Orhan Pamuk: - Alle må tolka utstillinga på sin måte

– Det er ikkje mi oppgåve å fortelja kva folk skal tenkja om utstillinga, seier Orhan Pamuk, Nobelprisvinnaren i litteratur frå 2006. I dag opnar han ein filial av «Uskyldighetens museum» i Istanbul i Kulturhistorisk museum.

MUSEUM OG ROMAN BLEI EITT: – For første gong tenkte eg parallelt på å skriva ein roman og laga eit museum. Så difor blir viktige objekt i romanen, også viktige objekt i museet eg etablerte i 2012, fortel nobelprisvinnaren i litteratur, Orhan Pamuk frå Tyrkia. Utstillinga basert på romanen "Uskyldighetens museum" opnar i dag i Kulturhistorisk museum ved UiO.

Foto: Ola Sæther

I dag klokka 10 opnar utstillinga The Art of Fiction i Kulturhistorisk museum ved UiO. Utstillinga er basert på Orhan Pamuks roman  «Uskyldighetens museum» og gjenstandar frå romanen som er stilte ut i Uskyldighetens museum i Istanbul. Der får folk høve til å sjå på viktige ting, klede, ringar og emballasje som tilhøyrde den kvinnelege hovudspersonen Füsun i romanen «Uskyldighetens museum».

 I utstillinga i Kulturhistorisk museum vil det i tillegg for første gong i verdshistoria bli høve til å sjå tolv av Orhan Pamuks originale notatbøker med litterære og kunstnariske skisser, og ein digital versjon av nokre av akvarellane hans. Historiske filmopptak frå heimbyen hans, Istanbul, og bilete frå familiealbumet til Orhan Pamuk, er også ein del av utstillinga.

– Tenkte ut museum og roman parallelt

Nobelprisvinnaren i litteratur frå 2006, Orhan Pamuk er denne veka i Oslo og han forklarar gjerne bakgrunnen for «Uskyldighetens museum».

– For første gong tenkte eg parallelt på å skriva ein roman og laga eit museum. Så difor blir viktige objekt i romanen, også viktige objekt i museet eg etablerte i 2012, som «Uskyldighetens museum». Og museet er i huset til den kvinnelege hovudpersonen Füsun i romanen «Uskyldighetens museum», fortel Orhan Pamuk til Uniforum.

Romanen fortel om eit komplisert kjærleiksforhold som tar til i 1975 og varer fram til 1984.

Orhan Pamuk ynskjer ikkje å svara på kva inntrykk han håpar dei som besøkjer utstillinga vil sitja igjen med.

– Det er ikkje mi oppgåve å fortelja kva folk skal meina om utstillinga. Dette er kunst, og derfor må kvar enkelt av dei besøkjande sjølv gjera seg opp ei meining om det som er stilt ut her, understrekar han.

SER UTSTILLINGA: Forfattaren Orhan Pamuk observerer utstillinga "The Art of Fiction" i Kulturhistorisk museum, basert på romanen "Uskyldighetens museum". (Foto: Ola Sæther)

– Oppdaga utstillinga i London

Historia om korleis utstillinga kom til Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, er derimot noko han gjerne vil seia meir om.

– For eitt år sidan fekk galleriet Courtyard Rooms i Somerset House i London  låna mellom 12 og 14 kopiar av gjenstandane til Uskyldighetens museum i Istanbul. Der oppdaga kurator Selene Wendt utstillinga. Så tok ho kontakt med Uskyldighetens museum og spurde om det var mogleg å få 29 kopiar av gjenstandane til ei utstilling i Oslo. Resultatet er den utstillinga som no opnar i Kulturhistorisk museum, fortel Orhan Pamuk.

Han var i Oslo for første gong for 25 år sidan.

– Sidan har eg vore her for å lansera andre av romanen mine, og denne gongen fell det saman med utgjevinga av romanen «Kvinnen med rødt hår» på norsk. Og så skal det også visast ein film i Oslo basert på mine bøker, seier Orhan Pamuk.

MANGE OBJEKT: Dette er nokre av objekta frå eitt av dei 29 vitrinane i utstillinga "The Art of Fiction" basert på Orhan Pamuks roman "Uskyldighetens museum" og museet med same namn i Istanbul. (Foto: Ola Sæther)

Fekk ja frå Kulturhistorisk museum

Kurator Selene Wendt er svært stolt over at selskapet hennar Global Art Project i samarbeid med Uskyldighetens museum og Kulturhistorisk museum har fått i stand ein filial av Uskyldighetens museum i Historisk museum.

– Då eg kom med ideen til Kulturhistorisk museum, sa dei ja med det same. Og eg er kanskje aller mest stolt over at me har fått stilt ut tolv av dei originale notatbøkene til Orhan Pamuk med litterære og kunstnariske skisser. Det er ei verdshending, for det er det ingen museum som har fått gjort før, seier ho til Uniforum.

– Det har tatt rundt to veker for folk frå museet i Istanbul å få rigga opp utstillinga her. Dette er også stort for meg personleg,  for eg har hatt ei langvarig interesse for samanhengen mellom kunst og litteratur, legg ho til.

The Art of Fiction

Opnar for publikum tysdag 23. mai klokka 10.00.

Les meir om utstillinga på nettsidene til Kulturhistorisk museum

Ville bli kunstmålar

Då Orhan Pamuk var mellom 7 og 22 år var draumen hans å bli kunstmålar. Men då han var 23 år, stoppa han brått å måla. Då han blei ein god del eldre, i 2005, begynte han på nytt å måla i sine eigne notatbøker. Tolv av dei er no på plass i utstillinga Orhan Pamuk: The Art of Fiction. Medan romanen «Uskyldighetens museum» har 83 kapittel og museet med same namn i Istanbul har 83 vitrinar med objekt frå kvart av desse kapitla, har utstillinga i Kulturhistorisk museum 29 vitrinar med objekt frå 29 av kapitla i romanen.

– Selene Wendt var også opptatt av å knyta utstillinga til mitt private liv. Derfor er bileta frå familiealbumet mitt med, seier Orhan Pamuk.

Utstillinga skal stå fram til og med 15. oktober.  Den er støtta av Fritt Ord, Film frå Sør, Oslo kommune og Bergesenstiftelsen.

Les også:

Pamuk-saken tar pulsen på tyrkisk demokrati

Tyrkia henlegger tiltalen mot Pamuk

UiO-glede over Nobelpris til Pamuk

 

Utstilling på Naturhistorisk museum: Botanisk hage skal dyrke ugress i sommer

Utstilling på Kulturhistorisk museum: Kollaps i naturen kan påverka kultur og levemåtar

Emneord: Kunst, Tyrkia, Utstillinger, Litteratur (skjønn-) og forfattere Av Martin Toft
Publisert 23. mai 2017 01:13 - Sist endra 23. mai 2017 01:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere