Torsdag blir ein av desse vald til rektor ved UiO

Om to dagar blir det endeleg avgjort om kjemiprofessor Svein Stølen eller jussprofessor Hans Petter Graver skal overta stafettpinnen etter Ole Petter Ottersen som rektor ved Universitetet i Oslo. UiO inviterer til valvake torsdag 20. april kl. 13.30.

EIN AV DEI VERT UiO-REKTOR:  Jussprofessor Hans Petter Graver og kjemiprofessor Svein Stølen har i over to månader drive valkamp for å bli vald til ny rektor ved UiO. Torsdag 20. april kl. 14.30 blir valresultatet klart.

Foto: Ola Sæther

Dei som enno ikkje har stemt under rektorvalet, har framleis nesten to døger til å tenkja seg om. Verdas truleg lengste rektorval går mot slutten og vil vera over torsdag 20. april kl.12.00. Valresultatet skal vera klart torsdag 20. april kl. 14.30. Då vil leiaren for Det sentrale valstyret ved UiO, Knut Heidar kunngjera namnet på vinnaren av rektorvalet.   

Les også: Rektorvalsidene til UiO

Tre veljargrupper

Veljarane er delte inn i tre grupper som er vekta ulikt. Dei faste og mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar har ei vekting på 53 prosent av stemmene, medan studentane har ei vekting på 25 prosent og dei teknisk-administrative tilsette sine stemmer utgjer ei vekting på 22 prosent. Valet er elektronisk, så alle som tilhøyrer ei av desse gruppene kan stemma ved hjelp av PC-en sin eller nettbrettet sitt. 

Resultatet av valet vil altså vera klart torsdag 20. april kl. 14.30. Det blir kunngjort under den offisielle valvaka i Stort møterom i 2. etasje i Georg Sverdrups hus. Begge rektorlaga vil også vera til stades under denne valvaka midt på dagen.

Overtar 1. august

Den som vert vald som rektor, kan overta rektorkontoret i 9. etasje i Lucy Smiths hus frå den 1. august i år. Då kan han sitja som rektor i fire år, før det blir høve til å bli attvald for fire nye år. Dagens rektor Ole Petter Ottersen vil ha sete som rektor i åtte år, når han forlét rektorstolen ved UiO, og truleg vil innta rektorkontoret ved det prestisjetunge medisinske universitetet Karolinska Institutet i Stockholm frå 1. august. Førstkomande torsdag får me altså endeleg svaret på om UiOs neste rektor vil heita Hans Petter Graver eller Svein Stølen.

Les også:

Rektorvalsidene til Svein Stølen

Rektorvalsidene til Hans Petter Graver

 

Emneord: Rektorvalget 2017, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2017 15:42 - Sist endra 18. apr. 2017 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere