UiO-festivalen samla barn ute og vaksne inne

Kjemioppvising og Jørn Hurums dinosaurar var populært hos barna, medan Åsne Seierstad og Sunniva Rose trekte dei godt vaksne til UiO-festivalen på Universitetsplassen i helga.

SJOKALADEKANON: Kjemiforskarane fyrte av ei kanon med sjokolade på Universitetsplassen. Det var populært blant eit ungt publikum.

Foto: Anders Lien /UiO

Barneopera, kjemioppvising med sjokoladekanon, foredrag om Russland, film om Jihad og samtaler om unge jenter frå Noreg som blir med i IS. Det var berre ein liten del av det som stod på programmet under UiO-festivalen i Oslo sentrum i helga.

Les også: Over 1000 barnehagebarn opna UiO-festivalen

Aulaen blei kino

Universitetets aula blei brukt som kinolokale under vising av dokumentarfilmen «Jihad» . Filmen som er heidra med ein Emmy-pris, er laga av den norske filmskaparen Deeyah Khan, som fekk tildelt UiOs menneskerettspris i 2015.

IKKJE REDD: – Eg orkar ikkje å vera redd lenger. Livet er for kort til det, sa filmskaparen Deeyah Khan til Anne Grosvold etter visinga av dokumentarfilmen "Jihad". (Foto: Anders Lien /UiO)

Etter filmvisinga var det ein samtale mellom Deeyah Khan og tidlegare NRK-journalist Anne Grosvold. I filmen har ho intervjua personar frå Storbritannia som har blitt med i ekstreme islamistiske organisasjonar og prøvt å finna svaret på kvifor dei blei radikaliserte.

– Eitt stikkord er utanforskap, meinte Deeyiah Khan. – Også oppleving av rasisme kan vera ein grunn, trudde ho.

– Ver imøtekomande

Då Anne Grosvold ville vita om det er noko folk flest kan gjera for å hindra at personar hamnar i slike ekstreme organisasjonar, kom ho med eit enkelt, men varmt svar.

– Neste gong du treffer ein gut med somalisk bakgrunn på bussen, smil til han og ver imøtekomande. Folk merkar det med ein gong om du er unnvikande og vil prøva å unngå dei, sa Deeyah Khan.

Sjølv er ho svært tilfreds med at ho ikkje lenger er redd for nokon eller noko.

– Eg valde å konfrontera dei eg var redd, nettopp slike radikaliserte menn som de ser i filmen. Så la eg bort mine fordommar mot dei, før eg begynte å intervjua dei. Sidan eg ikkje er journalist, men filmskapar, greidde eg å oppnå tillit hos dei. Og dei har også alle sett filmen min, sa Deeyah Khan til dei rundt 100 som hadde møtt opp i Aulaen.

Må hindra utanforskap

Utanforskap var også stikkordet publikum fekk frå forfattaren Åsne Seierstad, då ho blei spurt om kva som fekk to unge systrer frå Bærum til å forlata eit trygt liv i Noreg og velja å flytta til IS-hovudkvarteret i Raqqa i Syria.

Gamle festsal var fullsett av folk som ville høyra Åsne Seierstad fortelja intervjuaren Harald Eia meir om hovudpersonane i boka «To søstre». Og ho kom med eit råd til norske styresmakter.

 

FULLT I GAMLE FESTSAL: Alle benkane i Gamle festsal blei fylde opp, då Åsne Seierstad skulle fortelja om boka "To søstre" i samtale med Harald Eia. (Foto: Anders Lien /UiO)

– Innfør gratis skulefritidsordning for alle skuleelevar. Då vil de hindra at nokre i dei mest utsette gruppene vil føla seg utanfor fordi foreldra deira ikkje har råd til betala for denne ordninga, trudde ho.

6000 menn og 600 kvinner frå Europa er blitt med i den ekstreme islamistgruppa IS. Åsne Seierstad hadde registrert ein viktig ting med gutane som var blitt rekrutterte til IS.

– Dei er alle småkriminelle og hadde eit rulleblad. Samtidig har kvinnene som blir rekrutterte aldri vore i politiet sitt søkjelys. I Oslo-området begynte alle kvinnene i IslamNet, før dei mest radikaliserte enda opp i Profetens Ummah, sa ho.

To av dei 10 norske kvinnene som blei rekrutterte, var altså to systrer frå Bærum.

– Den einaste som etter kvart forstod at noko var i ferd med å skje, var rektoren ved den vidaregåande skulen der dei var elevar. Ho varsla politiet, sa Åsne Seierstad. Dei to systrene er framleis i Syria.

Kaldt og vått ute

Utanfor, på Universitetsplassen underheldt musikaren Ravi barna. Han blei etterfylgt av Lars Klevstrand som song Erik Bye-viser, medan Anneli Drecker avslutta utekonsertane på Universitetsplassen då det var blitt endå våtare og kaldare. Likevel hadde ho og bandet fleire trufaste publikumarar som gav henne varm applaus. Neste år er det ny festival, truleg med eit heilt anna vêr.

FOSSILT FOREDRAG: Dinosaurforskaren Jørn Hurum heldt foredrag for barna om fossilar og dinosaurar. (Foto: Anders Lien /UiO)

 

Emneord: Forskningsformidling, Velferd på UiO, Kultur Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2017 14:35 - Sist endra 15. mai 2017 14:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere