I valet på representant for dei teknisk-administrative tilsette i universitetsstyret har dagens representant, Ole Martin Nodenes fått tre utfordrarar. Det er Astrid Waaler Kaas, Cecilie Wingerei Lilleheil og Marianne Midthus Østby. Uniforum har hatt ein rundebordsamtale med dei for å finna ut kva dei vil gjera i universitetsstyret om dei vinn valet.
Les også: Få gjenvalg til universitetsstyret ved UiO
– Kvifor vil du inn i universitetsstyret?
Astrid Waaler Kaas:
60 år
tilsett ved UiO i 2007
kontorsjef ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning, UV
sivilagronomutdanning fra Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)
administrativ leder eVIR (Nasjonalt infrastrukturprosjekt ved UiO)
president i Noregs Orienteringsforbund og visepresident i det internasjonale orienteringsforbundet
Astrid Waaler Kaas:
– Eg har ei stor interesse av å vera med der strategiar og planar blir lagde på den arbeidsplassen eg jobbar. Då er universitetsstyret den plassen det er viktigast å vera. Me har alle peika på kor viktig det er med ein heilskapleg personalpolitikk og utvikling av kultur og at det må starta på toppen.
– Det vil eg vera med på å påverka, og då er det viktig å vera med i universitetsstyret og fortelja leiinga at her må det takast nokre grep. Så har eg ein spesiell bakgrunn, sidan eg jobba for idretten i mitt tidlegare liv. Slik kan eg evna å sjå universitetet litt utanfrå også.
Cecilie Wingerei Lilleheil:
Cecilie Wingerei Lilleheil:
41 år
administrativt tilsett ved UiO sidan 2002
seniorrådgjevar ved SV-fakultetet og har tidlegare arbeidt ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (SV) og Institutt for kulturstudium og orientalske språk (HF)
tillitsvald ved Forskarforbundet ved UiO,
leiar for Forskarforbundets gruppe av teknisk-administrativt tilsette ved UiO,
erfaring fra studie- og forskningsadministrasjon på institutt- og fakultetsnivå
hovudfag i samfunnsgeografi og praktisk-pedagogisk utdanning
– Det er fordi eg har hjarte for UiO og at eg har eit blikk som kan vera nyttig inn gjennom det fagforeiningsvervet eg har. Eg har vore på UiO sidan 2002, så eg begynner å få lang fartstid her i arbeid med studie- og forskingsadministrasjon både på institutt og fakultet før eg gjekk inn i fagforeiningsarbeid. Derfor kjenner eg kvardagen til dei teknisk-administrative tilsette veldig godt. Ikkje minst veit eg mykje om dei utfordringane den gruppa møter.
– I styret må me diskutera korleis me skal nytta dei administrative ressursane betre og få til dømes sakshandsamingssystemet til å snakka saman med arkivsystemet. Difor er det viktig at eg har god kjennskap til desse systema når me skal diskutera saka i universitetsstyret. Som leiar for Forskarforbundets gruppe for teknisk-administrative tilsette ved UiO er det det perspektivet eg vil ta med meg i styret. Eg er også opptatt av at universitets- og høgskulesektoren skal ha god påverknadskraft inn i resten av samfunnet og bidra til å forma samfunnet. Styret er viktig for å leggja til rette for at UiO tar den rolla.
Marianne Midthus Østby:
Marianne Midthus Østby:
39 år
tilsett ved UiO i 2005
seniorrådgjevar ved Institutt for klinisk medisin, MED
utdanna statsvitar frå UiO med organisasjonskunnskap som spesialfelt.
styremedlem og tillitsvald i Norsk tenestemannslag ved UiO.
medlem i fakultetsstyret ved MED
– Eg har vore tilsett på UiO sidan 2005 og hatt ulike verv sidan 2008, og eg har sett på kor viktig det er at dei tilsette har ei eiga og tydeleg stemme inn i ulike organ ved UiO. Det er viktig at den teknisk- administrative representanten i universitetsstyret får frem tilsetteperspektivet - for dette kan vera svært så annleise synspunkt enn dei som er blitt diskutert i leiarlinja og lagde til grunn i sakshandsaminga i dei sakene som blir fremja. Og dei er viktige for at det skal takast avgjerder som organisasjonen er i stand til å handtera.
– Då det som oftast er gruppa teknisk-administrative som skal setja i verk mange av dei vedtaka som blir gjorde, så må dette perspektivet fram. Motivasjonen min for å stilla, er nettopp å vera denne stemma inn i universitetsstyret og eg tar gjerne den jobben på vegner av tilsettgruppa vår. Eg veit det blir ei krevjande oppgåve, men eg er veldig motivert.
Ole Martin Nodenes
Ole Martin Nodenes:
46 år
tilsett ved UiO i 1999
avdelingsleiar ved CERES - Nasjonalt senter for felles system og tenester for forsking og studium
hovudfag frå HF ved UiO,
jobba både ved USIT og i Studieavdelinga
styremedlem i universitetsstyret i perioden 2013 - d.d
medlem i universitetsstyrets tilsettingsutval 2013 – d.d
hovudtillitsvald for Parat ved UiO i perioden 2006 - 2014
– Eg vil gjerne sitja fire nye år i universitetsstyret fordi me har ein del viktige prosessar gåande som det er viktig blir førte vidare. No kjem det mange nye inn frå hausten, både ny rektor, nye representantar for dei vitskaplege tilsette, for dei mellombels vitskaplege tilsette og ny representant for studentane. Om eg ikkje blir vald inn, overlet me all kontinuitet til dei eksterne. Vedlikehaldsetterslepet er ei viktig sak å føra vidare. Me har vedtatt masterplanen for eigedomar og eit framifrå grønt universitet og Kunnskapsbyen Oslo. Men det er mykje av finansieringa som står igjen, og derfor må me få Kunnskapsdepartementet på bana for å finansiera til dømes Livsvitskapsbygget. Derfor er kontinuitet og press på styresmaktene veldig viktig, og samtidig må me gjera interne grep.
– Eg jobbar jo med digitalisering til vanleg, og eg har skrive at me må kjøpa inn nye datasystem for lønn, økonomi, personal og arkiv. Den digitale flyten av data, kjem til å bli viktig i neste valperiode. Det har eg jobba med gjennom mange år både på USIT, på Studieavdelinga og no i Ceres. Til saman har eg ei fartstid på 27 år som student og tilsett ved UiO. I fleire år var eg også tillitsvald. Eg har gått gradane frå hovudfagsstudent på HF til administrativ og teknisk tilsett fram til eg no er blitt mellomleiar.
Les også: Disse vil inn i UiOs styre
– Om du blir vald inn i universitetsstyret, kva er den viktigaste saka du vil ha gjennomslag for?
Astrid Waaler Kaas:
– Først og fremst er eg opptatt av å bli ein best mogleg representant for dei teknisk-administrative tilsette. Eg har god kjennskap til fleire grupper av tilsette, ikkje minst frå tida ved Kjemisk institutt, der det var både verkstad og glasblåsar. Eg har vore gjennom prosessar med samanslåingar, og då er det viktig å forstå kvardagen til dei teknisk tilsette der, og ikkje berre til dei som jobbar med studie- og forskingsadministrasjon. Eg har opplevd kor utruleg positivt det var å flytta frå dårlege forhold til svært gode forhold. Den gradvise oppgraderinga som blir gjort på campus no, er svært viktig i arbeidet med å få gjort meir.
– Truleg får me strammare økonomiske kår, og då er eg opptatt av korleis me best kan utnytta dei ressursane me har i dag. Det er viktig med meir samspel. Me må tenkja at oppgåvene kan bli litt annleis. Korleis kan UiO liggja i forkant i samband med det? Då blir det viktig for meg å ta vare på dei teknisk-administrative sin kvardag i det nye samfunnet me ser
Cecilie Wingerei Lilleheil:
– Eg er heilt einig med Astrid og Ole Martin i dei sakene dei nemner. Og så har eg skrive at eg vil at UiO skal vera ein god stad å vera. Det handlar om arbeidsmiljø, god personalpolitikk om karriereplanar både for vitskaplege og teknisk-administrative tilsette. Me har snakka mykje om korleis me skal rekruttera folk. Men det er også viktig å diskutera korleis me skal få folk til å bli verande. I forlenginga av det har me tematikkar som mellombelse tilsetjingar, som er ein problematikk som eg meiner det er viktig å jobba vidare med. UiO har ein altfor høg grad av mellombelse stillingar, meiner eg.
– Det handlar også om dei rammevilkåra me jobbar under som eit universitet, med ekstern finansiering. Ekstern finansiering aukar heile tida på universitetet samanlikna med grunnfinansieringa. Men kven skal bera risikoen for vidare finansiering? Er det den som er mellombels tilsett og kan vera det i årevis, eller skal institusjonen ta eit grep og tilsetja fleire på fast basis? Sånne tema og ein god politikk for oss som er på UiO, vil eg vera opptatt av.
Marianne Midthus Østby:
– UiOs personalpolitikk. Stadig strammare økonomiske rammer og krav til omstilling vil setja dei tilsette sine arbeidsvilkår og arbeidsmiljø under eit sterkare press. Eg vil at Universitetet i Oslo skal vera ein trygg og god arbeidsplass – og me må ha ein personalpolitikk som speglar dette.
– Eg er opptatt av at UiO ikkje skal bruka outsourcing og mellombelse stillingar for å skaffa seg større økonomisk handlingsrom. UiO bør ha ein strategi om å auka kvaliteten ved hjelp av eigne tilsette i faste stillingar. UiOs nye rekrutterings- og karrierestrategi, som skal opp til behandling i den komande perioden, skal ikkje gå utover dei tilsette sine lov- og avtalefesta rettar. Dette vil bli den viktigaste saka mi.
Ole Martin Nodenes:
– Økonomien er det viktig å jobba med. Og desse årlege administrative kutta er det vanskeleg å stå imot. Kva skal me gjera med dei kutta? Det er kompliserte saker som me må jobba med. Eg har sagt i plattforma mi at me no må satsa meir på undervisning. I mange år har me satsa på å bli eit framifrå, internasjonalt forskingsuniversitetet, så no synest eg me skal satsa på undervisning. Me skal halda fram på det nivået me er på i forskinga, men me skal også satsa på dei unge og gi dei eit best mogleg utgangspunkt for ein vidare karriere.
– Og så er eg opptatt av at universitetet må opna seg mot verda, med meir næringslivskontakt. Me må gjera det på premissa våre, men me er nøydde til å tilpassa oss ein ny røyndom, der me må opna opp. Og me må dessutan ha auka formidling av forskingsbasert kunnskap. Og om me ser til USA, så er det ikkje alle som godtar forsking som fakta no om dagen. Derfor er det kjempeviktig at me er på bana og er ein korreksjon til dette. Andre saker eg er opptatt av, er uynskte mellombelse tilsetjingar og leiing ved UiO, altså leiingsplattform for UiO: Prinsipp for god leiing på UiO, altså korleis skal god administrativ og forskingsleiing utøvast. Det må nedfellast i medverknad, i personaloppfylging og i rekruttering. Elles er eg opptatt av fysisk og psykisk lærings- og arbeidsmiljø.
Les også: Universitetsstyrevalget: En tredjedel av kandidatene har trukket seg
– Korleis stiller du deg til tiltaka som blir foreslått av Underdal-utvalet for å gjera UiO endå betre som universitet?
Astrid Waaler Kaas:
– Ja, no blei jo diskusjonen hengt opp i spørsmålet om vald eller tilsett rektor som det aller viktigaste. Det har kome mykje nyttig informasjon både frå SAB-rapporten (Strategic Advisory Board), og så er det å ta tak i enkeltting og fylgja opp. Satsing på undervisning og meritering av undervisning er viktig. Me må koma bort frå den kulturen der me snakkar om undervisningsplikt og forskingsfri.
– Ein ting som eg er svært opptatt av på grunnplanet, er arbeidstidsrekneskapen. Den varierer jo frå A til Å på UiO. Eg kom frå Mat.nat. der det ikkje var i bruk i det heile tatt, og til UV, der det er blitt eit rigid system. Der må me finna ei mellomløysing. Slik det blir praktisert på UV, synes eg det skaper ein uønskt kultur. Det blir viktig å ta vare på arbeidskvardagen til den enkelte samtidig som me må evna å tenkja store tankar og ha store vyer.
Cecilie Wingerei Lilleheil:
– Det som det også har vore mykje diskusjon om, er den tida det tar å tilsetja, rekruttera, og korleis me eventuelt kan forenkla desse prosessane. Ein bør kutta noko i prosessane og diskutera kva som skal vera rolla til den sakkunnige komiteen og kva som skal vera rolla til innstillingsorgana som skal gjera arbeidet vidare. Fleire av fakulteta har no sett seg mål for kor lang tid det skal ta å tilsetja. Mat.nat hadde eit mål om prosessar på seks månader, medan HF vil ned frå 12 til 10 månader.
– Noko av det me heile tida snakkar om, er å bli betre gjennom å rekruttera nokre internasjonale toppforskarar som alltid finst ein annan stad der ute. Det synest som om det eineståande arbeidet alltid er der ute, og det trur eg ikkje. Eg trur heller ikkje det er det som er intensjonen, men med den typen prosessar, er inntrykket me kan få, at det framifrå alltid er ein annan stad. Ja, det er viktig å få kortare tid på dette, men det er også viktig å tenkja gjennom korleis me skal skapa gode miljø for dei som me allereie har og kriteria me brukar for å velja ut. Det er ofte kvantitative mål ein brukar når ein først plukkar ut nokre i ein sorteringskomité. Kva utfall får det når det gjeld kjønnsbalanse eller rekruttering av minoritetar?
Ole Martin Nodenes:
– SAB-rapporten var jo veldig disiplinerande og skapte gode diskusjonar mellom styret og dekanane. Styret bestemte at det skulle sjå på fire ulike dimensjonar i rapporten; utdanningskvalitet, forskingskvalitet, det tverrfaglege og konsekvensar for organisasjonen av dei tre første. Det var Underdal-utvalet som blei nummer fire. Me enda jo på ein styringsmodell der me framleis skulle ha vald rektor. Det meiner eg var rett.
– Det førte til at det blei etablert ein eigen søkjarkomité, og det eine rektorteamet kom som ein konsekvens av det. Så blei det også opna opp for rektorkandidatar frå utsida. Det klarte me ikkje denne gongen, men det kan me jobba vidare med for å rekruttera rektorar frå eksterne institusjonar. Så er det oppretta tre tverrfaglege forskingssatsingar. UiO: Norden og UiO: Livsvitskap er nyoppretta. Det er viktig at me får dei til å fungera. Me må også jobba for å at det skal bli lettare å låna ut ein tilsett ved eit institutt til eit annan institutt eller fakultet. UiO er eit breiddeuniversitet, så det bør me klara.
Marianne Midthus Østby:
– Eg er for å halda fram med vald rektor og meiner universitetsdemokratiet må styrkjast. Det gjer ein ikkje gjennom å auka den enkelte leiar sitt handlingsrom eller å styrkja uformelle organ slik utvalet føreslår. Dekanmøtet er viktig, men så lenge diskusjonane går føre seg bak stengde dører, bidrar det ikkje til den openheita og forankringa nedanfrå som eg meiner er naudsynt.
– Tilsettingsprosessane kan kortast ned i tid, utan å undergrava kvalifikasjonsprinsippet som først og fremst har vore basert på vitskapleg kvalitet. Det er viktig at dei som sit i styret, får inn eit alternativ til leiinga sitt perspektiv.
Les meir om valet
Les om debatten: Dei ber folk stemma dei inn i universitetsstyret
Les om styrevalet 2017
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere