Svein Stølens rektorlag: Utdanning og arbeidsmiljø er viktigast

– Me er opptatt av eit godt arbeidsmiljø og ein heilskapleg personalpolitikk slik at me får dei best moglege folka i organisasjonen. Saman med satsing på utdanning blir det det aller viktigaste for oss, seier rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo ved UiO.

SAMSPEL: Prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo og rektorkandidat Svein Stølen vil at alle på UiO skal trekkja betre saman. – Difor er me nøgde med ordet «samspel» som slagord for rektorteamet, fortel dei to.

Foto: Ola Sæther

Det kom fram då rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidaten hans, Gro Bjørnerud Mo i går lanserte valplattforma. Og ifylgje dei to var det heilt tilfeldig at den var klar ei

Kort om valplattforma til rektorlaget til Svein Stølen:

Om arbeidsmiljø:

Lovar å byggja ein inkluderande kultur som fremjar godt fellesskap mellom ulike grupper tilsette og einingar i organisasjonen.

Om utdanning:

Vil ta tilbake definisjonsmakta over utdanningskvaliteten

Vil setja av økonomiske ressursar til ei satsing på studium ved UiO

Lovar å intensivera arbeidet med å sikra at studentane får god oppfylging både fagleg og sosialt

Dei vil tilby forskingsnære og studentaktive læringsformer

Vil sikra at undervisning blir meritterande

Om forsking:

Vil utvikla spissa insentiv og støttemekanismar for at forskarar ved UiO skal lykkast i å få ekstern finansiering av kvalitetsforsking

Vil satsa på fleire ordningar som vil støtta opp om tiltak på tvers av fag

Lovar å jobba for å styrkja rammevilkåra som sikrar kvalitet og sjølvstende i forsking

Vil ha eit sett av verkemiddel for rekruttering og karriereutvikling spesielt tilpassa gruppa av yngre, lovande forskarar frå ph.d. til unge fast tilsette

Vil sikra at kompetansen som blir bygd via ulike senterordningar, blir tatt vare på etter at levetida til sentra er over

Overfor samfunnet:

UiO skal heva utdanningskvaliteten

UiO skal bidra meir effektivt til å løysa dei store utfordringane i samfunnet

Vil leggja til rette for gode forhold for innovasjon

Vil sikra at undervisning blir meritterande

Vil satsa på forskings- og utdanningsleiing

Ynskjer karriereutvikling for ph.d.-kandidatar, postdoktorar og forskarar

Dei støttar opp om alle dei planlagde byggjeprosjekta ved UiO

veke etter at jussprofessor Hans Petter Graver kunngjorde at han ville stilla som rektorkandidat og samtidig lanserte si valplattform.

– Ja, me ynskte å snakka med flest mogleg først, og me har jobba med det sidan me lanserte kandidaturet vårt i fjor haust. Sjølv trur eg at eg har vore i lange samtalar med meir enn 50 personar sidan den gongen, seier Svein Stølen til Uniforum. – Og eg har også snakka med fleire titals personar, opplyser Gro Bjørnerud Mo.

«Samspel» blir slagordet

I valplattforma legg dei vekt på at dei vil få alle grupper av tilsette og studentar ved Universitetet i Oslo til å trekkja betre saman.

– Difor er me nøgde med ordet «samspel» som slagord for rektorteamet, fortel dei to.

I valplattforma har dei mange hovudprioriteringar. Når Uniforum ber dei nemna det dei brenn aller mest for, nøler ikkje prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo med å svara på det.

– Utdanning er det som er sentralt for meg, og det er det som gjer at eg stiller opp som prorektorkandidat. Med Kvalitetsmeldinga for høgare utdanning rett rundt hjørnet har det også kome inn ein tydeleg energi på dette området, som også gir oss ytterlegare kraft til å jobba med dette. Difor snakkar eg ofte med dei beste undervisarane våre og med studentane våre. Målet er at alle studentane skal bli nøgde, understrekar Bjørnerud Mo.

Lovar ein heilskapleg personalpolitikk

Rektorkandidat Svein Stølen er oppteken av både forskinga og arbeidsmiljøet. – Universitetet i Oslo har ein svært god kompetanse på mange område. Universitetet er godt i dag, men me kan bli endå betre. Likevel er det aller viktigaste for oss no at me får utvikla eit godt arbeidsmiljø og ein heilskapleg personalpolitikk, slik at me får best mogleg folk inn i alle stillingar ved Universitetet i Oslo, slår han fast.

Ueinige om vald eller tilsett rektor

Rektorkandidat Svein Stølen og prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo er einige om mykje, men det er eit viktig punkt der dei har ulike standpunkt.

– Eg har tidlegare gitt uttrykk for at eg helst vil ha tilsett rektor ved UiO, vedgår Gro Bjørnerud Mo. – Grunnen er at eg som studiedekan ved Det humanistiske fakultetet særleg sakna ei meir strategisk utdanningsleiing ved UiO. No er avgjerda om at det skal vera vald rektor ved UiO tatt, og det legg eg og heile teamet til grunn i rektorvalkampen, seier ho.

Svein Stølen har vore ueinig med prorektorkandidaten sin i det spørsmålet. – Eg er for vald rektor, og no har også Universitetsstyret vedtatt at det skal vera det. Dermed blir det slik også dei neste fire åra. Me to har ulikt syn på dette, men det er ikkje vanskeleg å jobba saman. Men me må jobba med å få levande val med fleire kandidatar. Som prodekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har eg saman med dekan Morten Dæhlen to gonger blitt vald utan motkandidatar. Det er lite heldig for universitetsdemokratiet, synest han.

Fleire kandidatar gir vald rektor legitimitet

– Kva synest de om at jussprofessor Hans Petter Graver også stiller som rektorkandidat?

– Det er bra at det blir meir enn eitt team. For det vil gi mykje meir legitimitet til den som til slutt vert vald som rektor, seier Bjørnerud Mo og Stølen.

– Kvifor skal folk stemma på dykk under rektorvalet og ikkje på rektorteamet til Hans Petter Graver?

– Me er opptatt av å få til tydelege tiltak som er moglege å gjennomføra. Og eg trur me vil vera flinkare til å få gjennomføra det me har bestemt oss for. Dessutan har me eit rektorlag som avspeglar mangfaldet på UiO. På den måten utfyller me kvarandre, meiner Svein Stølen. Og Gro Bjørnerud Mo fylgjer opp:

– Svein Stølen som rektorkandidat og viserektorkandidat Per Morten Sandset er godt inne i forsking innanfor medisinske og naturvitskaplege fag, medan eg sjølv og Åse Gornitzka kan mykje om forskinga på humaniora og samfunnsvitskap, konstaterer ho.

– Betre studiekvalitet og meir nøgde studentar

– Og om de vinn rektorvalet, korleis vil veljarane dykkar merka at de har styrt UiO etter fire år?

– Dei vil merka at me vil ta ut interne prosessar på ein god måte. Me vil koma med ny energi. Me vil vera tett på eigen organisasjon, samtidig som me også vil vera synlege eksternt. Kunnskaps-Oslo vil me også satsa på, og her må Universitetet i Oslo i større grad vera ein drivar for vidare utvikling. Det er garantien for at det blir bra, seier Svein Stølen.

– Dessutan vil UiO ha endå betre studiekvalitet og endå meir nøgde studentar. Og så vil me få til nye samarbeidsformer på tvers, slik at dei nest flinkaste kan bli lærde opp av dei flinkaste, seier Bjørnerud Mo.

Første sjanse til å finna ut om kva som skil dei to rektorkandidatane Svein Stølen og Hans Petter Graver frå kvarandre, får veljarane på UiO tysdag 14. februar. Då går den første rektorvaldebatten av stabelen. – Me håpar så mange som mogleg vil koma, seier Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo.

Les heile valplattforma til rektorlaget til Svein Stølen.

Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2017 15:27 - Sist endra 19. jan. 2017 15:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere