Rektorkandidatane er ueinige om grunngjeving av sensur

Om Hans Petter Graver blir vald til rektor, lovar han å innføra grunngjeving av sensur. Om Svein Stølen vinn rektorvalet, vil han gjerne greia ut dette spørsmålet først. Det var truleg den største usemja som kom fram då dei to møttest til den første rektorvaldebatten tysdag ettermiddag.

UEINIGE OM NOKO: Rektorkandidatane Svein Stølen (t.v.) og Hans Petter Graver er begge for vald leiing på UiO. Men dei er ueinige om behovet for grunngjeving av eksamenssensur. Det kom fram i tysdagens rektorvaldebatt som blei leidd av Aslak Bonde.

Foto: Ola Sæther

Over 200 personar hadde benka seg i Sophus Lies auditorium for å få med seg den første valdebatten mellom rektorkandidatane Svein Stølen og Hans Petter Graver. Svein Stølen hadde med seg prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo og viserektorkandidatane Per Morten Sandset og Åse Gornitzka. Hans Petter Graver stilte med prorektorkandidat Inger Sandlie og viserektorkandidat Jan Frich.

Ikkje moralsk førebilete

Ingen av dei to ville gå med på debattleiar Aslak Bondes tese om at ein rektor ved UiO måtte stå fram som eit moralsk førebilete.

– Eg er ein kjemiprofessor som har vore opptatt av å snakka om fagområdet mitt. Om eg blir rektor, vil eg også bruka dekanane til å fronta UiO, svara Svein Stølen.

Hans Petter Graver ville heller ikkje gå med på at han var noko moralsk førebilete: – Eg er opptatt av profesjonsetikk. Og når eg blei interessert i å stilla opp som rektorkandidat, så handla det om to ting: Brexit og Donald Trumps valsiger i USA. Kvar var den viktigaste staden å bruka engasjementet mitt no? Rektorvervet kan brukast til det, sa Graver.

Korleis? spurte debattleiar Aslak Bonde.

– Universiteta får mykje meir å seia i den populistiske straumen som går føre seg. I dag er det ei nedvurdering av akademiske studium. Me må bruka kreftene våre betre. Derfor må UiO opptre sterkt og med stor tyngde i ein slik situasjon, meinte Graver.

Stølen valde å peika på studentane.

–Me må fokusera på studentane for at dei skal bli samfunnsengasjerte borgarar. Rektor åleine kan ikkje ta den jobben, slo han fast.

– Så Team Stølen/Bjørnerud Mo har eit betre program for utdanning, Stølen?

–Ja. Eg synest programmet vårt er betre på utdanning.

– Nei, det er eg ikkje einig i, svara Graver. – Me får den største delen av ressursane våre frå dei 28 000 studentane som er her i året, og som gir eitt år av livet sitt til oss kvart år dei er her. Når det gjeld konkrete studietiltak, overlet me til universitetssamfunnet å bestemma det, lova Graver.

Ikkje einige om eksamenssensur

Etter kvart leidde debattleiar Aslak Bonde rektorkandidatane inn på deira syn på eksamenssensur.

– Me vil ikkje bestemma at det skal innførast grunngjeving for all eksamenssensur. Difor vil me først leggja det fram for ei arbeidsgruppe som skal sjå på det. Det vil ta bort mykje av forskingstida til forskarane, meinte han. Graver delte ikkje Stølens syn på dette. – Tvert imot vil UiO tena på dette. Det vil gi mindre misnøye og færre klagar, meinte Graver. – Me vil prøva det ut, og sjå kva det kostar først, repliserte Stølen.

Fire mot tre

Dei to rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen var heller ikkje heilt på bylgjelengde når det galdt synet på kva rektoratet skal driva med. – Me har eit team på fire personar frå kvar sine fagområde. Sidan tre av dei skal halda fram med å forska i 20 prosent og 40 prosent stilling, vil me halda god kontakt med forskingsmiljøa. Me har difor eit veldig sterkt team, med breitt erfaringsgrunnlag frå fleire ulike fakultet. Sjølv klarte eg å snu eit underskot på Kjemisk institutt på 17 millionar kroner til eit overskot på 10, den tida eg var leiar der. Eg skal bruka heile arbeidstida mi på å leia Universitetet i Oslo, lova Stølen.

Graver hadde ein litt annan filosofi. – Det er nok med tre i eit rektorat når dei brukar heile arbeidstida si på universitetet. Me skal ikkje vera fleire personar enn naudsynt. UiO har altfor mange personar i leiinga som har vore meir opptekne av andre ting enn å leia universitetet, meinte Graver. Og han la til: – Universitetet i Oslo treng ei leiing som snakkar med dei tilsette. Det er umogleg å setja i verk ei avgjerd ovanfrå utan at den får gjennomslag lenger nede, sa Graver.

Stølen viste til korleis dei fekk gjennomført måla sine på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. – Først lagar med eit målbilete, før me set i gang ein prosess. Først begynte me med studentane, før me begynte å bruka den på organisasjonen, forklarte Stølen.

Vil jobba for likestilling

Debattleiar Aslak Bonde ville også vita kva dei ville gjera for likestillinga ved UiO. Han peika indirekte på at begge dei to rektorkandidatane er menn, medan prorektorkandidatane er kvinner.

Graver slepte til først. – Me vil ikkje forandra kvinnene, men vil forandra organisasjonen slik at kvinnene ikkje blir jaga vekk.

Stølen viste til kva som blir gjort ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, der han er prodekan. – Me jobbar for å få opp talet på kvinner i vitskaplege stillingar. Ingen blir tilsett hos utan at dei som tilset, blir spurde om det finst kvinnelege kandidatar.

Ingen frykt for HiOA-rektor

Så fekk dei spørsmål om dei frykta «propellen» Curt Rice som er rektor ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

– Nei, me er slett ikkje redde for han, svara Svein Stølen. – Me samarbeider og har felles interesser. Og Life Science-satsinga til UiO er viktig for heile regionen. UiO skal vera drivkrafta i utviklinga i Oslo-regionen.

Heller ikkje Graver tykte at Curt Rice var skræmande for UiO.

– Curt Rice har vore til stor inspirasjon for oss. Me er næraste nabo til Høgskulen i Oslo og Akershus i sentrum. Når området rundt Kulturhistorisk museum er ferdig utbygd, vil det bli ein flott sjanse til å visa fram Oslo som universitetsby. Det blir svært positivt, syntest Graver.

Står fast på vald leiing

Rektorkandidatane måtte også svara på om dei var fullt og heilt for vald rektor.

– Ja, som dekan var eg ein av to dekanar som var for vald leiing, svara Graver.

– Eg er for vald leiing, svara Stølen.

– Men prorektorkandidaten din, Gro Bjørnerud Mo, har ikkje same syn?

Eg er faktisk for tilsett rektor, svara Bjørnerud Mo sjølv. – Grunnen er erfaringa eg hadde med delt leiing ved UiO då eg i åtte år sat som studiedekan ved Det humanistiske fakultetet. No står eg fullt og heilt saman med Svein Stølen, og vil ha han som vald rektor, sa ho.

Rektorkandidat Hans Petter Graver var opptatt av å visa kva UiO har klart med eit system med vald rektor.

– Det er berre å sjå på korleis universitet har endra seg dei siste åtte åra både på grunn av påtrykk frå Kunnskapsdepartementet og på grunn av eigne avgjerder i Universitetsstyret. Det stemmer derfor ikkje at universitetet har dårleg tilpassingsevne, sa han.

Derimot var han kritisk til dei mange styringsnivåa ved UiO.

– Me må få betre kontakt mellom dei valde leiarane og fakulteta og dekanane, meinte han.

– Så du vil kutta i administrasjonen? ville Bonde vita.

– Nei, det blir ikkje kutta i administrasjonen, sjølv om regjeringa har regjeringskonferansar, svara Graver.

  For første gong i historia blei rektorvaldebatten strømma.

Rektorvalet tar til den 3. april og det vil vera mogleg å stemma heilt fram til den 20. april.

Les meir om rektorkandidatane og teama deira:

Svein Stølen og hans team

Hans Petter Graver og hans team

Emneord: Rektorvalget 2017 Av Martin Toft
Publisert 14. feb. 2017 21:01 - Sist endra 16. feb. 2017 11:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere