Gahr Støre fryktar dei store landa vil ta seg meir til rette

– Dei siste tiåra har både store og små land respektert internasjonal rett. No er det mykje som tyder på at store land heller vil ta seg meir til rette. Det sa Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre, då han besøkte Aktualitetsveka /Aktualitetsuka på SV-fakultetet i går.

MEIR KREVJANDE: – Noreg treng ein allianse som NATO og partnarar som EU, samtidig som me vil vera nabo til Russland. Det er meir krevjande no enn før, sa Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre under Aktualitetsveka på SV-fakultetet i går.

Foto: Ola Sæther

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre kom til UiO i går for å dela sine inntrykk av dei store endringane som har skjedd i internasjonal politikk det siste året. Han tok utgangspunkt i den tida han sjølv var norsk utanriksminister.

Interesse og skilnad

– Då eg hadde dei daglege samtalane med medarbeidarane mine, sette me alltid opp ein firefeltstabell før me diskuterte aktuelle saker. Så stilte me kvarandre to spørsmål: Er dette i Noregs interesse? Kan me gjera ein skilnad? Me har sterk interesse og kan gjera ein skilnad i fleire saker. Grunnen er at me har stor fagleg kompetanse på hav. Noreg har sju gonger meir hav enn landjord. Der har med både petroleumsressursar og fiskeressursar. Derfor må Noreg vera sterk både på havøkonomi og havrett, understreka Støre.

– Så finst det saker der med ikkje har interesser eller ikkje kan gjera ein skilnad. Eit døme er utbygging av ny infrastruktur og rentehopp i USA. Det har mykje å seia for oss, men me kan ikkje gjera noko, slo han fast.

– Internasjonal rett viktig for Noreg

Jonas Gahr Støre kom også inn på Noregs rolle som fredsforhandlar.

– Noreg har bidrege til fred i Colombia utan at Noreg har spesiell interesse av det. Den einaste grunnen er at me byggjer opp Noregs omdømme på den måten, meinte han.

Den siste utviklinga i verda, har uroa Jonas Gahr Støre. – Noreg har ein av verdas mest opne økonomiar og mest digitaliserte samfunn. Difor er me tente med ein rettsorden. For Noreg er derfor folkeretten og havretten svært viktige, konstaterte han.

Gahr Støre trekte fram kor viktig det var at internasjonal rett behandlar alle land likt uavhengig av storleik.

– Dei store landa må underleggja seg rettsordenen. Noreg ligg der det ligg med stormakta Russland som næraste nabo. Ingen andre land har hatt så mykje kontinuerleg behov for kontakt med Russland slik som Noreg har. Eg var med på å få innført ein avtale om grensebuarbevis med Russland, me fekk i stand ein delelinjeavtale i Barentshavet og samtidig har me heile tida hatt eigne avtalar om forvalting av fiskeressursane. Då er det viktige at dei felles avtalane våre er føreseielege, gjenkjennelege og langsiktige. Den norske kystvakta må gripa dei fiskebåtane som fiskar ulovleg, anten dei er norske, russiske eller spanske, slo han fast.

Russland har ikkje landa

No fryktar Gahr Støre at det kan koma skjer i sjøen for dette samarbeidet.

– Det ser ut som om store land no vil ta seg meir til rette. Russland er eit land me aldri har vore i krig med i over tusen år med felles historie. Det var også Den raude armeen som frigjorde Finnmark frå tyskarane under Den andre verdskrigen. Ein kjend Carnegie-forskar har likevel sagt at Russland har eit autoritært styresett og enno ikkje har landa. Sidan 2006 har landet hatt ei kraftig opprusting av forsvaret. Og så kom konfliktane på Krim og i Ukraina. Det likar me ikkje å sjå. Og denne veka blei det avslørt at nokon hadde forsøkt seg med hacking mot Arbeidarpartiet . PST meinte at Russland stod bak. Det er ikkje hyggeleg, sa han.

Etter hans meining var det viktigare enn nokon gong for Noreg å ta vare på interessene sine.

– Noreg treng ein allianse som NATO og partnarar som EU, samtidig som me vil vera nabo til Russland. Det er meir krevjande no enn før, hadde han registrert.

Det autoritære Kina

Den neste stormakta han nemnde var Kina.

– Det har eit folketal på over ein milliard og landet har fått mange hundre millionar ut av fattigdom. Likevel kjem me ikkje forbi at landet har eit autoritært styresett. Dei respekterer dagens internasjonale rettsorden, så lenge den passar for dei, trudde han. Så tok han føre seg EU.

– Den europeiske unionen har ikkje kome seg etter finanskrisa., Det har både fått ansvar og blitt offer for finanskrisa. Misnøya med EU kjem til uttrykk i vala i medlemslanda og ikkje i Brüssel. Det som begynte som ei statsfinansiell krise har utvikla seg til å bli ei sosial krise og ei politisk krise. Landa i aust vil vera med i EU, men Ungarns statsminister vil helst ha eit illiberalt demokrati, konstaterte han.

– Må ikkje venda seg innover

Den siste stormakta han kom inn på var USA. – Då Donald Trump blei vald til president hadde han valspråket «America first». Også då eg var utanriksminister hadde eg «Noreg først!» som rettesnor. Men Noreg skulle ikkje vera åleine. Det går ikkje an å løysa problem i eit samfunn ved å venda seg innover, meinte Gahr Støre.

Trump blei vald til president på grunn av at veljarane i rustbeltet meinte at arbeidsplassar var forsvunne på grunn av globaliseringa og utviklinga av ny teknologi.

Ser til Norden

– I dag meiner økonomane at det er positivt for økonomien at det er god fordeling av goda i eit land, sa Jonas Gahr Støre, Han peika på at under finanskrisene dei siste 20 åra, har økonomane trekt fram landa i Norden som dei som har klart seg best gjennom dei naudsynte omstillingane.

– Den nordiske modellen gir god fordeling og små skilnader mellom folk. Sidan år 2000 er den blitt eit førebilete for korleis det er mogleg å halda oppe stabilitet. Ein viktig grunn til dette er at fagrørsla har stor makt og arbeidstakarane held det dei lovar. I land utan sterke fagforeiningar er det langt oftare streikar, sa Jonas Gahr Støre som meinte at denne modellen snart blir utsett for ei viktig utfordring.

Stortingsvalet avgjer modellen

– Den modellen er oppe til eksamen under Stortingsvalet til hausten. For modellen vår er nemleg ein garanti for at det er mogleg med omstilling. I land med store skilnader mellom folk har det enda opp med Brexit i Storbritannia og med Donald Trumps valsiger i USA, slo han fast.

Støre viste også til ei historie frå Sverige. – Der fekk min partileiarkollega og noverande statsminister Stefan Løfven om han frykta ny teknologi. – Nei, eg fryktar mykje meir gammal teknologi, svara han. Derfor er det bra med ny teknologi ,og med den treng me også ny kompetanse, understreka Jonas Gahr Støre.

– Må auka forsvarsutgiftene

Eit viktig signal som har kome etter dei første vekene med Donald Trump som president i USA, er ikkje til å ta feil av.

– Noreg må nok gjera det som er naudsynt for at forsvarsutgiftene skal nå 2 prosent av brutto- nasjonalproduktet. Då kan me også satsa meir på Cyberforsvaret, meinte han.

Gahr Støre minnest også at for 30 år sidan etterlyste mange eit norsk industrieventyr. – Kvar er Noregs Nokia spurde dei. Ingen spør lenger etter det. Ein gong eg var i Finnmark fekk eg det spørsmålet. Det ligg i havet. Snøhvit er svaret, sa han.

Emneord: Russland, Kina, EU, USA, Norden, SV-fakultetet Av Martin Toft
Publisert 10. feb. 2017 01:50 - Sist endra 23. mars 2017 11:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere