NTL UiO støttar Hans Petter Graver som ny rektor ved UiO

NTL UiO har no tatt parti i rektorvalet ved UiO. Fagforeininga meiner at rektorkandidat Hans Petter Graver og teamet hans er det einaste som har vilje til å ta vare på og styrkja universitetsdemokratiet.

STØTTAR HANS PETTER GRAVER: NTL UiO støttar Hans Petter Graver som rektorkandidat.  Organisasjonen meiner at hans team er det einaste som har den naudsynte viljen til å ta vare på og styrkja universitetsdemokratiet, skriv leiar Ellen Dalen på vegner av NTL UiO i eit lesarinnlegg i Uniforum.

Foto: Ola Sæther

Det var rundt klokka 16.21 i dag NTL-UiO gjorde det kjent gjennom eit lesarbrev i Uniforum at fagforeininga meiner at Hans Petter Graver er den beste rektorkandidaten. Leiar for NTL UiO Ellen Dalen peikar på at Graver er den einaste som kan visa til eit langvarig engasjement og arbeid for å ta vare på ordninga med vald rektor.  NTL UiO avsluttar dermed lesarbrevet slik:  "NTL UiO mener at det eneste teamet som har det nødvendige engasjementet og viljen til å bevare og styrke universitetsdemokratiet, er Graver, Sandli og Frich."

– Glade for støtta

Rektorkandidat Hans Petter Graver er nøgd med støtta frå NTL UiO:

– Me er glade for denne støtta som viser at NTL ser den klare skilnaden mellom teama i synet på demokrati og leiing. Me er sikre på at mange andre som set seg inn i programmet vårt og bakgrunnen vår også ser det. Me trur me står for den leiinga UiO vil ha, seier Graver i ein kommentar til Uniforum.

Fagforeiinga kjem også med argument for kvifor den ikkje vil rå medlemane sine til å stemma på rektorkandidat Svein Stølen. I hovudsak er grunnen at dei meiner at Stølens team ikkje står så fast på prinsippet om vald rektor. " Det eneste Stølens team kan love, er at de som rektorat selv ikke vil ta initiativ til å endre dagens ordning. Det holder ikke."

– Jobbar stødig vidare

Uniforum har også vore i kontakt med rektorkandidat Svein Stølen for å få ein kommentar frå avgjerda til NTL UiO om å støtta Hans Petter Graver som rektorkandidat.  

– Me tar det til orientering, seier han til Uniforum.
– Korleis vil du vinna støtte frå dei andre fagforeiningane ved UiO?
– Me jobbar stødig vidare basert på valplattforma vår, avsluttar Svein Stølen,
(Oppdatert kl. 17:23)

 

 

Emneord: Rektorvalget 2017 Av Martin Toft
Publisert 31. mars 2017 16:58 - Sist endra 31. mars 2017 17:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere