Graver er skuffa over å ha tapt rektorvalet ved UiO

– Eg er sjølvsagt litt skuffa, men eg er samtidig glad for at det er overstått og at eg kan forlata politikken, seier Hans Petter Graver etter å ha tapt rektorvalet  ved UiO mot Svein Stølen.

TAPTE REKTORVALET: Jussprofessor Hans Petter Graver tapte rektorvalet mot kjemiprofessor Svein Stølen. Det gjekk langt på overtid før valresultatet var klart i ettermiddag. Til venstre står den tapande prorektorkandidaten Inger Sandlie.

Foto: Ola Sæther

Klokka 15.10 i ettermiddag kunngjorde leiaren for Det sentrale valstyret ved UiO, Knut Heidar at kjemiprofessor Svein Stølen hadde vunne rektorvalet ved UiO. Han fekk 54,84

Stemmetal

Stølen og Mo 54,84 %

Vitskaplege tilsette: 55,21 %Teknisk/administrative tilsette:64,36 %

Studentar: 45,62 %

 

Graver og Sandlie 45,16 %

Vitskaplege tilsette: 44,79 %

Teknisk/administrative tilsette:36,64 %

Studentar: 54,33 %

UiO har vald ny rektor

* Valstyret på UiO kunngjorde i dag at Svein Stølen med prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo vann rektorvalget med 54,84 prosent av stemmene.
* Motkandidaten var Hans Petter Graver med prorektorkandidat Inger Sandlie.
* Valet har gått føre seg elektronisk mellom 3. og 20. april. Dei vitskaplege tilsette sine stemmer er vekta med 53 prosent, studentane sine stemmer vekta med 25 prosent og teknisk-administrative tilsette sine stemmer vekta med 22 prosent.
* Ole Petter Ottersen har sete som rektor i to periodar, og går mest sannsynleg vidare til stillinga som rektor for Karolinska Institutet i Stockholm.

prosent av stemmene. Han er vald som rektor for perioden 1. august 2017 til 31. juli 2021.

Jussprofessor Hans Petter Graver tapte dermed rektorvalet med klar margin, og fekk 45,16 prosent av stemmene. Graver ser likevel positivt på det kappløpet han og Svein Stølen har vore gjennom dei siste to månadene:

– Eg er svært glad for at det har vore ein god valkamp, at me har vist kva  universitetsdemokratiet  har å seia og at det er mogleg for UiO å finna gode leiarar internt, seier Hans Petter Graver.

– Trur du at du kjem til å samarbeida godt med den nye rektoren når han tar til i jobben?

– Ja, det trur eg absolutt.

– Er det nokre råd du har lyst til å gi han?

– Eg trur det er viktig for han å jobba inkluderande og lyttande og utvikla samarbeidskulturen ved UiO.

– Kva trur du er grunnen til at de tapte og Svein Stølen vann med sitt team?

– Nei, det kan vera vanskeleg å seia. Det kan henda at saka om automatisk grunngjeving har blitt den eine store saka har blitt oppfatta som meir trugande blant mange av dei vitskaplege enn det eg trur det var grunnlag for. Og så har Svein arbeidt svært dyktig med å oppsøkja miljø, og det har han fått utteljing for, trur Graver. 

I morgon drar den tapande rektorkandidaten Hans Petter Graver  til Kina for å besøkja samarbeidspartnarar i verdas folkerikaste land.

– No er eg letta over at dette er over og glad for at eg kan venda tilbake til forskinga igjen, avsluttar Graver. 

 

 

Emneord: Rektorvalget 2017, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. apr. 2017 17:14 - Sist endra 21. apr. 2017 00:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere