Sentralbanksjefen trur ikkje på eit samfunn utan kontantar

– Bruken av kontantar går ned, men dei bør ikkje bli borte. Setlar og myntar er navet som held oppe tilliten til pengar, understreka sentralbanksjef Øystein Olsen då han heldt reprisen på årstalen sin for UiO-studentane i formiddag.

LUTTER ØYRE: Sentralbanksjef Øystein Olsen svarte på økonomiske spørsmål frå bachelorstudent Alexander Skage. Han ville gjerne høyra meir om forholdet mellom auka produktivitet, ulikskap og vekst.

Foto: Ola Sæther

Det var nesten fullt i Auditorium 1 i Eilert Sundts hus då Øystein Olsen for sjette året på rad kom for å halda ein reprise av årstalen han gav til politikarar og andre samfunnstoppar i Speilsalen på Grand hotell den 16. februar.

Trur på kontantar

Han kom innom både klimaendringane, nedgangen i oljeprisen, Oljefondet og satsinga på ny teknologi. Og på digital valuta. – Bruken av kontantar går ned, men dei bør ikkje bli borte. Setlar og myntar er Noregs Banks pengar. Det er navet som opprettheld tilliten til pengar understreka han.

Men Olsen var uroleg for ein del internasjonale utviklingstrekk, ikkje minst etter to viktige val. Alle forstod at han tenkte på Brexit og på Donald Trumps valsiger i USA.

– Teikna på auka proteksjonisme internasjonalt er urovekkjande. Me står sterkast saman. Alltid. Uansett, slo han fast.

– Marknadsføring overfor studentar

Etter talen fortalde Øystein Olsen kvifor han og Noregs Bank prioriterer å bruka ein heil formiddag for å tala til økonomistudentar. – Eg synest det er stor stas og hyggeleg både for meg og for medarbeidarane mine i Noregs Bank å koma hit. Det er fint å få halda årstalen for yngre folk enn dei som var til stades i Speilsalen, understreka han.

For Noregs Bank er det også andre tankar bak besøket. – Det er ein fin måte for medarbeidarane våre å treffa og driva marknadsføring overfor studentar. Dessutan er det viktig å halda kontakt med ein utdanningsinstitusjon som UiO, seier han.

Har du lagt merke til noka endring på interessa for Noregs Bank blant studentar dei åra du har vore her?

– Eg har ikkje noko vitskapleg grunnlag for å slå det fast, men det eg har observert, er at interessa alltid har vore stigande. Og så lenge studentane kjem for å høyra årstalen, vil eg koma hit for å framføra den på nytt.

– Så neste år er du her igjen?

Ja, så lenge dei er interesserte, vil eg koma, lova Øystein Olsen.

Svarte på spørsmål om ulikskap

Etter årstalen kom det mange spørsmål til sentralbanksjefen frå studentane. Bachelorstudent i samfunnsøkonomi, Alexander Skage ville gjerne vita meir om samanhengen mellom auka produktivitet, vekst og auka ulikskap. Dessutan ville han høyra om Øystein Olsen var einig i tesen om at auka ulikskap kunne hindra vekst. Skage fekk svar frå Øystein Olsen, men ynskte eit meir utfyllande svar, og difor gjekk han bort til han etter årstalen og bad om eit klarare svar.

Då Uniforum møtte Skage etterpå, var han rimeleg nøgd. – Olsen svarte at det ikkje var eit klart svar på dette på kort sikt, men at det var meir relevant på lang sikt. Han var ueinig i at dagens statistikk maskerer ulikskapen som auka produktivitet skaper. Etter mi meining er det utruleg viktig for eit samfunn at det også er ei rettferdig fordeling, sa Alexander Skage til Uniforum.

 

 

Emneord: Økonomi, SV-fakultetet, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 1. mars 2017 15:09 - Sist endra 1. mars 2017 15:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere