Tidlegare Nokas-vektar kan få 120 dagars fengsel

Den tidlegare Nokas-vektaren som utløyste bombealarm på Universitetet i Oslo 5. august 2015, bør få 120 dagars fengsel. Det er innstillinga frå politiadvokat og aktor Kari Kirkorn.

DRAMATISK: Det såg ganske dramatisk ut på Blindern, like etter at bombealarmen hadde gått 5. august 2015. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Rettssaka mot den tidlegare vektaren som sjølv stod bak hendingane som utløyste bombealarmen på Universitetet i Oslo 5. august 2015, heldt fram i formiddag. Dagen blei avslutta med at politiadvokat og aktor Kari Kirkorn la fram påstand om at mannen burde dømmast til 120 dagars fengsel, 60 av dagane bør vera på vilkår.

Aktor innstiller også på at mannen sin revolver blir inndregen, opplyser Kari Kirkorn i Oslo politidistrikt til Uniforum. Mannen har tidlegare sete ti dagar i varetekt. Dersom aktor får medhald i den endelege dommen, vil mannen dermed måtta sitja 50 dagar i fengsel. 

Då mannen forklarte seg i tingretten i går, sa han seg lei for det han hadde gjort og sa at han prøvde å dekkja over ei idiotisk handling med ei panikk-handling.

Uniforum har ikkje lykkast i å få ein kommentar frå mannen sin forsvarar, Trygve Staff, til straffa aktor legg ned påstand om at klienten hans bør få.

Dommen frå Oslo tingrett blir kunngjort tysdag 24. mai kl. 10.00.

Emneord: sikkerhet, vektersaken Av Martin Toft
Publisert 16. mai 2017 15:31 - Sist endra 16. mai 2017 17:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere