Ole Petter Ottersen skuffa over diskusjonen om relevans

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er svært skuffa over diskusjonen om relevans på Kontaktkonferansen. - Denne måten å definera relevans på vil virka konserverande på utviklinga av det norske samfunnet, synest han.

AMATØRMESSIG: - Handteringa av diskusjonen om relevansomgrepet på denne konferansen, var svært amatørmessig til å vera på ein konferanse på aller høgaste nivå i Noreg, tykkjer UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Foto: Martin Toft

UiO-rektor Ole Petter Ottersen har funne både negative og positive sider ved det som har kome fram om kvalitet i høgare utdanning under kontaktkonferansen for universitet og høgskular i Oslo i dag.

- Relevans viser seg ofte i etterkant

- Eg er svært skuffa over diskusjonen rundt relevansomgrepet, vedgår han overfor Uniforum. 

- Handteringa av diskusjonen om relevansomgrepet på denne konferansen, var svært amatørmessig til å vera på ein konferanse på aller høgaste nivå i Noreg. Den vil virka konserverande på utviklinga av det norske samfunnet. Relevans er eit tøyeleg omgrep, men diskusjonen rundt det, må skje på ein sofistikert måte, tykkjer han. - Heldigvis blei inntrykket retta opp av innlegget til  statssekretær Karin Röding i det svenske utdanningsdepartementet.   Ho hadde ei mykje meir sofisitikert tilnærming til det viktige og vanskelege omgrepet "relevans", understrekar Ottersen.

- Relevans er vanskeleg å visa i forkant. Ofte viser den seg i etterkant, peikar han på.

Forsking på andre felt gav oss elektriske bilar

Ottersen grunngjev det med å visa til eit døme frå bilindustrien. 

- Me hadde aldri fått elektriske bilar, om ein ikkje hadde trekt inn forsking  og utdanning på heilt andre felt enn det som ein opprinneleg såg som relevant innanfor bilproduksjon, til dømes forsking på batteriteknologi, konstaterte han.

- Positivt at undervisning skal bli meritterande

Ole Petter Ottersen er derimot nøgd med andre delar av det varsla innhaldet i den komande kvalitetsmeldinga.

- Det er positivt at det skal bli meir meritterande å undervisa enn tidlegare. Det kan heva statusen til dei gode undervisarane, seier han.

Ottersen tvilar på om lønn åleine vil  verka tilstrekkeleg meritterande, og peikar også på utfordringar ved å bruka lønn som merittering.

- I kor stor grad lønn kan få noko  å seia her, kan bli ein vanskeleg diskusjon. Dessutan er det positivt at Kunnskapsdepartementet vil oppretta ein portal som kan informera komande studentar om tilbod på utdanning og innblikk i kva kvalitet er for noko, seier han til Uniforum. 

- Lovande nyhende

Også Forskarforbundet er godt nøgd med dagens nyhende frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om at det vil stillast krav til meritteringsrordningar for undervisning ved alle høgare utdanningsinsittusjonar. Samtidig skal det også utarbeidast betre karrierevegar for undervisarar:

- Torbjørn Røe Isaksen kjem med lovande nyhende. Betre karrierevegar og meritteringsordningar for undervisning vil tyda at undervisning vert verdsett høgare enn i dag, og vil vera eit viktig gjennomslag for Forskarforbundet, sier leiar Petter Aaslestad i ei pressemelding.

Glad studentleiar

Norsk studentorganisasjon er også svært positiv til at det skal bli meir meritterande å undervisa.

- Det er med stor glede me ser at det no blir meir attraktivt for faglege tilsette å satsa på undervisningsarbeid. Meritteringssystem saman med høgare krav til utdanningskompetanse for professorstillingar og dosentstillingar er dei viktigaste tiltaka for å gi studentane betre undervisning, oppfylging og rettleiing i studia, seier Marianne Andenæs, som er leiar for Norsk studentorganisasjon.

Ho er svært nøgd med at kvalitetsmeldinga vil innehalda tiltak som krav til sensorrettleiing, samarbeid med arbeidslivet og faglege fellesskap og merittering. Etter hennar meining har dei vore mellom innspela Norsk studentorganisasjon har spelt inn til arbeidet med meldinga.

- Det me har høyrt  i dag om faglege fellesskap, sensorrettleiingar og samarbeid med arbeidslivet, fortel oss at denne stortingsmeldinga kan bli studentane si melding, seier Marianne Andenæs i ei pressemelding.  

 

 

Emneord: Utdanning, Regjeringen Av Julia Loge og Martin Toft
Publisert 17. jan. 2017 15:12 - Sist endra 17. jan. 2017 16:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere