Fullt hus då UiO opna Trump-seminar

– Ironisk nok vil ikkje Donald Trumps politikk gjera USA større igjen, men meir lik Europa. Det var konklusjonen til Hilde Restad frå Bjørknes høyskole på seminaret «Verden med Trump» som starta i regi av SV-fakultetet ved UiO i går.

TID FOR TRUMP: Seminarrekkja "Verden med Trump" blei opna av UiO-rektor Ole Petter Ottersen i Litteraturhuset i går. Innleiiarane var Iver Neumann, Cathrine Thorleifson, Hilde Restad og Carl Henrik Knutsen.

Dei som kom fem minutt for tidleg, kom for seint til å få med seg opninga av seminaret «Verda med Trump» med UiO-rektor Ole Petter Ottersen i Litteraturhuset i går kveld. SV-fakultetet hadde invitert forskarane Hilde Restad frå Bjørknes høyskole, Carl Henrik Knutsen og Cathrine Thorleifson frå UiO og Iver Neumann frå London School of Economics til å diskutera forskjellige sider og konsekvensar av USAs president Donald Trump sin politikk.

Amerikansk eksepsjonalisme

USA-ekspert Hilde Restad tok først tak i det ho kalla for amerikansk eksepsjonalisme.

– Først må me spørja oss kvifor det er så mange tryggingsrådgjevarar og andre ekspertar langt inne i Det republikanske partiet som seier at dei aldri vil jobba for Donald Trump. Svaret er at dei står for amerikansk eksepsjonalisme, medan Donald Trump ikkje gjer det. Kort sagt går det ut på at dei ser på amerikanske verdiar som moralsk overlegne alle andre land sine verdiar, og at USAs oppgåve er å spela ei spesiell rolle i verdshistoria. Det har altså ingenting med etnisitet å gjera, men heller basert på kva USA er som nasjon.

– I Europa handlar derimot identitet om språk, etnisitet og kultur. Forkjemparane for amerikanske eksepsjonalisme meiner at USAs grunnlov er betre enn den dei europeiske landa har. Den var kanskje revolusjonerande ein gong, men USA hadde samtidig slaveriet, og var like kvinneundertrykkjande som andre land på den tida. Storbritannia, Frankrike og Tyskland var også kolonimakter, noko USA heile tida kunna visa til at det landet ikkje var.

–Trump meiner USA taper økonomisk

– Etter den 2. verdskrigen grunnla USA den nye verdsordenen. Den var basert på økonomisk struktur, diplomati og militær struktur. USA ville forma internasjonal politikk utan at internasjonal politikk skulle styra USA. Trump meiner at USA taper økonomisk på dette, slo Restad fast.

Etter hennar meining ser Donald Trump heller på Kina som ein økonomisk enn som ein militær konkurrent.

– I det store og det heile handlar politikken hans om den etnisk kvite identiteten, mot globalisering, mot frihandel og mot multikulturalisme, konstaterte ho.

– Inga regjeringsmakt til Geert Wilders

Forskar i sosialantropologi, Cathrine Thorleifson peika på likskapane mellom Brexit, Trumps valsiger i USA, og dei høgrenasjonalistiske partia i Europa.

–Tenketanken og pressebyrået Breitbart er på plass på begge sider av Atlanterhavet. Og leiaren for det britiske nasjonalistpartiet, UKIP, Nigel Farrange blei invitert til å møta president Donald Trump, før Storbritannias statsminister Theresa May, sa Thorleifson. Sjølv om høgrenasjonalismen har vind i segla i Europa, trudde ho ikkje at Nederlands høgrenasjonalist Geert Wilders ville ha nokon sjanse til å vinna regjeringsmakt under parlamentsvalet 15. mars.

– Partiet hans vil kanskje få 13 prosent av stemmene. Hovudbodskapen hans er «Stopp islam! Han har også samarbeidt med Marine Le Pen i Frankrike og Alternativ for Tyskland. Den viktigaste påverknaden desse partia har hatt, er at dei får dei andre større partia til å gå lenger mot høgre for å kapra stemmer. Dei utfordrar likevel det nederlandske liberale demokratiet, meinte ho.

– Eg er redd

Iver Neumann frå London School of Economics vedgjekk at han ikkje likte noko særleg verdssituasjonen etter at Donald Trump kom til makta i USA. – Eg har aldri tidlegare vore redd, ikkje ein gong då me levde under fare for ein atomkrig under Den kalde krigen. Men no er eg redd fordi det er for mange ting som liknar på det som skjedde på 1920-talet. I Russland er det to politiske retningar: Europasianismen og nasjonalbolsjevismen. Den første ideologien går ut på at Russlands plass er ein stad mellom Europa og Asia. Nasjonalbolsjevismen kjem frå høgre, men håpar å alliera seg med nasjonalistar frå venstresida. Hovudbodskapen er at minoritetar skal haldast nede, konstaterte han.

– Ikkje utan sjarm

Han såg mange likskapar mellom Donald Trump og Russlands president Vladimir Putin.

– Putin er akkurat som Trump forretningsmann. Han er heller ikkje utan sjarm. Trump er først og fremst ein internasjonal forretningsmann som kan tenkja seg å ha ei tilnærming til Russland når det gjeld forretningar. Skilnaden er at USA har militærbasar i over hundre land og er verdas sterkaste stat. Russland har 147 millionar innbyggjarar og utanfor dei store byane fungerer infrastrukturen dårleg. Putins mål er å få Russland anerkjent som likeverdig med USA. Men det vil aldri skje så lenge Trumps store mål er å gjera «America great again», var konklusjonen til Iver Neumann.

Trumps tre verste gjerningar

Statsvitar Carl Henrik Knutsen tykte det var mykje som var negativt med utspela til Donald Trump.

– Eg ville likevel aldri ha sett sparepengane mine på at det amerikanske demokratiet ville forsvinna med Trump, slo han fast. Knutsen peika på at eit robust demokrati handlar om meir enn å halda val. Den liberale komponenten i eit demokrati er å verna individa og minoritetane sine rettar. Alle diktatur held val, men alle veit kven som vinn, trekte han fram.

Etter hans meining har Donald Trump gjort tre ting som er spesielt ille:

– Han har underkjent valresultat, han har underkjent media og han har underkjent domstolane. Derfor må me heisa det raude flagget for Trump, sa Knutsen.

Mellom publikum var det også Trump-tilhengjarar som etterlyste folk i panelet som ikkje var politisk korrekte. Hilde Restad gav dei svar på tiltale:

– Det er sjølvsagt viktig at folk med andre meiningar om Trump deltar i debatten, men då må dei ha respekt for dei som meiner noko anna enn dei sjølve. Og er det greitt å kalla alle meksikanske menn for valdtektsforbrytarar og alle muslimar for terroristar, slik Trump har gjort? Kva er det eigentleg å vera politisk korrekt? spurde ho.

Hilde Restad kom også med eit spark til Donald Trumps motkandidat under presidentvalet, Hillary Clinton.

– Kvar dag under valkampen publiserte ho ein TV-reklame om kor dum Donald Trump er, sa ho. 

Cathrine Thorleifson fekk spørsmål om kven av dei høgrenasjonalistiske leiarane som hadde størst sjanse til å få makt.

– Utan tvil Marine Le Pen. No har ho også fått eit betre kvinnetekke, konstaterte ho.

Neste seminar om «Verden med Trump» er tysdag 21. mars klokka 18.00 i Litteraturhuset i Oslo. Det skal handla om bygging av murar: «Når verdens stenges ute: Murer og barrierer under Trump».

 

Emneord: Frankrike, USA, Russland, Europa, Storbritannia Av Martin Toft
Publisert 15. mars 2017 18:26 - Sist endra 15. mars 2017 18:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere