Rektorkandidatane vil ha betre karriereplanlegging for forskarrekruttar

Det er viktig å driva karriereplanlegging for ph.d.-stipendiatar og postdoktorar. Og den bør drivast av forskarane og ikkje av administrasjonen. Det er dei to rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen einige om.

BETRE KARRIEREPLANLEGGING: Rektorkandidatane Svein Stølen og Hans Petter Graver vil begge ha betre karriereplanlegging for stipendiatar og postdoktorar ved Universitetet i Oslo. F.v. debattleiar Sofie Høgestøl, viserektorkandidat Åse Gornitzka, rektorkandidat Svein Stølen, viserektorkandidat Per Morten Sandset, rektorkandidat Hans Petter Graver med prorektorkandidat Inger Sandlie.

Foto: Martin Toft

Det kom fram under rektorvaldebatten fredag 24. mars, der stipendiatforeininga ved UiO, UiODoc ville vita kva politikk rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen har for mellombels vitskaplege stillingar og stipendiatar. Debattleiar og leiar for UiOdoc, Sofie Høgestøl gav først ordet til Svein Stølen.

– Dei aller fleste uteksaminerte doktorkandidatar må finna seg jobb utanfor akademia, sa Stølen. Viserektorkandidaten hans, Åse Gornitzka fylgde opp med å presisera: – Det er ekstremt viktig å ha både doktorstudentar og postdoktorstudentar på Universitetet i Oslo, sa ho.

Rektorkandidat Hans Petter Graver meinte at det mest akutte problemet akkurat no var å ha ein felles møteplass for studentar, doktorstipendiatar, postdoktorar og fast vitskapleg tilsette ved UiO. – UiO-leiinga må også ta den akademiske leiarskapen og ta initiativ og visa at dei er proaktive, sa han.

– Må få betre arbeidsvilkår

Både Hans Petter Graver, prorektorkandidat Inger Sandlie, Svein Stølen og viserektorkandidatane Per Morten Sandset og Åse Gornitzka fekk høve til å fortelja korleis dei enda opp som forskarar ved Universitetet i Oslo.

– Det er knapt noka utdanning som har endra seg meir enn ph.d.-utdanninga, meinte Åse Gornitzka.

– No kan dei uteksaminerte kandidatane enda opp i offentleg sektor, privat sektor eller i universitets- og høgskulesektoren. Dei blir ei yrkesgruppe som stadig er på veg til noko anna, konstaterte ho. – Og det er mange skilde karrierevegar. Dersom du angrar valet du har gjort, går det ikkje an å ombestemma seg. Derfor er det naudsynt at dei får betre arbeidsvilkår , syntest Gornitzka.

 

Må vera mogleg med fleire karrierevegar

Hans Petter Graver peika på at karriereløpet kunne vera annleis for ein doktorgradskandidat ved MN-fakultetet enn for ein doktorgradskandidat ved HF-, UV- eller SV-fakulteta. – Eg hugsar då dottera mi søkte på eit doktorstipend i irsk . Då var det kanskje 100 søkjarar frå HF om beinet frå heilt ulike fag, hadde Graver notert seg. Svein Stølen var einig i dette.

– Det må vera mogleg å bli forskar ved UiO gjennom fleire, ulike karrerevegar, meinte han. Og det må vera oppgåva til rettleiaren å plukka ut dei mest talentfulle slik at dei kan få faste vitskaplege stillingar. Derfor må dei tidleg få ei karriererettleiing. Administrasjonen si oppgåve er ikkje å stella med slike ting, understreka han.

Rektorkandidat Hans Petter Graver var i stor grad einig med motkandidaten sin i dette spørsmålet.

– Det er mange ph.d.-kandidatar ved UiO, som er fast bestemte på å få ei fast, vitskapleg stilling ved Universitetet i Oslo. Men dei fleste må rekna med å venta mellom 8 og 10 år, før dei endeleg oppnår dette målet, slo Graver fast. Han ynskte også å understreka korleis han og rektorteamet hans definerer mellombelse, vitskaplege stillingar.

– Det handlar altså ikkje om doktorstipendiatar eller post doc.-kandidatar, men alle andre vitskaplege stillingar. Det vil ta ei tid å gjera noko med det, men eg seier med Nelson Mandela: «Mange ting ser heilt umoglege til å få til, inntil dei er utførte», understreka han.

Graver peika også på eit paradoks.

— I offisielle samtalar seier universitetsleiinga at dei vil ha ned talet på mellombels tilsette ved UiO. Samtidig går UiO inn for å mjuka opp reglane i Tenestemannslova, slik at det skal bli lettare å tilsetja folk i mellombelse stillingar ved UiO. Me har lova at me skal gjera noko med dette, sa Graver.

Må driva karrierplanlegging

Svein Stølen tok tak i den store utfordringa det er for mange å innsjå at det ikkje er jobb for alle doktorkandidatar på eit universitet eller ein høgskule.

— Derfor er det viktig å driva karriereplanlegging med dei med tanke på at dei prøva å få ein jobb utanfor akademia. Så er det viktig for universitetet å prioritera, også på dette området, meinte han.

Prorektorkandidaten til Hans Petter Graver, Inger Sandlie, tykte det var heilt opplagt kven som burde ta seg av jobben med å plukka ut dei som det bør satsast på.

– For å kunna gi god rettleiing, må du som vitskapleg tilsett bli godt kjent med doktorstudentane dine. Rettleiaren må bestemma kva kandidatar det skal satsast på. Den avgjerda må ikkje forskarane overlata til administrasjonen. Nettopp derfor må ph.d.-studentane få tilbod om kurs i etikk, undervisning, leiarskap og innovasjon, slo ho fast.

Får seg jobb

Åse Gornitzka trudde ikkje det ville vera lett å få til.

– Alle ph.d.-kandidatane har meir enn nok med å bli ferdige med doktoravhandlinga, om dei ikkje også skal måtta ta endå fleire kurs, meinte ho. Viserektorkandidaten hadde likevel ei trøyst til ph.d.-kandidatane. — Det er svært få med den bakgrunnen som ikkje får seg jobb, samanlikna med dei som har lågare gradar frå høgskular og universitet. Innsatsen til ph.d.kandidatane er svært viktig for forskinga ved UiO, framheva ho.

Må seia stopp i tide

Prorektorkandidat Inger Sandlie peika på at i gjennomsnitt er forskarane 42 år når dei får fast vitskapleg stilling på UiO.

– I dag opplever eg som professor i molekylærbiologi at mange av dei utanlandske søkjarane til dei mellombels, vitskaplege stillingane allereie har bak seg tre til fire postdoktorperiodar. Det viser at det er forskarar i mellombelse stillingar som tar all risikoen, ikkje universiteta. Difor må nokon kunne seia stopp til dei i tide, tykte ho.

Fekk lista opp eigne leiarkvalitetar

Debattleiar Sofie Høgestøl viste til meiningsmålinga frå Uniforum, som synte at Svein Stølen var definitivt mest populær mellom dei teknisk-administrativt tilsette. Ho ville gjerne vita korleis Stølen tolka det:

BRA OPPMØTE: Mange var interesserte i å høyra kva bodskap rektorkandidatane Svein Stølen og Hans Petter Graver hadde til forskarrekruttane då UiODoc inviterte til debattmøte i Realfagsbiblioteket den 24. mars. (Foto: Martin Toft)

– Det er truleg fordi eg har god leiarrøynsle. Både som leiar for Kjemisk institutt og som forskingsdekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Eg likar å jobba saman med folk og klarar å få til prosessar som gjer at me får løyst viktige utfordringar, sa Stølen.

Graver fekk også spørsmål om kva han tykte om meiningsmålinga.

– Eg er svært glad for at mitt team fekk 80 prosent støtte ved Det juridiske fakultetet. Som leiar er eg føreseieleg og folk vil vera klare over mine avgjerder. Dessutan er eg flink til å delegera og til å behandla folk skikkeleg. På ein ferie i Spania, las eg den kinesiske boka «Kunsten å kriga». Som alle veit handlar den mest om leiarfilosofi. Den har vore til god nytte for meg som leiar, avslørte Graver.

Neste rektorvaldebatt vil finna stad i morgon, 27. mars i Georg Sverdrups hus. Den skal handla om UiOs globale ansvar og begynner kl. 17:30.

Andre rektorvaldebattar:

Tysdag 28. mars. kl. 14.00, Gamle festsal, Urbygningen i sentrum

Torsdag 30.mars: Hva er god vitenskap? Realfagsbiblioteket kl 14:15

Tysdag 4. april, Studentersamfundet, Chateau Neuf, kl 18:00

Torsdag 6. april: Likestillingsduell, kl 08:30

Valet startar den 3. april og vil gå føre seg heilt fram til den 20. april kl. 16.00.

 

Emneord: Rektorval 2017, Stipendiatforening Av Martin Toft
Publisert 26. mars 2017 22:33 - Sist endra 28. mars 2017 17:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere