– Viktig for universitetsdemokratiet

– For oss er det fint å treffa folk og at folk kan treffa oss. Det seier rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo medan dei driv valkamp i Niels Treschows hus på Blindern.

VALKAMP: Prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo og rektorkandidat Svein Stølen driv valkamp i Niels Treschows hus. Her prøver dei å overtale stipendiat Alexander Lykke til å gi stemma si til rektorkandidat Svein Stølen.

Foto: Ola Sæther

Inne i foajeen står rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo og deler ut programmet sitt på nynorsk, bokmål og engelsk. Bak dei står ein svær plakat med store bilete av desse to som håpar at nettopp dei kan få mandat av veljarane til å styra Universitetet i Oslo når Ole Petter Ottersen går av som rektor 31. juli.

No brettar me opp erma og brukar heile engasjementet vårt for Universitetet i Oslo. Det er viktig for universitetsdemokratiet, understrekar rektorkandidat Svein Stølen.

Prorektorkandidat på heimebane

For Gro Bjørnerud Mo er Niels Treschows hus heimebane. Det er her ho har hatt sin daglege tur for å utføra jobben som professor i fransk litteratur. Og det er på dette fakultetet ho har vore prodekan for undervisning i åtte år.

– Foajeen her i Niels Treschows hus er viktig, for her kjem studentar og førelesarar på veg til og frå førelesing. Eg synest det er fint å møta studentar og kollegaer her, seier ho til Uniforum. Så går ho bort til kafeen og deler ut programmet til studentar og tilsette ved borda.

Skal delta på mellom 25 og 30 valarrangement

Det er første gongen Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo er ute på stand.

– Me er inviterte til mellom 25 og 30 einingar, foreiningar og interesseorganisasjonar fram mot valet. I tillegg vil me vera mykje på stand. Det gjeld å treffa flest mogleg og få opp engasjementet for dette viktige valet, Me vil bruka all tilgjengeleg tid og litt til på å driva valkamp, seier Svein Stølen til Uniforum. Så går han bort til spanskstudent Peder Østring. – Utdanning er hovudsatsinga vår, får han sagt. Og deretter får han lagt inn nokre velvalde ord om kva som er den beste måten å gi studentane tilbakemeldingar på, medan han også lyttar til innspela frå Peder Østring.

– Godt inntrykk

– Det er kult og det er flott at rektorkandidatane er ute og snakkar med folk. Og det er fint at dei er mottakelege for spørsmål og innspel frå veljarane sine, seier han etterpå.

Førebels har ikkje Peder Østring bestemt seg for kven av rektorkandidatane han skal stemma på. – Svein Stølen har gitt meg eit godt inntrykk. No skal eg setja meg inn i programmet hans for å sjå om det stemmer.

Ikkje bestemt seg

Kinesiskprofessor Halvor Eifring blir også stansa av rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo. Han tar imot valprogrammet, men heller ikkje han er overtydd om kven av rektorkandidatane han skal stemma på.

–Eg har enno ikkje bestemt meg. Dei personane eg kjenner til, set eg stor pris på. No må eg først sjå kva rektorkandidatane gjer under valkampen, før eg finn ut kven eg skal gi stemma mi til. Det vil vera utslagsgjevande for meg. Det aller viktigaste er at det er eit rektorval, understrekar Halvor Eifring.

Alexander Lykke er ein annan som kjem slentrande forbi og stansar for å høyra kva team Stølen & Mo har på hjarta. – Som stipendiat i lingvistikk er eg sjølvsagt mest oppteken av situasjonen for dei mellombels vitskaplege tilsette, sidan eg truleg sjølv vil hamna mellom dei i byrjinga av karrieren min, fortel han.

– Viktig å bruka stemmeretten

– Men kjem du til å stemma under rektorvalet?

– Ja, det skal eg heilt klart. Enno har eg ikkje klart for meg kven av kandidatane eg skal stemma på. Så skal eg informera meg godt på førehand før eg bestemmer meg for kven eg skal stemma på. Det er viktig at me brukar stemmeretten vår, seier han.

Rektorkandidat Svein Stølen er nøgd med standen dei hadde på HF.

–Ja, det er eg. No er det berre seks veker igjen til valet startar. Bodskapen vår er at me skal jobba vidare i spenninga mellom strategien til UiO og det som står i rapporten til den internasjonale ekspertgruppa, altså SAB-rapporten. Målet vårt er å setja i gang tiltak, som tar oss vidare steg for steg, slår han fast.

 

Emneord: Rektorvalget 2017 Av Martin Toft
Publisert 28. feb. 2017 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere