Gulsvik vann mot UiB og Helse Bergen

Amund Gulsvik vann nok ein gong over Helse Bergen HF og Universitetet i Bergen, som må ut med 1,5 millionar kroner i sakskostnader. 

VANN FRAM: Amund Gulsvik får behalde kvar krone han har fått i løn frå Innovest AS, og er tilkjent 1,5 millionar kroner i sakskostnader.

Foto: Universitetet i Bergen

Borgarting lagmannsrett har forkasta størstedelen av krava frå Helse Bergen, UiB og Innovest AS i saka mot lungeforskaren Amund Gulsvik. Gulsvik får behalde kvar krone han har fått i løn for forskinga si, og institusjonane må betale han 1,5 millionar kroner i sakskostnader, skriv På Høyden.

Men i motsetnad til i tingretten er Helse Bergen og UiB tilkjent eigarskapen til dei 3,5 millionar kronene som gjenstår av forskingsmidla. 

Striden dreier seg om pengane som blei att etter eit stort forskingsprosjekt om kols og gener. Legemiddelselskapet GlaxoSmithKline inngikk ein stor avtale med Amund Gulsvik og Innovest. Aksjeselskapet Innovest var oppretta av UiB og Helse Bergen for å ta seg av administrasjonen av denne typen forsking. Men etter at selskapet hadde vore i drift i ein tiårsperiode fann eigarane ut at det var ein kritikkverdig praksis i selskapet, og byrja å avvikle det. 

Dei meinte at Gulsvik uriktig hadde fått utbetalt store summar, og kravde 4,7 millionar kroner av professoren. 

Men Borgarting lagmannsrett kjem i dommen til at institusjonane ikkje på nokon måte var part i forskingsavtalen. 

Når det gjeld restbeløpet på 3,5 millionar kroner kjem fleirtalet på to dommarar til at dette tilhøyrer institusjonane, men det treng ikkje bety at Gulsvik ikkje har krav på å få meir utbetalt i framtida. Men retten tek ikkje stilling til spørsmålet. 

Retten gir Gulsvik medhald på dei aller fleste punkta. Til dømes hevda UiB og Helse Bergen at han ikkje hadde ein gyldig arbeidsavtale med Innovest, men dette finn retten ingen bevis for. 

Lagmannsretten viser og til at Gulsvik har gjort eit stort og verdifullt forskingsarbeid, og konkluderer med at Gulsvik i det vesentlege har vunne saka. Dfior må Helse Bergen og UiB saman med Innovest betale 1,5 millionar kroner i sakskostnader til Gulsvik. I tingretten måtte dei offentlege institusjonane ut med 1,4 millionar kroner i sakskostnader til motparten. Dersom dei sjølv har liknande utgifter har berre rettssakene så langt kosta skattebetalarane kring seks millionar kroner. 

Emneord: Forskning, Arbeidsforhold Av Dag Hellesund /På Høyden
Publisert 22. mai 2017 16:12 - Sist endra 22. mai 2017 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere