– Europa må satsa endå meir på forsking

– Europa kan berre konkurrera med resten av verda gjennom forsking og nyskaping. Derfor må både EU, Noreg og dei andre europeiske landa investera meir i forsking og utvikling, seier Robert-Jan Smits, som er EUs generaldirektør for forsking og innovasjon. 

KUNNSKAP: – Me kan berre konkurrera med resten av verda gjennom kunnskap, ikkje gjennom råvarer eller låge lønningar. Derfor må me utvikla innovasjon og smarte løysingar, seier Robert-Jan Smits, som er EUs generaldirektør for forsking og innovasjon. 

Foto: Ola Sæther

Det var Kunnskapsdepartementet som hadde invitert forskings-Noreg til ein konferanse i Universitetets aula om kva forskingsområde EUs neste rammeprogram for forsking

Fakta om FP9:

FP9 = EUs niande rammeprogram for forsking og innovasjon.

Det skal ta til i 2021 og vara fram til 2027.

Det vil erstatta dagens rammeprogram Horisont 2020 når det tar slutt om tre år.

Horisont 2020 har eit samla budsjett på 80 millardar euro (800 milliardar kroner) frå 2014 til 2020 og er verdas største forskingsprogram.  

FP9 vil vera verdas største forskingsprogram og vera tilgjengeleg for forskarar i alle EU- og EØS-land og samarbeidspartnarane deira utanfor EØS-området.

(Kjelder: Forskingsrådet og EU-kommisjonen)

(FP9) bør satsa på. Det er forskingsprogrammet som skal overta for dagens Horisont 2020, og skal vara frå 2021 til 2027. EUs generaldirektør for forsking og innovasjon, Robert-Jan Smits var invitert for å lytta og fortelja meir om arbeidet med å meisla ut EUs neste store rammeprogram for forsking.

Einig i prioriteringa til universitetsrektorane

Norske universitetsrektorar med Ole Petter Ottersen, Gunnar Bovim og Dag Rune Olsen i brodden har gått ut og oppfordra til at framifrå forsking skal halda fram med å vera hjørnesteinen i EUs 9. rammeprogram for forsking (FP). Det er eit krav som Robert-Jan Smits forstår godt.

– Eg kunne ikkje ha vore meir einig. Europa kan berre konkurrera gjennom å bidra med framifrå forsking, og ikkje med middels god forsking, seier Smits til Uniforum.

 – Er du einig i at EU også bør satsa endå meir pengar på framifrå og banebrytande prosjekt som blir finansiert av Det europeiske forskingsrådet (ERC)?

– Ja, absolutt. Me kan berre konkurrera med resten av verda gjennom kunnskap, ikkje gjennom råvarer eller låge lønningar. Derfor må me utvikla innovasjon og smarte løysingar. Det er grunnen til at alle regjeringar i Europa, også i Noreg, må investera endå meir pengar i forsking og nyskaping. Sjå kva som skjer i Kina. Der har dei auka satsinga på forsking og utvikling med 22 prosent i året. Sør-Korea brukar fem prosent av bruttonasjonalproduktet sitt på finansiering av forsking. Derfor må me bruka mykje meir pengar på dette området også i Europa, meiner Smits. 

Viktig å ha med humaniora og samfunnsfag

Han er overtydd om at også fagdisiplinar innanfor samfunnsfaga og humaniora vil spela ei viktig rolle i det komande rammeprogrammet for forsking.

 – Ja, også i Horisont 2020 har me passa på å integrera forsking frå både fysikk, kjemi, medisin og frå samfunnsfag og humaniora i prosjekta, slik at alle disiplinane kan jobba saman for å få ei best mogleg løysing.  Om du ser på sjukdomar som Alzheimer og demens, så handlar det ikkje berre om medisinering, men også om korleis me skal ta oss av desse mange tusen personane på ein best mogleg måte. Kvar skal dei bu, kven skal passa på dei og kven skal betala for dei? Kva vil skje med deira rettar og plikter? Og korleis skal dette handterast frå eit etisk synspunkt? Alt dette er tema som vil koma opp både innanfor kjemi, fysikk, livsvitskap, miljøforsking, samfunnsfag og humaniora.  Framtidas løysingar kan berre koma gjennom tverrfagleg forsking, slår han fast.

Oppfordrar til å auka nasjonale investeringar i forsking

Robert-Jan Smits synest Noreg heile tida har vore ein god samarbeidspartnar når det gjeld EUs rammeprogram for forsking.

– Representantar for Noreg har alltid vore til stades med gode idear og med vilje til å samarbeida, og har alltid med seg god ekspertise. Derfor har eg ofte meir kontakt med Noreg enn med land som er med i EU. Noreg er der, er ambisiøs og har masse å tilby. Oppfordringa mi til den norske regjeringa er at den må halda fram med det gode forskingssamarbeidet med EU, men samtidig også investera meir pengar i forsking og nyskaping på nasjonalt plan, seier han.

Under innlegget sitt viser EUs generaldirektør for forsking og innovasjon, Robert-Jan Smits også til eit innspel om å leggja militærforsking inn som eit tema som forskingsprogrammet FP9 skal løyva pengar til. Eit raskt søk på Google viser at sterke krefter innanfor forsvarsindustrien i Europa jobbar for dette, samtidig har dei grøne partia i EU-parlamentet protestert mot at EU skal finansiera militærforsking.

Forsking for å oppnå FNs berekraftsmål

Dette står i sterk kontrast til innlegget frå administrerande direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet. Han peikar på kor viktig det var å bruka forskinga til å gjera livet til folk over heile verda betre. Etter hans meining må forskinga vera med på oppgåva med å oppfylla FNs berekraftsmål for god utvikling. Mellom desse måla er å utrydda ekstrem fattigdom og svolt, å redusera talet på barn som døyr tidleg,  å sikra god utdanning for alle og å betra situasjonen for kvinnene.

– Det internasjonale samarbeidet om å utvikla ei ebola-vaksine har begynt som ein suksess, men det står framleis masse arbeid igjen. Gjennom det internasjonale vaksinesamarbeidet CEPI, gir både private og statlege aktørar pengar til dette arbeidet.  Det same skjer innanfor arbeidet med å utvikla rein energi gjennom samarbeidet mellom den internasjonale alliansen «Mission Innovation»  og den private stiftinga «Breakthrough Energy Coalition», som Bill Gates og 27 andre dollarmilliardærar står bak.

Så viste han fram to bilete av dei to underteikningsseremoniane.  

– Legg merke til at dei to personane som er med på begge bileta er Noregs statsminister Erna Solberg og Microsoft-grunnleggjaren Bill Gates, la han til. 

Til slutt trekte han inn sine eigne erfaringar frå felten med dei personane som var ramma av ebola-viruset i Vest-Afrika i 2015.

– Det var mykje desperasjon mellom dei, men samtidig var det også alltid eit håp.  Dei aller fleste landa i verda er små land. Derfor må dei samarbeida for å kunna utvikla seg. EU må spela ei endå viktigare rolle for å få til internasjonalt samarbeid på tvers av kontinenta, synest John-Arne Røttingen.

 – Må fylgja opp Parisavtalen

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet er godt nøgd med dagens rammeprogram for forsking, Horisont 2020.  – I det neste forskingsprogrammet, FP9 blir det viktig å fylgja opp Paris-avtalen omklima og skapa grunnlag for overgangen til ein grøn økonomi, samtidig som det er viktig å ta vare på og å utvikla nye jobbar, seier Haugstad til Uniforum. 

Også han har registrert ynsket frå universitetsrektorane om å få betre balanse mellom grunnforsking og innovasjon i det nye rammeprogrammet. 

– Alle vil ha det. I innspelet vårt legg me vekt på at forsking av sjaber kvalitet ikkje er relevant.  Den må ha høg kvalitet.

UiO-miljø einaste som gjer det bra

Statssekretæren trur derfor ikkje det treng vera ei god løysing å auka pengepotten til Det europeiske forskingsrådet. 

– For oss er det ikkje viktig å få meir pengar til utdeling frå Det europeiske forskingsrådet, men å få fleire forskingsprosjekt med finansiering frå Det europeiske forskingsrådet til Noreg. I dag er Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiO det einaste forskingsmiljøet i Noreg som gjer det bra når det gjeld å få finansiering hjå ERC, meiner han.

I arbeidet med å inkludera humaniora og samfunnsfaga i det framtidige rammeprogrammet,  meiner Bjørn Haugstad EU har noko å læra av Noreg.

– Me må bruka humaniorameldinga vår og få brukt samfunnsfaga og humaniora for å takla dei store samfunnsutfordringane. På dette området har me kome lenger enn EU.  No må programmet  utviklast slik at forskarar ved humaniora og samfunnsfag ser at det er noko der for dei, understrekar han. 

Haugstad er også opptatt av å få til ei forenkling av regelverket til rammeprogrammet. 

– Det er svært viktig å få forenkla det. Men me ser teikn til at det er litt vanskelegare å få revisjonen til å fylgja opp desse innspela. Når forskarar blir utsette for revisjon, må dei heile tida leggja fram mykje dokumentasjon.  

Etter hans meining har Horisont 2020 blitt eit offer for sin eigen suksess. 

– Ja, det er svært lågt tal på prosjekt som får støtte, sjølv om prosjekta er svært gode. Konsekvensen av det er at det neste rammeprogrammet må prioritera prosjekt som berre kan finansierast av EU. Så kan andre gode prosjekt finansierast på nasjonalt nivå, foreslår Bjørn Haugstad.

 

Emneord: Forskningspolitikk, EU, Forskning Av Martin Toft
Publisert 22. apr. 2017 04:00

Elefanten i stua er følgende: Det er umulig i Norge, EØS og EU å få finansiering til et forskningsprosjekt som har som premiss å finne et mindre sentralistisk alternativ til EU (som jo er i langvarig og tilsynelatende uløselig krise, så tenkning utafor boksen trengs).

Og norske samfunnsforskere har tilpasset seg denne "virkeligheten".

Da Dwight D. Eisenhower holdt sin avskjedstale som USAs president i januar 1961, introduserte han det i dag berømte begrepet "det militær-industrielle kompleks". Han advarte - på tross av sin egen bakgrunn som general - helt riktig mot hvordan våpenindustrien i samarbeid med landets enorme militærapparat kunne utøve urimelig innflytelse på politikken, fordi de hadde felles interesse av større bevilgninger. Dette er også i dag en svær faktor: Industrien kan tjene mer penger, menn med mange stjerner kan få vist seg fram med nye og enda farligere leketøy. I dag bør man kanskje legge til en tredje partner i alliansen, og endre betegnelsen til "Det militær-sikkerhets-industrielle kompleks" eller noe slikt. For i disse paranoide tider arbeider millioner i USA med "sikkerhet", både som offentlig ansatte og i det private.

La meg lansere en europeisk parallell. Den er langt mer harmløs, men - så vidt jeg kan observere - knapt omtalt. Og på grunn av den uløste og mangeårige krisa i EU er det ganske viktig å være oppmerksom på den. Herved introduseres "det Brussel-akademiske kompleks": De fleste (eller i det minste mange) av samfunnsvitenskapelige akademikere i Vest-Europa er sosialiserte av idéen om et mer føderalt EU, på tross av den fortsatt uløste krisa. Men dette er ikke bare idealistisk svermeri. Mange av dem er også avhengige av EU-finansierte stipender og prosjekter, enten fordi de håper å få tilslag på sine søknader, eller fordi de er med i slikt allerede. EU-apparatet tilbyr svære beløp til "Europa-forskning" - svære sammenligna med hva som drypper på samfunnsforskerne i de enkelte land fra nasjonale myndigheter. Og du biter ikke den handa som gir deg mat. I tillegg er det slik at deltaking i EU-baserte prosjekter gir glans og prestisje blant kollegene, for da er man "internasjonal" i sin forskning. Og er det noe som er et honnørord i akademiske miljøer i dag, så er det dette adjektivet. EUs ledersjikt er sjølsagt klar over dette. Ved å øse ut store mengder med euro, får de slik "forskning" som de ønsker seg.

Et ikke uttalt premiss for all såkalt Europaforskning er at man ikke skal vende tilbake til nasjonalstatlige løsninger, og et EU som en løsere sammenslutning av suverene stater. Og man skal i hvert fall ikke erstatte euroen med nasjonale valutaer. Dette er internalisert i forskernes hoder som "tilbakeskritt"; sammenlignbart med å frata kvinner stemmerett eller å gjeninnføre dødsstraff. Slikt gjør man bare ikke. Dette betyr at det knapt er mulig å vinne støtte for å forske på forslag om å løse eurokrisa med nasjonale virkemidler. Ethvert forslag som skal vurderes som seriøst må være for reformer på EU-nivå, noe som betyr et felles forsker-rop på mer overnasjonalitet. Ledende skikkelser i dette er professorer som Jürgen Habermas og Anthony Giddens.

De fleste akademikere utafor Europa er ikke i det hele tatt klar over "Det Brussel-akademiske kompleks". De mener som den britiske venstreliberale avisa Guardian at folk som argumenterer for nasjonal suverenitet og nasjonale valutaer i Europa, er "populistiske", "høyreekstreme", og så videre. Le Pen, Geert Wilders og Nigel Farage blir gjerne nevnt. De er for eksempel ikke klar over at EU-kritikk i Skandinavia stort sett har en venstreorientert basis . Det er ikke så rart, for de er prega av sine treff med kolleger fra EU på konferanser, og lesing av deres - og det øvrige elite-kommentariatets - artikler. Nå er så in med "march for science". Men hvor mye av den samfunnsforskninga som EU drysser penger over er genuin og fri vitenskap? Trond Andresen Intstitutt for teknisk kybernetikk

NTNU

tronda@ntnu.no - 22. apr. 2017 22:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere