Språkrådet ber UiO auka bruken av nynorsk

Nynorskbruken går opp ved UiO, men statsinstitusjonen er likevel langt frå å oppfylla krava i mållova. No ber universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe einingane om å fylgja Språkrådets oppfordring om at kvar fjerde sak på nettet og i sosiale media skal skrivast på nynorsk.

TILTAK: Språkrådet oppfordrar UiO til å setja i verk konkrete tiltak for å få opp bruken av nynorsk ved institusjonen. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft/Uniforum

Nettsidene til Universitetsbiblioteket og Uniforum har godt over 40 prosent nynorsk, medan heimesidene til fakulteta berre kan skilta med 0,8 til 9,8 prosent nynorsk. Det går fram av Språkrådets målstatistikk for 2016.

Den flinkaste eininga i UiO-klassen er altså Universitetsbiblioteket, som hadde 42,4 prosent nynorsk på nettsida si. Like etter kjem Uniforum, som hadde 41,1 prosent nynorsk på sine nettsider.

Gode tal for studiesidene

Også studiesidene til UiO viser gode tal. På opptakssidene er det 33,1 prosent nynorsk, medan det er 24,8 prosent nynorsk på eksamenssidene. Dei er dermed langt flinkare enn dei andre einingane ved UiO til å oppfylla krava i mållova. Der står det at ingen av dei to norske målformene bokmål og nynorsk skal vera representert med mindre enn 25 prosent i tekstar som statsinstitusjonar står bak.

Hovudsida til UiO er langt frå det målet. I 2016 var berre 12,3 prosent av tekstane på nynorsk. Språkrådet gir honnør til UiO for at utviklinga går i riktig retning. Uniforum-redaksjonen får i tillegg ros «for å ha lyktes med å innarbeide gode språklige rutiner. Dette gir resultater, som Språkrådet merker seg», skriv seksjonssjef Kristin Solbjør i Språkrådet.  

Under halvparten av alle skjema finst på nynorsk

Språkstatistikken viser også at berre 48 av 102 skjema finst i begge målformer, medan kravet er at dei skal finnast både på nynorsk og på bokmål. For tekstar over ti sider er det rundt 16,3 prosent nynorsk, medan det er 9,6 prosent i tekstar på mellom ei til ti sider.

Dei nyaste kommunikasjonsformene skårar aller dårlegast. UiO brukar berre 4,5 prosent nynorsk på sosiale media som Facebook og Twitter.   

Ber einingane ta grep

No bed universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe einingane om å ta grep og ta oppfordringa frå Språkrådet på alvor. Dei blir bedne om å syta for at kvar fjerde nyhendesak på nettsidene er på nynorsk. Alle skjema må liggja føre på begge målformer. Samtidig må kvar fjerde melding på sosiale media skrivast på nynorsk. 

I eit brev til alle einingane ved UiO ber universitetsdirektøren leiinga på alle nivå om å fylgja opp desse tiltaka overfor aktuelle medarbeidarar. Det skal sikra at dei tilsette blir godt nok informerte om kva lova krev av dei og kva praktiske fylgjer dette får for dei i arbeidskvardagen. Til sist minner ho om at Språkrådet skipar til gratis kurs i nynorsk for statstilsette.

Emneord: Nynorsk, Språkpolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2017 12:40 - Sist endra 18. apr. 2017 12:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere