UiO overtar samlinga til eventyraren Oscar Mamen

Mange tusen bilete av folkegrupper i Mongolia blei funne i fem Amerika-koffertar på Kolbotn i fjor. Samlinga tilhøyrde eventyraren og tobakkshandlaren Oscar Mamen og antropologen Ethel Lindgren. No har Kulturhistorisk museum ved UiO overtatt samlinga.

FOTOSKATT: Dette er eitt av dei 10 000 fotografia  i Mamen-samlinga som Kulturhistorisk museum overtar. Oscar Mamen var ein norsk eventyrar som saman med kjærasten sin, antropologen Ethel Lindgren, tok bilete av folk og dyr i Mongolia mellom 1924 og 1932.

Foto: Oscar Mamen

I februar i fjor møtte sosialantropologen Gro Ween nettverksbyggjaren og manussamlaren Don Tumasonis. Han fortalde avdelingsleiaren for etnografi ved Kulturhistorisk

Mamen-samlinga inneheld:

- 4000 nyoppdaga negativ

- 10 000 framkalla fotografi

- dagbøker, feltnotatar og brev om folkegrupper i Mongolia som var utan skriftspråk fram til etter Den andre verdskrigen.

- dokumentasjon av feltarbeida til den norske eventyraren Oscar Mamen og kjærasten hans, antropologen Ethel Lindgren frå Cambridge-universitetet frå 1924 til 1932.

(Kjelde: Gro Ween, Kulturhistorisk museum)

museum at han hadde vore i Cambridge og høyrt på eit foredrag av John Lindgren, som er sonen til den norske eventyraren og tobakkshandlaren Oscar Malling Mamen (1885-1951) og den andre kona hans, den kjende Cambridge-antropologen Ethel Lindgren (1905-1988) frå USA.

– Han sette meg på sporet av familien til tobakkshandlaren i Noreg. Då eg kom tilbake igjen, forsøkte eg å få tak i barnebarnet hans, Stein Mamen på Kolbotn, minnest Gro Ween.

Etter at Don Tumasonis hadde etablert kontakt med familien, drog dei to for første gong heim til Stein Mamen.

– Magisk

– Då me kom inn i stova til Stein, stod det fem svære Amerika-koffertar der. Oppe i koffertane var det mange tusen framkalla fotografi, bunkar med store negativalbum, filmar, dagbøker, feltnotatar, brev og bokmanuskript frå Oscar Mamens reiser i Mongolia, Kina og Afrika. Det var magisk å oppdage dette, fortel ho.

No har Stein Mamen og systera Ellen Mamen deponert alt dette til Kulturhistorisk museum og gitt museet løyve til å digitalisera samlinga.

Eventyraren og antropologen

I FELTEN: Eventyraren Oscar Mamen i felten i Mongolia. (Foto: Frå fotosamlinga til Museum of Archaeology and Anthropology, Cambridge University)

Men bak desse bileta og manuskripta skjuler det seg også ei spennande historie om den norske tobakkshandlaren Oscar Mamen og Ethel Lindgren.

– Oscar Mamen var ein mann på over to meter, medan Ethel var ei kvinne på 1,90. Dei var eit usedvanleg par, spesielt etter mongolske standardar. Dei møttest i Ulanbataar i Mongolia i 1924 då Lindgren kom for å gjera feltarbeid. Mamen skulle vera guiden hennar. Han var kjentmann i regionen og hadde god kunnskap om språka. Det hadde han fått gjennom arbeidet sitt for The Great American Tobacco Company der oppgåva hans var å selja tobakk til innbyggjarane i Mongolia.

Det enda med at dei blei eit par og fekk sonen John, fortel Gro Ween.

Saman drog dei på to ekspedisjonar til den nordaustlege delen av Indre Mongolia. – Dei skildra mongol, evenki, russiske immigrantar og han-kinesarar. Dessutan fotograferte dei buddhisttempel og –kloster, religiøse seremoniar, lamaer og sjamanar, offisielle besøk og scener frå kvardagslivet, seier Ween.

I FELTEN: Ethel Lindgren (under)saman med guidane sine i Mongolia. (Foto: Oscar Mamen, 1931, MAA, Cambridge University)

Ethel Lindgren var interessert i fotograferinga til Oscar Mamen og han i hennar antropologiske metode. Begge deltok også i den svenske eventyraren Sven Hedins ekspedisjon i Mandsjuria på 1930-talet. Kjærleiksforholdet varte frå 1924 til 1932. Då hadde dei til saman klart å ta mange tusen bilete. Etter kvart vende Oscar Mamen tilbake til den første kona si, som kom frå Noreg.

– Han tok med seg heile familien til Tanganyika i Afrika då han fekk jobb i ei diamantgruve. Der døydde han også etter at han blei påkjørt av ein lastebil. Grava hans er i dagens Tanzania, seier Ween.

 

– Eksporterte reinsdyr til Skottland

– Og kva skjedde med Ethel då forholdet var slutt?

– Ethel vende tilbake til Cambridge med sonen John Lindgren. Ho gjorde ein stor og mangfaldig antropologisk karriere. På 1940-talet blei ho invitert til å gjera feltarbeid i svensk Lappland. Der møtte ho og gifta seg med Mikkel Utsi frå Jokkmokk. Dei blei berømte for å ha eksportert ein reinflokk frå Jokkmokk til Aviemore i Skottland. Etterkomarane til reinflokken finst framleis i Skottland, seier Gro Ween.

Overlet 26 000 fotografi til Cambridge

John Lindgren blei geograf og hadde, akkurat som mora si, ein eventyrleg karriere ved Cambridge.

– Etter at mora døydde overlet han 26 000 bilete til Cambridge-universitetet. Mellom desse bileta var dei som mora hadde tatt av dei mongolske urfolka saman med Oscar Mamen, seier Ween. Ho fortel at Cambridge-universitetet si interesse for Mamen-samlingane førte museumsfolk og forskarar derifrå til Kolbotn.

Jocelyne Dudding, som er ansvarleg for fotosamlinga ved Cambridge-universitets museum for arkeologi og antropologi, kom saman med Uradyn Bulag, professor i sosialantropologi og sjølv frå Indre Mongolia. Dudding og Bulag ynskjer å skapa rom for at også Mamen-bileta som no skal digitaliserast på Kulturhistorisk museum, kan førast tilbake til Indre Mongolia. Professor Bulag er opptatt av urfolket evenki i området, peikar Gro Ween på.

– Dei manglar skriftspråk, så historia deira er skriven av stormaktene Kina og Russland, som har styrt over områda deira. No kan dei gjennom desse bileta sjå korleis og kvar dei levde på slutten av 1920-talet. Det vil vera viktig dokumentasjon når dei skal få ein korrekt versjon av deira eiga historie. Dei kan få historia si tilbake, ikkje berre dei store historiene, men også dei som handlar om tradisjonar, seremoniar og kvardagsliv, kanskje også fortalt gjennom bilete av familiemedlemane deira, trur ho.

Overtar samlinga

Tysdag 14. februar var ringen slutta. Då kom barnebarna til Oscar Mamen, Stein Mamen og Ellen Mamen til Kulturhistorisk museum for å skriva under på avtalen som overlet Mamen-samlinga til Kulturhistorisk museum.

– Då me kom tilbake frå Tanzania i 1960, tok me med oss samlinga til bestefar. Planen til faren vår, Bernt Oscar Mamen var at han skulle skriva ei bok. Det blei med planane. Så me har vore veldig sløve. For dette er ei spennande samling, seier Stein Mamen til Uniforum.

Han er fødd i Tanzania, medan systera Ellen Mamen er fødd i Oslo. – Eg var fire år då bestefar døydde, så eg hugsar han, og minnest at han var veldig høg, seier ho. – Då var eg berre to år, så det er ikkje så mykje eg hugsar av han, seier Stein Mamen.

– Bileta skal bli tilgjengelege for alle

Direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum er svært glad for å få ansvaret for denne samlinga. – Me har planar om å digitalisera desse flotte bileta og kanskje laga ei nettutstilling av dei. Då vil dei vera tilgjengelege for alle interesserte, seier han til Uniforum. Gro Ween synest det er fint.

– Dette er ei unik historie. Me har 473 gjenstandar her på museet som Oscar Mamen samla på reisene sine. Derfor er det fantastisk at Stein Mamen og Ellen Mamen har gitt oss høvet til å kunna dokumentera og læra meir om historia til desse gjenstandane. Ikkje minst viktig er det at me får høve til å bidra til å føra gjenstandane og bileta i samlinga saman med menneske som held til der dei først kom frå, seier Gro Ween.

AVTALEN: Ellen Mamen og Stein Mamen skriv under avtalen som sikrar at Kulturhistorisk museum ved UiO overtar Mamen-samlinga. Til høgre museumsdirektør Håkon Glørstad. (Foto: Martin Toft)

 

 

 

Emneord: Kulturhistorisk museum, Antropologi, Asia Av Martin Toft
Publisert 22. feb. 2017 13:04 - Sist endra 22. feb. 2017 13:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere