formidlingsstøtte.

– Det er noko NRK satsar på, og som universitet og andre kunnskapsinstitusjonar ser at dei får noko igjen for å vera med på. Formidling og utdanning er også ein viktig del av læreplanane ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Derfor er det viktig at me kan ha god kvalitet på utstyret, og samtidig har prosjektleiarar med god og lang erfaring, seier Lars Lomell til Uniforum.

– Me produserte sakte-TV lenge før det blei eit eige omgrep. Og i dei 20 åra Kunnskapskanalen har eksistert, har 12 millionar personar sett programma. Det viser at folk absolutt ikkje berre vil underhaldast til døde, understrekar Arild Boman.

Les meir om møtet i universitetsstyret 20. juni.

 

 

 

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Universitetspolitikkk Av Martin Toft
Publisert 19. juni 2017 14:36 - Sist endra 19. juni 2017 14:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere