Sommarskulen opna: – Fantastisk og energigjevande

527 studentar frå heile verda deltok då startskotet for den 71. årgangen av Den internasjonale sommarskulen gjekk i Universitetets aula i går kveld. – Dette er fantastisk og energigjevande, sa den komande direktøren Nita Kapoor etter seremonien.

MUSIKALSK OPNING: Klarinettist Carl Petter Opsahl og pianist Tord Gustavsen kom med dei musikalske innslaga under opninga av Den internasjonale sommarskulen i Universitetets aula i går kveld.

Foto: Martin Toft

Jazz, norsk folkemusikk og musikk inspirert av fredsprisvinnaren Desmond Tutu, framført av klarinettist Carl Petter Opsahl og pianist Tord Gustavsen var krydderblandinga som skapte stor stemning i Aulaen, då 527 studentar frå 85 land på fem kontinent var samla for å markera starten på eit seks veker langt opphald på Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo.  

I tillegg fekk dei med seg UiO-rektor Ole Petter Ottersens aller siste tale frå talarstolen i Aulaen, og den aller første talen til den nye leiaren for Studentparlamentet, Jens Lægreid, frå den same talarstolen. 

Johan Galtung trekkjer studentar til Oslo

Ole Petter Ottersen greip først tak i det spørsmålet han alltid ville ha svar på kvar gong han snakka med deltakarane på sommarskulen: – Kvifor i all verda vel du å dra til Noreg på sommarskule? Spurde eg ein av årets deltakarar.  – Det er på grunn av Johan Galtung og fredsforskinga, svarte studenten som kjem frå Bangladesh.  Det er interessant at når du søkjer på fredsforsking på Google, så dukkar namnet til Johan Galtung opp først. Han grunnla Fredsforskingsinstituttet i Oslo.  No kan de også læra meir om internasjonale forhold, internasjonal politikk, menneskerettar og læra norsk på Den internasjonale sommarskulen. Så de har heilt sikkert kome til den rette staden, meinte Ole Petter Ottersen.

SISTE TALE: UiO-rektor Ole Petter Ottersen heldt sin siste tale frå talarstolen i Universitets aula under opninga av Den internasjonale sommarskulen. Han nytta seg av høvet til å fortelja om Munch-måleria i Aulaen.(Foto: Martin Toft)

Siterte fredsprisvinnarar

Han minna også om at frå talarstolen i Aulaen, hadde både Martin Luther King, Elie Wiesel og Mor Teresa halde minneverdige talar etter at dei hadde fått tildelt Nobels fredspris.

– «Likesæle er den mest snikande faren av alle», sa Elie Wiesel. Og Martin Luther King sa fylgjande då han fekk fredsprisen i 1964: “ Eg dristar meg til å tru at folk overalt kan ha tre måltid for dagen for kroppane sine, utdanning og kultur for tankane sine, og verde, likskap og fridom for sitt sinn», siterte Ottersen, før han ynskte studentane lykke til med opphaldet på sommarskulen. 

– Akademisk fellesskap

Leiaren for Studentparlamentet, Jens Lægreid oppfordra dei til å ta kontakt med studentpolitikarane i Villa Eika på Blindern.

– Det er de som skapar liv på Blindern i sommarmånadene. Så stikk innom oss. Folk er lykkelegast når dei er saman. Akademisk fellesskap er det verda treng no, meinte han. 

– Eit privilegium 

Ei av dei som var til stades, var den komande direktøren for Den internasjonale sommarskulen, Nita Kapoor.

PRIVILEGIUM:  - Det er eit privilegium for meg å ha blitt direktør for Den internasjonale sommarskulen, sa Nita Kapoor etter å ha deltatt på opningsseremonien i Aulaen. (Foto: Martin Toft)

– Dette er ein fantastisk måte å ynskja dei studentane på Den internasjonale sommarskulen velkomen til Noreg på. Med Munch-måleria på veggen og fin musikk. Dei viser kor viktig dei mellommenneskelege relasjonane er. Eg minnest godt den gongen eg var kultursjef i NRK og Kringkastingsorkesteret hadde faste konsertar her. I dag er eg glad for å vera ein del av dette. Det er eit privilegium for meg å ha blitt direktør for Den internasjonale sommarskulen,  sa Nita Kapoor til Uniforum då opningsseremonien var over. Den blei leidd av konstituert direktør Sonia Noronha Mykletun.

Etterpå gjekk alle studentane og andre inviterte over til Oslo rådhus for å delta på ei mottaking hos Oslos ordførar Marianne Borgen. Studentane vil vera på Den internasjonale sommarskulen på UiO heilt fram til 4. august.

 

527: 527 studentar frå 85 land på fem kontinent begynner på Den internasjonale sommarskulen denne veka. I går fylte dei Aulaen under opninga (Foto:Martin Toft)

 

Emneord: Den internasjonale sommerskole, Studentforhold, Studentsaker, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 27. juni 2017 12:59 - Sist endra 27. juni 2017 14:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere