Eit kriminelt forsvar for den akademiske fridomen

– Boka er eit forsvar for den akademiske fridomen. Det seier Gunnar F. Klinge som nyleg kom ut med krimromanen «Alma Mater». Historia handlar om toppforsking og mord på Universitetet i Oslo.

STOR ROLLE: Niels Henrik Abels hus i bakgrunnen speler ei viktig rolle i kriminalromanen "Alma mater", skriven av tidlegare UiO-tilsett, Gunnar F. Klinge.

Foto: Ola Sæther

Kriminalforfattaren Gunnar F. Klinge vandrar over Frederikkeplassen på Blindern. Han ser oppover mot Niels Henrik Abels hus, til dagleg kalla  Matematikkbygningen og lever

Fakta om Gunnar F. Klinge:

♦ fødd i 1976

♦ voks opp på Ullevål i Oslo

♦ studerte sju år ved UiO, mellom anna idéhistorie

♦ arbeidde i fire år som forskingsadministrator ved Det humanistiske fakultetet til.

♦ begynte som seniorrådgjevar ved Høgskolen i Lillehammer i 2010.

♦ gav ut sin første kriminalroman "Alma mater" i 2017 på forlaget Vigmostad & Bjørke. Hovudscena for romanen er Universitetet i Oslo.

seg på nytt inn i sin første kriminalroman «Alma Mater». Der spelar bygningen ei svært viktig rolle.

Lik i ein frysar

I boka handlar det om tildeling av pengar til eit senter for framifrå forsking som aldri blir noko av. Eit lik i ein frysar og ein merittert akademikar frå Universitetet i Oslo som er meld sakna, er andre ingrediensar i intrigen til Gunnar F. Klinges første kriminalroman.

I sju år var Klinge student ved UiO, og i fire år var han forskingsadministrator ved Det humanistiske fakultetet, før han begynte i jobben som seniorrådgjevar ved Høgskolen i Innlandet på Lillehammer. Dessutan voks han opp på Ullevål, ein ti minutt lang spasertur frå Blindern. Klinge er den første som har skrive ein roman frå akademia frå ein administrativ ståstad.

– Det er klart at eg er blitt inspirert av tida eg har farta på Blindern. Og dessutan har eg vore tillitsvald i Forskarforbundet. Der har eg også fått vita mykje om det som går føre seg i akademia i resten av landet, seier Gunnar F. Klinge.

– Universiteta og høgskulane er under press

Bodskapen hans er ikkje berre å underhalda folk med ei bloddryppande historie frå Universitetet i Oslo.

–  Nei, det handlar i stor grad også om innføringa av mål- og resultatstyringa i akademia. No blir alle forskarar pressa til å publisera mest mogleg av best moglege vitskaplege artiklar i dei aller beste vitskaplege tidsskrifta. Samtidig skal dei vera flinke til å undervisa, ha god tid til studentane og ha ledig tid til å senda inn søknader om  ekstern finansiering frå Forskingsrådet eller EUs forskingsprogram Horisont 2020, har han observert.

– Dessutan er det eit press frå styresmaktene overfor universiteta og høgskulane at dei skal ha raskast mogleg gjennomstrøyming av studentar, det skal kuttast i administrative kostnader og fusjonerast over ein låg sko. Det er klart at dette er krav som ikkje går i hop. Korleis skal eit av Europas beste universitet, Universitetet i Oslo kunna konkurrera på like fot med ein liten høgskule? Det blir som om verdas beste sprintar skulle ha møtt ein mosjonist på 100 meter, meiner Klinge.

Kritisk til teljekantsystemet

Etter hans meining har innføringa av kvantitativ måling av forsking og resultatbasert finansiering vore uheldig for akademia.
– Teljekantsystemet bør gravleggjast. Det tener ingen.

Med romanen sin vil han visa korleis avstanden mellom røynda og ideala i akademia stadig blir større.

 – Utgangspunktet mitt for intrigen i boka er spenninga mellom dei klassiske ideala som forskingsfridom og at studentane skal ha fridom til å ta aktivt del i undervisninga som medprodusent av innsikt og kunnskap, sett opp mot mål- og resultatstyringa med teljekantsystemet. I dag er det mengda som tel. Studieløpet er meir einsretta. Flest mogleg skal gjennom studiet på kortast mogleg tid, slår han fast.

– Ei  lita stemme i universitetsdebatten

– Og denne utviklinga kan altså føra til mord?
– Eg håpar i alle fall at denne kriminalromanen kan bli ei lita stemme inn i universitetsdebatten. Gjennom dagens målstyring blir dei tilsette  kontrollerte  i mykje større grad enn tidlegare, mener han. 

– Kunnskapsminister Torbjørn Rød Isaksen seier at humaniora må bli meir relevant i samfunnet, men at dette må skje på fagenes egne premisser. Humaniora-meldinga har openbert t gode intensjonar på humaniorafaga sine vegner, men eg opplever at den ikkje tar høgde for dei strukturelle endringane knytte til målstyring, som legg så sterke føringar på oss som jobbar i sektoren, er hans eiga erfaring.

– Rapporterings-, effektiviserings- og publiseringspresset, fører ikkje berre til ei oppleving  av framandgjering og maktesløyse, der fokus på nytte og auka volum overstyrer faglege vurderingar, men òg til at me jagar mot mål der alt handlar om korleis me skal nå målet. Det er sjeldan rammene tillét  at me stoppar opp og spør kvifor me spring  i ei bestemt retning, seier ein engasjert Klinge.

Begynte å skriva for 17 år sidan

Nyleg har han deltatt på Krimfestivalen i Oslo saman med mellom andre Noregs mest suksessrike kriminalforfattar, Jo Nesbø.
– Det var kjekt.

 Men tok det lang tid frå du begynte å skriva til du fekk gitt ut en roman?
– Ja, eg begynte å skriva for 17 år sidan. Seinare har eg levert inn ein del bokmanus som eg har fått refuserte. Det siste manuset eg skreiv, viste forlaget Vigmostad & Bjørke stor interesse for, før dei refuserte det. Så eg begynte på nytt, og tre år seinare var boka klar for utgjeving.

– Er du nøgd med resultatet?
 – Ja, det er eg.

Førebels kan han ikkje avsløra om det blir nye kriminalromanar frå Universitetet i Oslo.
- Nei, det kan eg ikkje seia noko om. No håpar eg at mange les denne romanen.
Så vandrar han tilbake over Frederikkeplassen, og reiser attende til skrivestova på Lillehammer.

 

 

 

Emneord: Litteratur, Akademisk frihet, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 10. apr. 2017 22:46 - Sist endra 10. apr. 2017 22:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere