No trur dei på fred og ei lysare framtid for Colombia

Ei jordreform og ei full avvæpning av dei paramilitære gruppene. Det er to av dei viktigaste punkta som må gjennomførast for at det kan bli ein varig fred i Colombia. Det kom fram i ein samtale mellom Colombias utanriksminister og leiaren for geriljagruppa FARC i Oslo i formiddag.

TRUR PÅ FREDEN: Både Colombias utanriksminister María Angela Holguín og FARC-leiar Timoléon Jimenez trur på ein stabil fred i heimlandet. Det kom fram under ein samtale leidd av utanriksminister Børge Brende.

Foto: Ola Sæther

I 52 år var Colombia eit land prega av væpna konfliktar. Over 220 000 menneske blei drepne og sju millionar personar blei flyktningar i eige land. I november 2016 klarte FARC-geriljaen og Colombias regjering å bli einige om å inngå fred. I desember fekk Colombias president Juan Manuel Santos utdelt Nobels fredspris for den sterke rolla han hadde spelt i arbeidet med å få til ein endeleg fredsavtale mellom Colombias regjering og FARC.

I dag møttest Colombias utanriksminister María Angela Holguín og FARC-leiar Timoléon Jiménez for første gong utanfor heimlandet. Det

Fakta om fredsprosessen i Colombia:

FARC og regjeringa skreiv under ein endeleg fredsavtale den 24. november 2016.

Avtalen blei først avvist i ei folkerøysting, men ein endra avtale blei godkjent av nasjonalforsamlinga.

Noreg og Cuba var tilretteleggjarar for fredsforhandlingane som gjekk føre seg i Havanna.

Den væpna konflikten i Colombia varte i 52 år, 220 000 menneske har mista livet og sju millionar personar er blitt flyktningar i eige land.

I 2016 blei Colombias president Juan Manuel Santos tildelt Nobels fredspris for å ha tatt initiativet til fredsforhandlingar med FARC-geriljaen. 

(Kjelder: Utanriksdepartementet og NRK)

skjedde på Litteraturhuset i Oslo. I ein samtale leidd av Noregs utanriksminister Børge Brende kom dei inn på kva som må til for at fredsavtalen mellom dei tidlegare stridande partane i Colombia, skal føra til ein stabil og varig fred.

– Jordreform er viktigast

FARC-leiar Timoléon Jiménez var ikkje i tvil om kva som vil vera det viktigaste for han og FARC-geriljaen. – Det viktigaste for oss har alltid vore å få til ei reell og rettferdig jordreform i Colombia. Det var også det som var utgangspunktet for at det blei danna ein gerilja som gjekk til krig mot styresmaktene i Colombia. Difor var det også det første punktet me valde å drøfta då fredsforhandlingane tok til, sa Jiménez.  

Han nemnde også eit anna viktig tema. – Regjeringa må gjera alt den kan for å avvæpna dei paramilitære gruppene. Først då kan det bli verkeleg fred, sa han.

 – Må få slutt på narkotikatrafikken

Colombias utanriksminister Maria Angela Holguín var også einig i det siste. – Ja, det er naudsynt å avvæpna desse paramilitære gruppene. Dessutan er de også naudsynt å få slutt på alle dei gruppene som driv med narkotikatrafikk i Colombia, uavhengig av kva gruppe dei høyrer til. Det håpar med å få til ved hjelp frå Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) og andre internasjonale aktørar, sa ho. Ho viste til at dei også var i gang med arbeidet med å få til økonomisk utvikling på landsbygda.

Då Børge Brende ville vita kvifor president Santos ville setja heile den politiske karrieren sin på spel ved å arbeida for fred i Colombia, meinte Colombias utanriksminister at det var fleire opplagte grunnar til det.

Fred er naudsynt for  økonomisk vekst

 – Han har vore både finansminister og næringsminister, i tillegg til forsvarsminister. Derfor visste Santos svært godt at det var svært vanskeleg å få til naudsynt økonomisk vekst i Colombia utan utanlandske investorar. Og så lenge det er krig i landet, vil ingen selskap satsa pengane sine på prosjekt i Colombia. Så sjølv om valprogrammet hans ikkje sa noko om at han ville ta initiativ til fredsforhandlingar med FARC, så ville det vera mogleg å lesa det mellom linjene, meinte ho.  

Hugo Chavez spelte ei viktig rolle

FARC-leiar Timoléon Jiménez var heller ikkje i tvil om når han og FARC begynte å ta fredsfølarane frå president Santos på alvor. – Det var då han hadde ringt til Venezuelas dåverande president Hugo Chavez og sagt at han ville ha formidla til oss at Colombias regjering var klar til å setja i gang fredsforhandlingar. Seinare ringde han to gonger til til Chavez og gjentok det. Då forstod me at han meinte det, fortalde han. – Etterpå kom det også eit brev frå Cuba som stadfesta det som var på gang. Og då var me heilt sikre, sa Timoléon Jimenez.

Etter hans meining kan den colombianske makta delast i to: Den reelle makta og den formelle makta.  Med den reelle makta meinte han dei som styrer økonomien og næringslivet, medan den formelle makta blir danna av politikarane. – Det var då den formelle makta og den reelle makta i fellesskap såg at dei ville tena på fred, at fredsforhandlingane kunne starta, peika han på. 

Offera fekk snakka med fredsforhandlarane

Begge tykte også det var viktig at begge sider hadde representantar i fredsforhandlingane som sjølve hadde deltatt i krigshandlingane. – Men det viktigaste var at det også kom representantar for offera frå begge sider for å snakka med fredsforhandlarane i Cubas hovudstad Havanna. Og det er feil som mange trur at dei berre er ute etter hemn. Det er dei som er ivrigast etter å få i hamn ein endeleg fred i Colombia, sa Maria Angela Holguién.  Både ho og Timoléon Jiménez gav masse skryt til Cuba og Noreg som hadde lagt til rette for fredsforhandlingar mellom dei stridande partane i Colombia. – Det er heile det colombianske folket takksame for, sa Maria Angela Holguién.

– Må vera optimist

Ein av tilhøyrarane under samtalen, var stipendiat Diego Marín frå Norsk nettverk for Latin-Amerika-forsking ved Senter for utvikling og miljø, UiO. Han var studentleiar i Colombia, då han måtte flykta frå heimlandet sitt til Noreg. No ser han positivt på sjansane til å få til ein stabil fred i Colombia.

GODT DØME:: – Fredsprosessen mellom partane i Colombia er eit godt døme som også kan brukast i mange andre konfliktar i verda. Det trur colombianaren Diego Marín som er stipendiat ved Norsk nettverk for Latin-Amerikaforsking på UiO. (Foto: Ola Sæther)

– Med fredsprosessar må me alltid vera optimistar. Dette er første gong ein delegasjon frå FARC reiser ut av Colombia for å møta høgtståande diplomatar og politikarar i andre land. Og det som me kunne leggja merke til i dag, var at dei to snakka same språk. Det var nesten ingen skilnad når det galdt forklaringa på paramilitær verksemd, på korleis Colombia må gå vidare når det gjeld utvikling på landsbygda. Og når me ser at både regjeringa og Farc snakkar same språk med same typar idear og planar om det som bør skje i framtida, då er det grunn til optimisme når det gjeld å få sett i verk fredsprosessen, seier Diego Marin til Uniforum.

– Kva vil bli det vanskelegaste spørsmålet å få løyst framover?

– Det er å kontrollera dei lokale maktkrinsane. Landet er stor og rik på ressursar, og så er det naudsynt å kontrollera narkotikastrukturar. Det er viktig å få kontroll over slike paramilitære grupper.

– Jordfordeling er den vanskelegaste floken

Diego Marín ser også behovet for å få til ei vellykka jordreform for at freden skal slå rot.

 – Konflikten om fordeling av jord var grunnen til krigen. Og det var også difor FARC ville starta med det punktet då dei starta fredsforhandlingane på Cuba. Også dei største motstandarane av fred i Colombia er opptatt av jorda. Og dei er ueinige i omfordelinga av jorda. Det er det vanskegaste floken å få løyst.

Marín er likevel også optimist på det området.

– Det er bestemt at det skal delast ut 9 millionar hektar med jord til folk på landsbygda. 3 millionar skal gå til offera for konflikten medan 6 millionar skal delast ut  til dei som ikkje har jord i dag. Det skal skje gjennom ein eigen landbruksbank. Men heile gjennomføringa av fredsavtalen vil ta 15 år.

Skal forska på Colombia

– Kva kan akademia ved UiO og andre universitet gjera?

– Me har allereie gjort mykje. Frå akademia og frå det internasjonale samfunnet må me hjelpa til med analysar. Latinamerika-forsking i Noreg er ikkje eit stort fagområde. Men  Colombia har alltid vore eit viktig tema. NorLaNet ved Universitetet i Oslo jobbar med å oppretta ei eiga Colombia-gruppe. Me inviterer alle professorar, masterstudentar og stipendiatar som vil forska på konflikt og fred i Colombia. Me skal samarbeida med Det colombianske nasjonaluniversitetet (Universidad Nacional de Colombia). Fredsprosessen mellom partane i Colombia er eit godt døme som også kan brukast i mange andre konfliktar i verda, er Diego Marín viss på.

Les også om då Colombias tidlegare president Andrés Pastrana besøkte Universitetet i Oslo i 2001

 

 

Emneord: Latin-Amerika, Fredsforskning, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 15. juni 2017 16:27 - Sist endra 16. juni 2017 10:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere