– Ingenting kan erstatta det å treffa folk ansikt til ansikt

Heile måndag dreiv rektorkandidat Hans Petter Graver saman med prorektorkandidat Inger Sandlie og viserektorkandidat Jan Frich valkamp på Blindern. – Det er verdifullt og lærerikt å få kontakt med engasjerte studentar og tilsette, synest Graver.

MØTTE STUDENTANE: Rektorkandidat Hans Petter Graver og viserektorkandidat Jan Frich  i samtale med dei to studentane Marius Frans Linus Hillestad (i midten) og Knut Nicholas Figenschou i foajeen i Frederikkebygningen. I bakgrunnen står prorektorkandidat Inger Sandlie og valkampmedarbeidar Maria Nordmo.

Foto: Ola Sæther

Den første miniturneen til team Graver/Sandlie & Frich begynte i P.A. Munchs hus på Det humanistiske fakultetet klokka 08.00. To timar seinare gjekk turen til Eilert Sundts hus og SV-fakultetet, før dei kunne ta turen til Frederikke-bygningen, der dei endeleg også kunne ta ein lunsjpause.

– Engasjerte i universitetsdemokratiet

Då var dei svært nøgde med det dei hadde klart å få til så langt. – Dei som kjem bort til oss er alle svært engasjerte i universitetsdemokratiet. Det viktigaste for oss no er å få endå fleire til å stemma, uansett kven dei stemmer på, seier rektorkandidat Hans Petter Graver til Uniforum.

Og Jan Frich fann ut at mange var svært interesserte i verda utanfor Noreg.

– Me har fått masse respons på spørsmålet om internasjonalisering. Studentane me har møtt, er svært opptekne av det, og korleis dei kan få det til å passa inn i ein bachelorgrad. Derfor må me klara å få til gode samarbeidsavtalar og få lagt opphald ved utanlandske universitet inn i studieprogram på bachelornivå, meinte Frich.

– Dei små faga må få utvikla seg

Hans Petter Graver hadde også fått mange innspel om dei små faga på HF.

– Folk er svært engasjerte på vegner av dei små faga, som til dømes arabisk og italiensk. Me ser ofte på dei som mindre viktige fordi dei er så små. Men skal UiO vera eit sterkt breiddeuniversitet, er det viktig at desse faga også har høve til å utvikla seg. Det er langt vanskelegare å få til enn å utvikla spissmiljø med økonomisk støtte frå styresmaktene og næringslivet, understreka Graver.

– Og der trur eg me kan få til eit samarbeid om koordinering med Universitetet i Bergen, sa Frich.

Både Jan Frich, Inger Sandlie og Hans Petter Graver var nøgde med utbytet av heildagsturneen på Blindern.

– Summen av samtalane gir eit betre bilete av dei konkrete utfordringane, slo dei fast.

Graver meinte også det var viktig å koma seg ut. – Det er ingenting som kan erstatta det å treffa folk ansikt til ansikt. Akkurat det får ein ikkje til gjennom sosiale media, konstaterte han.

Seinare skal dei halda fram turneen til Det juridiske fakultetet, Det medisinske fakultetet og odontologi og Det teologiske fakultetet.

Etter at lunsjpausen var over, sette dei opp ein svært plakat av heile rektorlaget i foajeen i Frederikkebygningen.

– Ingen klar vinnar eller tapar av dei to

Dei første fem minutta var svært rolege, men etter kvart kom både tilsette og studentar bort til dei. To av dei var engelskstudenten Marius Frans Linus Hillestad og historiestudenten Knut Nicholas Figenschou. Båe sit i styret for HFs studentutval (HFSU).

– Begge rektorkandidatane har bra meiningar. Dei seier ja til det som er bra og nei til det som er dårleg, syntest Hillestad.

Også Figenschou var godt nøgd med rektorkandidatane.

– Skilnadene mellom dei går på små nyansar. Det er ingen klar vinnar og ingen klar tapar av dei to. Eg må nok lesa meg meir opp før eg bestemmer meg.  Høg valoppslutnad blant alle studentane, er det me håpar mest på, sa Knut Nicholas Figenschou til Uniforum.

.

 

Emneord: Rektorvalget 2017 Av Martin Toft
Publisert 21. feb. 2017 04:00 - Sist endra 21. feb. 2017 11:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere