Nyopna Sophus Bugges hus

I dag blei Sophus Bugges hus på Blindern nyopna etter å ha vore under oppussing i eitt og eit halvt år. UiO-rektor Ole Petter Ottersen og HF-studentane Ida Kristine Gangstø Berg og Knut Figenschou utførte den offisielle opninga.

OPNA SOPHUS LIES HUS: UiO-rektor Ole Petter Ottersen gjenopna offisielt Sophus Bugges hus saman med studentane Ida Kristine Gangstø Berg og Knut Figenschou.

Foto: Ola Sæther

Studentane fekk masse skryt frå både HF-dekan Arne Bugge Amundsen og UiO-rektor Ole Petter Ottersen for innsatsen for å få gjennomført ei oppussing av Sophus Bugges hus.

Eg veit at studentane har stått på for å få dette til. Og de vil koma til å trivast her, sa Ottersen i opningstalen sin. Han trekte også fram kor viktig læringsmiljøet er for studentane.

Stolt universitetsleiing

Infrastrukturen har mykje å seia for studentar si læring og kunnskap. No er Sophus Bugges hus blitt eit moderne bygg for undervisning og læring, understreka han. 

Ottersen gav også honnør til Det humanistiske fakultetet.  Universitetsleiinga er stolt over det som fakultetet gjer for læringsutvikling, slo han fast. 

Målet er betring av læringsmiljøet

HF-dekan Arne Bugge Amundsen var også svært glad for at studentane kan ta i bruk lesesalane, biblioteket og studentklubben Uglebo igjen. Ei betring av læringsmiljøet på HF har heile tida vore målet med oppussinga. Det er med stor glede me ser at det er blitt prioritert av Universitetsstyret. Me er glade for å kunna ta imot studentar i dette bygget, sa han. 

 Min andre heim

Leiaren for Filologisk foreining, Ida Kristine Gangstø Berg, var nøgd med å få koma tilbake til denne bygningen.

Sophus Bugges hus vart min andre heim fordi eg var aktiv både i Filologisk foreining og i Uglebo. Uansett kvar i bygningen me er, vil me føla oss heime her, meinte ho. 

For leiaren for HFs studentutval, Knut Figenschou blir det ei ny oppleving.  Eg er ein av dei studentane som begynte i semestra frå 2015 og fram til no, og me har aldri fått brukt Sophus Bugges hus. Difor blir dette ein ny kvardag og eit nytt miljø for oss. Derfor er det på tide å finna mitt eige hjørne her, sa han.

Håpar på toppnivå i miljøsertifisering

Eigedomsdirektør John Skogen understreka at dei hadde håp om at bygningen skulle nå opp på eitt av dei aller høgaste nivåa for den internasjonale miljøsertifiseringa BREEAM. Då må me få minst 70 poeng, og det reknar me med å klara. Dette er ein verna bygning, så det set sine avgrensingar for kva me klarer å få til. Me har skifta ut ventilasjonsanlegg og bygt mange nye energibrønnar. Totalt har me klart å redusera energibruken med 58 prosent. Difor har me kome opp frå ein dårleg energikarakter til ein svært god ein, opplyste han. 

Ein god plass å læra

Biblitoteksdirektør Bente Andreassen var svært oppglødd av det ho hadde sett i Sophus Bugges hus.

Biblioteket er blitt ei perle og kan bli til stor inspirasjon for studentane sin innsats i tida framover. Alt ligg til rette for at det blir ein god plass å vera og å læra, trudde ho.

Markeringa av det nyopna Sophus Bugges hus er ikkje ferdig med dette. I heile tre dagar til ende vil det bli arrangert forelesingar, seminar og kulturhendingar for å feira at studentar og tilsette ved Det humanistiske fakultetet igjen kan ta i bruk Sophus Bugges hus.

MARSIPANKAKE TIL ALLE: Etter nyopninga av Sophus Lies hus var det utdeling av marsipankake og kaffi til alle. (Foto: Ola Sæther)

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Humaniora, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 25. jan. 2017 15:55 - Sist endra 25. jan. 2017 16:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere