Klart for ny duell for rektorkandidatane i Akademisk forum

– Me vil gjerne vita meir om kva dei vil, og korleis dei vil løysa problema ved UiO, seier leiar Johan Storm.

UTSPØRJING: Rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen skal spørjast ut av forskarar og andre tilsette under rektorvaldebatten i Akademisk forum tysdag 21. mars.

Foto: Ola Sæther

Den 21. mars klokka 16.00 kan alle som er i tvil om kven dei skal stemma på under rektorvalet, kanskje bli litt klokare. Då møtest rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen til ein ny duell i Georg Sverdrups hus. Det skjer i regi av Akademisk forum.

– Det skal handla meir generelt om dei store utfordringane og problema ved Universitetet i Oslo og korleis rektorkandidatane meiner dei kan løysast. Samtidig vil me også spørja dei om korleis dei vil universitetet skal vera, seier Johan Storm, som er leiar for Akademisk forum.

– Meir informativt og relevant

Etter hans meining vil denne debatten bli betre enn den offisielle rektorvaldebatten 14. februar.

INVITERER TIL REKTORVALDEBATT: Johan Storm er leiar for Akademisk forum og oppfordrar alle på UiO til å møta opp i rektorvaldebatten tysdag 21. mars kl. 16.00. (Foto: Ola Sæther)

– Her er det forskarane og dei tilsette ved UiO som sjølve skal spørja kandidatane ut, ut ifrå dei røynslene dei har hatt og dei problema dei har sett frå innsida i kvardagen. Og det vil bli betre høve til å gå djupare inn i sakene. På den måten blir det ikkje berre ein vanleg debatt. Eg trur det blir mykje meir informativt og relevant enn når ein journalist utanfrå spør dei ut, slik som var tilfellet sist. Derfor håpar eg at me vil få ein langt betre diskusjon om saker som universitetssamfunnet er meir opptatt av. Eg synest at mange viktige tema ikkje kom godt nok fram i debatten som blei leidd av Aslak Bonde, seier Johan Storm.

Inviterer medlemar frå alle fagforeiningane

Rektorkandidatane har lova å ta med seg prorektorkandidatane og viserektorkandidatane sine også. Og Johan Storm understrekar. – Sjølv om Akademisk forum formelt sett er knytt til Forskarforbundet, oppfordrar me representantar frå både Parat, NTL og Akademikarane til å koma for å delta i denne debatten også. Slik vil me få ein breiast mogleg diskusjon, seier han.

Rektorvalet skal gjennomførast som eit elektronisk val, og det begynner den 3. april og held på heilt fram til den 20. april.

Rektorvalget 2017

Les også meir på UiOs offisielle rektovalsider

 

Emneord: Rektorvalget 2017 Av Martin Toft
Publisert 16. mars 2017 12:23 - Sist endra 17. mars 2017 09:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere